Hopp til innhold

Norge held fram redningsaksjonar i Middelhavet

Norge skal forlenge oppdraget i Middelhavet med å redde flyktningar, og statsminister Erna Solberg (H) lovar meir pengar frå regjeringa.

Haakon Bolstad og migrantene

FEKK ROS: Statsminister Erna Solberg (H) rosar mannskapet på Siem Pilot over innsatsen dei har lagt ned. Her er Haakon Bolstad i i kvite klede, i mottaksapparatet på båten.

Foto: KRIPOS

– Frontex har bede Norge om å forlenge oppdraget med, i første omgang, med tre månader, sa statsminister Erna Solberg (H) måndag då ho vitja Kripos.

Der møtte ho mannskap frå det norske skipet «Siem Pilot» som deltek i redningsaksjonar i Middelhavet.

Rosa mannskap og lova meir pengar

Erna Solberg (H)

LOVAR PENGAR: Måndag var statsminister Erna Solberg (H) hos Kripos. Ho lova meir pengar til redningsaksjonane i Middelhavet.

Foto: Trude Bakke / NRK

– Historia og bileta frå Middelhavet stadfestar at de gjer ein forskjell. Utan innsatsen de har lagt ned ville fleire mista livet på vegen til Europa, sa Solberg til mannskapet.

Avtalen Norge har med Frontex, EU sitt grensekontrollbyrå, går ut i november.

– Vi kjem til å forlenge oppdraget etter at avtalen går ut. Og regjeringa vil, når statsbudsjettet vert lagt fram, foreslå å auke løyvingane slik at vi kan forlenge bidraga ytterlegare om det er ønskjeleg frå Frontex si side, sa statsministeren.

Det står framleis att formelle avklaringar for bidraga neste år, men regjeringa ønskjer å halde fram den norske innsatsen for å redde liv.

– Kven tek rekninga?

– Dette vil bli særskilde løyvingar, seier Solberg.

Redda fleire tusen

«Siem Pilot» er ein del av EU sin Operasjon Triton i Middelhavet.

Triton er retta mot kontroll av EU sine yttergrenser, og får kvar månad 75 millionar kroner i månaden til arbeidet dei gjer.

Så langt i år har over 188 000 flyktningar blitt redda under flukta over Middelhavet. Båtane dei sit er dårlege, ofte laga av gummi, og dei færraste har redningsvest på seg ombord.

– Eg trur eg kan seie at heile det norske folket er imponerte over innsatsen de har lagt ned, sa statsministeren.

Mange barn, fleire reiser aleine

Kvinner og barn på Siem Pilot

REDDA: Svært mange barn er i flyktningebåtane, og Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) er uroa over at talet stadig aukar.

Foto: KRIPOS

Tidleg i august vart 395 flyktningar redda av det norske skipet i ein ny redningsaksjon nordaust i Middelhavet, på grensa mellom det italienske og maltetiske ansvarsområdet.

I båten som flyktningane sat i var det 30 barn under fem år og nærare 100 gutar mellom ti og 15 år. Dei reiste aleine.

Dei to siste redningsaksjonane skipet har vore involvert i har ført til at nærare 250 barn er blitt redda.

Tal frå august viser at over 2000 har omkome i på vegen over Middelhavet.

Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) seier ferda over Middelhavet er ei av dei farlegaste rutene flyktningane kan legge ut på.

Vil ha naudevakuering

Nær 100 000 flyktningar er komne til Italia, og Helles opplever stadig press.

Søndag bad FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) om at flyktningane som er komne til den greske øya Lesvos vert frakta vekk.

Fleire av flyktningane som legg ut på turane vert sjuke om bord, og det er mangel på både vatn og mat under overfarten.

Siem Pilot reddet 785 båtflyktninger i Middelhavet. 27 av dem var barn.

AKTUELT NÅ