Hopp til innhold

Nesten ingen tekne i fartsmålingar

Meir enn 1,5 millionar sjåførar har vorte fotograferte av fotoboksar med gjennomsnittsmåling. Berre 0,2 prosent av desse er straffa for å ha køyrt for fort.

FARTSMÅLING FOTOBOKS

Tal frå Politidirektoratet viser at berre ein femtedels prosent av dei som passerer gjennomsnittsmålarane vert sanksjonerte for å ha køyrt ulovleg fort.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Etter mykje motstand blei det i fjor sommar teke i bruk ein ny type fotoboksar i Noreg. Desse fotoboksane, også kalla SATK, måler gjennomsnittsfarten og er omstridde fordi alle som passerer fotoboksane vert fotograferte - sjølv om dei held fartsgrensa.

Ifølgje Nettavisen viser ny statistikk at berre 0,2 prosent av dei som vert fotograferte i gjennomsnittsmålingane, blir tekne for å ha køyrt for fort.

– Oppsiktsvekkjande

Leiaren av Stortingets transportkomité, Knut Arild Hareide (KrF), tykkjer tala er oppsiktsvekkjande.

– Eg tykkjer tala er oppsiktsvekkjande låge, men i positiv retning, seier Hareide til Nettavisen.

Føremålet med å innføre den nye typen fotoboksar var å få ned farten på vegane. Ved å måle gjennomsnittsfarten skulle ein hindre at folk bråbremsar rett før ein fotoboks, for deretter å dure vidare med for høg fart.

– Eg trur likevel ikkje at det berre er køyremønsteret som ligg bak desse tala. Me treng ein fagrapport som inneheld ein analyse av om systemet er godt nok, seier komitéleiaren til nettstaden.

Mange fartssyndarar slepp straff

Det er tal frå Politidirektoratet som viser at berre ein femtedels prosent av dei som passerer gjennomsnittsmålarane, blir sanksjonerte for å ha køyrt ulovleg fort.

Sidan gjennomsnittsmålarane blei plasserte langs norske vegar i fjor, har 4440 av 1,5 millionar passerande bilistar vorte registrerte med for høg fart. Av desse blei meir enn 1000 saker lagde vekk.

Av dei som fekk ein reaksjon i 2009, var det berre åtte som mista førarkortet skriv Nettavisen.

– Bør fjerne heile greia

Nestleiaren i transportkomiteen, Bård Hoksrud (Frp) er ikkje samd med Hareide om at ordninga bør evaluerast. Han meiner heile prosjektet må stoppast.

– Eg meiner me bør fjerna heile greia. Når ein kontrollerer halvannan million bilar, og ein så forsvinnande liten del blir tekne, er det ei sjølvfølge, seier Hoksrud til Nettavisen.

– Kostnaden er openbart høgare enn den effekten det gjev, legg Frp-politikaren til.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger