Hopp til innhold

Nesten 25.000 nye donorkort etter Nytt på nytt-sending

Direktoratet for e-helse har registrert nesten 25.000 nye digitale donorkort etter at Nytt på nytt fredag viste kor enkelt det var å bli donor. Nettsida til Stiftelsen Organdonasjon blei overbelasta etter sendinga.

Fra Nytt på nytt fredag 11. januar 2019

Frå Nytt på nytt fredag 11. januar 2019

Fredag kveld var organdonasjon tema i Nytt på nytt etter at ein overlege i Vestfold tok til orde for at alle som døyr og kan bli organdonor, bør bli det. Samtidig skreiv foreldra og sambuaren til den tidlegare skiløparen Ida Eide, som døydde under eit mosjonsløp i fjor, ein kronikk på nrk.no, som fekk mykje merksemd i helga, der dei oppmoda fleire til å bli donorar.

Donorkort

Direktoratet for e-helse har registrert rundt 25.000 nye digitale donorkort i løpet av helga.

Foto: helsenorge.no

Merksemda ser ut til å ha hatt effekt. I løpet av helga har helsenorge.no registrert 25.000 nye digitale donorkort. I alt er det no 150.000 nordmenn som har eit slikt kort. Direktoratet for e-helse, som er ansvarleg for nettstaden, er glade for at så mange har registrert seg.

– Vi er glade for at fleire bruker helsenorge.no. Det forenklar helsekvardagen, og kan i tillegg bidra til å redde liv, seier direktør Christine Bergland.

Nettside braut saman

Stiftelsen Organdonasjon arbeider for å få fleire til å registrere seg som donorar og for at alle som treng eit nytt organ, skal få det. Fredag kveld braut nettsida deira saman på grunn av den store pågangen frå folk som ville ha informasjon.

Hege Lundin Kuhle, daglig leder i Stiftelsen Organdonasjon

Dagleg leiar Hege Lundin Kuhle i Stiftelsen Organdonasjon synest det er bra at så mange har registrert seg etter at organdonasjon var eit tema i Nytt på nytt fredag.

Foto: Stiftelsen Organdonasjon

– Det var rett og slett overbelastning. Det er ikkje tvil om at det har skapt eit enormt engasjement, og det er vi glade for, seier dagleg leiar for stiftinga, Hege Lundin Kuhle til NRK.

Dei reknar med at det var rundt 10.000 som prøvde å kome inn på nettsida fredag kveld. I løpet av helga har nettsida hatt rundt 20.000 unike visingar. Kuhle meiner måten Nytt på nytt tilnærma seg temaet på var viktig.

– Det er flott at dei tek opp temaet med ei positiv haldning. Og så meiner eg fleire bør tenke på bodskapen frå Johan Golden: dersom du vil ha, bør du også gi.

Har fått mange tilbakemeldingar

Ideen om at Bård Tufte Johansen skulle registrere seg som donor under Nytt på nytt-sendinga kom under eit redaksjonsmøte. Og i ettertid har dei fått mange tilbakemeldingar.

– Vi visste ikkje om det kom til å slå an. Men vi fekk høyre at serveren knela på grunn av pågangen. Og så har eg fått meldingar frå folk som står i organkø som var veldig godt nøgde, seier Johansen til NRK.

Under sist ukes Nytt på nytt viste programleder Bård Tufte Johansen hvordan man oppretter digitalt donorkort. Det førte til en ekstrem vekst av nye brukere, og rundt 25 000 nye brukere ble opprettet.

Under Nytt på nytt viste programleiar Bård Tufte Johansen korleis man opprettar digitalt donorkort. Det førte til ein ekstrem vekst av nye brukarar, og rundt 25 000 nye brukarar blei oppretta.

Han seier det også er fint å kunne gjere noko godt sjølv om han driv med komikk. Og han understrekar at dette ikkje berre var eit stunt, han er framleis donor.

– Du skal vere ganske kjip om du går og melder deg av igjen. Eg stiller meg til disposisjon.

Alle kan registrere seg som donor, uavhengig av sjukdommar, alder og medisinbruk. Det er først når donasjon blir aktuelt at det blir gjort ei medisinsk vurdering av om organa er eigna for transplantasjon. Det digitale donorkortet kjem opp i kjernejournalen til pasientane.

AKTUELT NÅ