Høg fart i trafikken er medverkande til over 50 prosent av dødsulukkene i Noreg, ifølgje Vegdirektoratet.
For å komma nærare målet om ingen drepne eller alvorleg skadde i trafikken, skal fartsgrensa no ned med ti kilometer i timen på om lag 500 kilometer av norske vegar.
– Dette må me sjå på som ein dugnad for å spara menneskeliv frå tragiske ulukker i trafikken, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa til NRK.
Vil lågare fartsgrenser føra til tryggare trafikk? Diskutér nedst i saka!
Frå 80 til 70
Grensa skal ned frå 80 til 70 kilometer i timen, og frå 90 til 80 kilometer i timen. Fartsreduksjonen gjeld høgt trafikkerte vegar der det manglar midtdelarar, og der det skjer mange ulukker.
- LES OGSÅ:Politimester har ikke tro på 70-sone
Fleire bilistar som NRK har snakka med på austlandet trur ikkje lågare fart vil gjera det tryggare å køyra bil, men samferdselsdirektør Kleppa viser til erfaringane hjå naboen i aust.
– Me veit at Sverige har hatt gode resultat frå reduksjonar av fartsgrensene der. Dette syns eg er vel verd å prøva ut, seier Kleppa som får full støtte frå vegdirektør Terje Moe Gustavsen.
Fleire fartskontrollar
Han meiner fartreduksjonen vil vera føremålstenleg så lenge folk opplever dei nye fartsgrensene som logiske og riktige.
– Lågare fart er viktig for å få ned talet på hardt skadde og drepne i trafikken, seier Gustavsen.
Ti færre drepne eller hardt skadde i året sparar samfunnet for 200 millionar.
Men for å forsikra seg om at bilistane held seg til dei nye fartsgrensene, vil styresmaktene trappa opp fartskontrollane på norske vegar. Det kostar også pengar.
– Ja, både overgangen og oppfølginga kostar pengar. Men det trur me er vel investerte pengar. Liva i trafikken er veldig mykje verd, meiner vegdirektøren.
– Dårleg for regionane
Opplysningsrådet for vegtrafikk har derimot svært lita tru på tiltaket.
– Istadenfor å gå etter folk flest, bør ein konsentrera seg meir om å ta dei som køyrer veldig fort veldig ofte. Eg trur det er viktigare å setja i gang tiltak som syt for at dei fartsgrensene me allereie har blir fulgde, seier leiaren for politikk og strategi i rådet, Vilrid Femoen.
Femoen seier ho er oppteken av at trafikktryggleiken vert betre på norske vegar, men meiner at det finst alternative og betre tiltak – som også styrkar regional utvikling.
– Dette vil auke reisetida i stadenfor å redusera den mellom regionane. Eg tykkjer ein bør vurdera dette tiltaket på ny i lys av regional utviklingsmålet, som også skal fremjast av regjeringa sin transportpolitikk, meiner Femoen.