Hopp til innhold

Norske Imad vart fengsla i Gaza – seier han vart banka opp av IDF

Nordmannen seier han vart slått fleire gongar medan han var fengsla. Det førte òg til at han fekk eit epilepsianfall, ifølgje familien.

Imad Anwar Mosleh på grensa ved Rafah

Søndag venta Imad Anwar Mosleh på å sleppe ut frå Gaza, etter å ha sete fast der i fleire veker.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Då norske Imad Anwar Mosleh var på veg sørover frå Nord-Gaza 20. november, vart han stoppa av Det israelske forsvaret (IDF).

Så vart han arrestert. Det bekreftar òg Utanriksdepartementet til NRK.

Ifølgje Mosleh sat han fengsla i to dagar.

– Eg har aldri drøymt om at eg skulle oppleve ein slik situasjon. Dei slo meg. Dei gav meg ikkje mat eller medisin, seier han til eit lokalt team i Gaza som NRK samarbeider med.

Han er éin av 56 personar med norsk tilknyting som etter planen skulle få kome ut av Gaza søndag. 25 av dei er barn.

Bilete av Mosleh som er tatt dagen han vart lauslaten, viser tydelege skader.

Hender:  Skader på Imad Anwar Mosleh

På hendene til Imad Anwar Mosleh er det tydelege merker som ser ut til å stamme frå håndjern eller tau som har vore hardt festa.

Hode: Skader på Imad Anwar Mosleh

På sida av hodet har Mosleh blåmerker.

Panne: Skader på Imad Anwar Mosleh

I panna har Mosleh eit delvis gjengrodd sår.

Blåmerke:  Skader på Imad Anwar Mosleh

Eit stort blåmerke er synlig rundt venstre auge.

IDF bekreftar at Mosleh vart fengsla, og seier han vart sjekka og deretter lauslaten. Dei har ikkje kommentert fråsegna om valden.

Seier han fekk epilepsianfall etter å ha vorte slått

Mosleh hadde vore i Gaza for å besøke familie i nokre veker då Israel erklærte krig mot Hamas 7. oktober.

Då hadde han ikkje vore der på fleire år.

Nesten heilt sidan krigen braut ut, har Israel bede sivilbefolkninga i nord om å reise sørover. Det var det Mosleh gjorde då han vart stoppa på Salah al-Din, hovudvegen mellom nord og sør.

– Broren min gjekk med kvitt flag og kvite sko for å signalisera fred, fortalde systera hans i Noreg til NRK då han vart lauslaten.

Fetteren hans vart òg stoppa, men vart lauslaten kort tid etter. Mosleh, derimot, vart sendt til eit israelsk fengsel i to døgn der han seier at han vart slått fleire gongar. Han fekk òg eit epilepsianfall, ifølgje faren hans.

Då skal han ha vorte tatt med til eit sjukehus for å få medisin, men så skal han ha vorte sendt tilbake til fengselet.

Bekymra familie

Det var fetteren som fortalde resten av familien at Mosleh sat fengsla. Då faren Anwar Mosleh fekk vite at sonen var fengsla, tok han kontakt med Utanriksdepartementet.

– Det er forferdeleg. Eg kan ikkje beskrive det. Det var veldig mykje bekymring blant familien her, seier han til NRK.

Ifølgje faren har ikkje Mosleh noko tilknyting til Hamas eller andre grupperingar i Gaza.

– Ingen. Han har ikkje vore i Gaza på seks, sju år. Ingen i familien har tilknyting til Hamas heller, seier han.

Imad Anwar Mosleh på grensa ved Rafah

Totalt 56 personar med norsk tilknyting fekk lov til å reise ut frå Gaza søndag, mellom anna Imad Anwar Mosleh.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Søndag kom Imad Anwar Mosleh endeleg ut frå Gaza, i lag med fleire andre med norsk tilknyting.

– Eg er glad for å reise frå Gaza, men eg er redd for familien min her, sa han søndag føremiddag.

Totalt er det 270 personar med norsk tilknyting som har bede Utanriksdepartementet om hjelp til å komme seg ut frå Gaza.

24 nordmenn ut av Gaza søndag

NRK har spurt Utanriksdepartementet om dei vil føreta seg noko overfor Israel om historia til Mosleh stemmer.

– Dette er ein type konsulærsak der eg ikkje kan gå inn på detaljar. I slike saker har me teieplikt, seier Ane Lund, kommunikasjonsrådgjevar i UD.

24 personar med norsk tilknyting er i ferd med å forlate Gaza, opplyser Utanriksdepartementet til NRK søndag ettermiddag.

– Dette er veldig gledelege nyheiter. Men me er framleis bekymra for dei norske som ikkje kom seg over grensa i dag, uttaler utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

UD seier dei har dialog med dei aller fleste som har norsk tilknyting i Gaza, anten direkte eller via pårørande i Noreg. Ikkje alle vil krysse grensa.

– Nokon personar oppnår me ikkje kontakt med og har ikkje hatt kontakt med den siste tida. Det bekymrar oss, seier Eide.

Saka vart oppdatert 5. desember klokka 11.08 med stadfesting frå IDF om at Mosleh vart fengsla. Dei fekk moglegheit til å kommentere saka før publisering, men svara ikkje før etter publisering.

AKTUELT NÅ