Hopp til innhold

Noreg får refs for tvang i psykiatrien

Europarådet kritiserer Noreg for omfattande bruk av tvang i psykiatrien og meiner tvungen elektrosjokkbehandling kan vera i strid med menneskerettane. Trist og alvorleg, meiner Rådet for psykisk helse.

Europarådet refsar Noreg for brukt av tvang i psykiatrien

Noreg bør redusera tvangsbruken i psykiatrien drastisk og endra lovverket for å sikra større grad av samtykke i medisinsk behandling, skriv Europarådet sin kommissær for menneskerettar, Nils Muižnieks, i ein ny rapport.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Den utstrekte bruken av ufrivillig medisinsk behandling og tvangsinnlegging av psykiatriske pasientar i Noreg er urovekkjande, meiner Europarådet sin kommissær for menneskerettar.

I 2013 var 16 prosent av innleggingane og 30 prosent av opphaldsdøgna i psykisk helsevern for vaksne. 5400 personar blei tvangsinnlagde totalt 7700 gonger, viser tal frå Helsedirektoratet.

I ein fersk rapport tilrår kommissæren at Noreg drastisk reduserer tvangsbruken.

Etterlyser lovendring

Rapporten påpeikar at norske styresmakter ikkje oppfylte målet sitt for 2013 om å redusera talet på ufrivillige innleggingar og behandlingar med fem prosent. Omfanget av tvangsbruk er nærmast uendra sidan datainnsamlinga starta i 2007.

Kommissæren etterlyser ei lovendring som i større grad sikrar medisinsk behandling basert på fritt informert samtykke, med unntak av livstrugande naudtilfelle der personen garantert er ute av stand til å ta ei sjølvstendig avgjerd.

– Me veit at det blir brukt unødig mykje tvang, det uroar oss. Eg håpar at denne rapporten blir teken på alvor og at den bidreg til eit mykje meir systematisk arbeid med å redusera tvangsbruken, seier generalsekretæren i Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen.

Vil «kvardagstvangen» til livs

Tove Gundersen

Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse håpar Europarådet sin rapport vil få fortgang i norske styresmakter sitt arbeid med å redusera tvangsbruken i psykiatrien.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Det er ikkje berre er tvangsinnleggingar, tvangsmedisinering og beltebruk det må bli mindre av, meiner Gundersen.

– Brukarane fortel om «kvardagstvang» – tvang som skjer i det skjulte og som ikkje vert registrert. Det dreier seg om overdriven grensesetting, tilsnakk og unødvendig firkanta husreglar.

Europarådet meiner også at det kan vera i strid med menneskerettane å bruka elektrosjokkbehandling mot pasienten sin vilje, noko som tidvis skjer i Noreg.

Styresmaktene har ein strategi (2012–2015) som skal redusera bruken av tvang til eit minimum og sikra at denne blir registrert og rapportert til Det norske pasientregisteret.

Regjeringa erkjenner at tvang likevel er hyppig brukt i behandling av psykiatriske pasientar, og at det manglar dokumentasjon om tvangsbruken.

«Me er samde med kommissæren om at det er potensial for å redusera og kvalitetssikra bruken av tvang i psykisk helsevern», skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ein kommentar til Europarådet sin rapport.

– Trist

Også i 2011 fekk Noreg kritikk for bruk av tvang i behandling av menneske med psykisk helsesvikt, den gongen frå FN sin menneskerettskomité.

– Det handlar om å sjå enkeltmennesket. Det er trist at me i Noreg ikkje greier å gje menneske hjelp mykje tidlegare i utviklinga av psykiske lidingar, seier Gundersen i Rådet for psykisk helse.

Ho meiner styresmaktene må jobba med haldningar og leiarkultur i psykiatrien, og oppmodar til utvida bruk av gode alternative tiltak, som ATC-team – helsearbeidarar frå kommunale tenester og spesialisthelsetenesta som i samarbeid hjelper pasientane i eigen heim og på deira premiss.

AKTUELT NÅ