Hopp til innhold

Smitta Burger King-tilsett var i kontakt med mat

Burger King-restauranten ved Telemarksporten er stengd etter at ein tilsett testa positivt for korona. Han har vore i kontakt med mat og gjester.

Burger King Telemarksporten

STENGT: Ein tilsett har testa positivt for COVID-19 ved denne restauranten.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Den tilsette har vore på jobb onsdag 5. august og fredag 7. august mellom 10:00 og 15:30. Vedkommande fekk symptom søndag og testa postivt seinare søndag kveld den 9. august.

– Medarbeidaren har ekspedert gjester og vore i kontakt med mat, seier administrerande direktør i Burger King, Rune Sandvik, som også legg til:

– Den tilsette har ikkje stått på kjøkkenet og produsert sjølv, men har vore i kontakt i samband med å gje ut maten.

Til NRK fortel Porsgrunn kommune at den smitta skal ha vore ute blant gjestene for å rydde.

Plakat på Burger King Telemarksporten

Denne lappen heng i vinduet.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Tilsette i karantene

– 13 tilsette som har vore i kontakt med vedkommande er sett i karantene i påvente av test, seier Sandvik til NRK.

– Nå skal me få kontroll på situasjonen, i samarbeid med kommuneoverlegen. I fyrste omgang inneber det å få testresultata frå dei tretten medarbeidarane som har blitt testa, seier han vidare.

Dei prøvar å få kartlagt om fleire av dei tilsette i restauranten er smitta.

Han kan heller ikkje garantere at nokon av gjestene ikkje er smitta, men seier dei har eit tett samarbeid med kommunelegen om korleis dei skal følgje det opp.

Restauranten som ligg langs E18 ved Telemarksporten, er ein populær stoppestad.

Jobbar med smittesporing

Kommunen er nå i full gang med smittesporing og kontakt med moglege nærkontaktar opplyser Porsgrunn kommune.

Kommunelegen har ikkje funne mistanke om smitte for gjestene eller smitte gjennom maten. Ingen gjester må i karantene eller til test etter besøket på Burger King.

Dette kan vere det fyrste tilfellet av ein person med koronasmitte i Porsgrunn sidan april.

Den fyrste prøva som blei teke av den Burger King-tilsette var ein såkalla hurtigtest, som kan slå ut både positivt og negativt.

Hurtigtesten må bekreftast med vanleg test. Denne er teke, og svaret ventast utover dagen.

Stengt inntil vidare

Sandvik fortel vidare at restaurantsjef på Telemarksporten, Olav Bæverfjord, har vore i møte med kommunelegen om vidare tiltak i prosessen.

Som følgje av utbrotet stenger dei restauranten inntil vidare.

– Me held på med grundig nedvask av restauranten nå, seier Sandvik, som legg til at dei har ein løpande dialog med kommunelegen når det gjeld å opne restauranten att.

Gjester kan ta kontakt

Burger King ber gjestene som har vore innom i perioden om å følgje retningslinjene gjeve av Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Dei viser også til Helsedirektoratets heimesider for informasjon.

Vidare opplyser dei at gjester med øvrige spørsmål kan ta kontakt med Burger King.