Hopp til innhold

NRK-reporter på koronastengt Burger King: – Dei stod tett, tett, tett

NRK-reporter Hallvard Sandberg besøkte Burger King ved Telemarksporten rett før restauranten blei stengt fordi ein av dei tilsette testa positivt for korona.

Burger King Telemarksporten

MIDLERTIDIG STENGT: Som følgje av utbrotet er den populære restauranten Burger King ved Telemarksporten stengt inntil vidare.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Det var mølje bak disken, seier Sandberg, som har dekka koronapandemien i lang tid som journalist i NRK. Han var lite imponert over det han såg av smitteverntiltak på staden.

Burger King Telemarksporten

Ein av de tilsette ved Burger King her i Porsgrunn testa positivt på ein hurtigtest for korona. 13 tilsette som har vore i kontakt med vedkommande er sett i karantene i påvente av test, men kommunelegen har ikkje funne mistanke om smitte for gjestene eller smitte gjennom maten.

Foto: Hallvard Sandberg / NRK

Sandberg besøkte den aktuelle restauranten seinast på fredag. Måndag stengde restauranten etter at ein tilsett hadde testa positivt for koronaviruset.

Han var også på restauranten 25. juli. Ifølgje Sandberg var det då nærast umogleg å halde oppe tilstrekkeleg avstand, og han synest synd på dei tilsette då han var innom.

– Dei stod tett, tett, tett over lang tid, og ingen hadde vern av noko slag.

Han seier at pågangen frå kundar på den populære staden var for stor og at talet på kundar burde vore tilpassa talet på tilsette.

– Viss det var berre ein tredel av dei som var til stades på jobb, så kunne dei greie å halde avstand, seier Sandberg.

Tom Nilssen og Hallvard Sandberg sammen i studio i forbindelse med nyhetssending om koronakrisen.

Hallvard Sandberg (t.h.) har dekt koronapandemien for NRK sidan utbrotet starta. Her er han i studio med programleiar Tom Nilssen.

Foto: Torstein Bøe / NRK

«omfattande smitteverntiltak»

– Det er ikkje hyggeleg å høyre at han opplevde det på den måten, seier Rune Sandvik, administrerande direktør i Burger King til NRK.

Rune Sandvik

LITE SANNSYNLEG: Rune Sandvik håper at ingen av gjestane deira har blitt smitta på Burger King. – Slik det ser ut frå ordførar og kommunelege, verkar det som det er lite sannsynleg at nokon blei smitta etter besøk hos oss.

Foto: Bo Mathisen / Bo Mathisen

Ifølgje Sandvik var det maksimalt ni tilsette på jobb samtidig den eine aktuelle fredagen, og mellom 30 og 35 «selskap» inne på restauranten under den mest besøkte timen.

Han seier dei har «ganske omfattande» smitteverntiltak på restauranten ved Telemarksporten, som er godt besøkt om sommaren.

Blant tiltaka er pleksiglas i kassa og fleire stader i lokalet, markeringar på golvet som oppmodar til avstand, avstengde bord og leikeland, spritdispensarar, eingongshanskar til kundar, skilt med informasjon om korona og hyppig vask av overflater, som kundar er i kontakt med.

Avgrensar de talet på kundar som kan kome inn samstundes?

– Vi gjer vårt beste for å halde det under kontroll, blant anna har vi justert med to inngangar når det er ekstra trykk.

Kva for reglar følger dei tilsette med tanke på avstand?

– Vi snakkar mykje med våre medarbeidarar om kor viktig det er å tenke seg om, men så blir det krysningspunkt, som på kvar ein arbeidsplass. Dei har fått beskjed om at dei skal bevege seg fram og tilbake, og ikkje bli ståande lenge på ein stad.

Sandvik håper at ingen av gjestene deira har blitt smitta på Burger King.

– Slik det ser ut frå ordførar og kommunelege, verkar det som det er lite truleg at nokon blei smitta etter besøk hos oss.

Mattilsynet: Liten risiko for smitte

Kommunen er nå i full gang med smittesporing og tar kontakt med med moglege nærkontaktar – personar som har vore i kontakt med smitta, opplyser Porsgrunn kommune.

13 tilsette som har vore i kontakt med vedkommande er sett i karantene i påvente av test, men kommunelegen har ikkje funne mistanke om smitte for gjestene eller smitte gjennom maten. Ingen gjester må i karantene eller til test etter besøket på Burger King.

Som følgje av utbrotet er restauranten stengt inntil vidare og får ein grundig nedvask. Både ordføraren i Porsgrunn kommune og Burger King rosar kvarandre i arbeidet med smittesporing.

Førebels er det ikkje dokumentert at nokon har blitt smitta av covid-19 gjennom mat.

Risikoen ligg likevel gjennom smitte på til dømes burgarpapiret. Dersom ein tek på papiret for så å ta seg i auget eller nasen, er moglegheita for smitte større, men den risikoen er likevel òg liten, ifølgje Mattilsynet.

– Så langt har verken vi eller nokon andre vi har hatt kontakt med oppdaga tilfelle der nokon har blitt smitta av SARS-CoV-2 viruset gjennom å ete mat eller ta på matemballasje, seier seniorrådgivar Cathrine Signe Svindland.

AKTUELT NÅ