Hopp til innhold

Nav-rapport åtvarar om ny krise

Nav-sjef Joakim Lystad forsikra Stortinget om at Nav sitt milliardprosjekt no er i rute. Ein hemmeleg rapport som han sjølv har bestilt avdekkar det motsette, skriv Dagens Næringsliv.

Joakim Lystad lener seg over bordet for å svare på spørsmål under høring i stortinget

Nav-sjef Joakim Lystad må møte i høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen måndag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Måndag møter blant andre Nav-sjef Joakim Lystad og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson i ei ny, opa høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Under høyringa i kontrollkomiteen på Stortinget i november, forsikra både arbeidsminister Robert Eriksson og Nav-sjef Joakim Lystad at Nav er i rute med sitt omfattande moderniseringsprosjekt for IKT-systemet, skriv Dagens Næringsliv.

Bakgrunnen for høyringa er den kritiske rapporten om budsjettåret 2013 frå Riksrevisjonen. Sidan første fase av prosjektet enda med omorganisering og store økonomiske tap, ville komiteen vite om fase to og tre er under kontroll. Dette forsikra Eriksson om.

Robert Eriksson

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson må svare for seg i måndagens høyring.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Uventa kostnadar

Konsulentselskapet A2 konkluderer derimot annleis i ein rapport som Nav-leiinga sjølv har bestilt, skriv avisa.

A2 meiner at den første fasa av moderniseringsprogrammet er så omfattande at den også får konsekvensar for fase to og tre. Nav burde difor laga ein heilt ny plan for det vidare moderniseringsprogrammet, ei ny sokalla konseptutvalsutgreiing, meiner selskapet.

A2 skriv blant anna at påpeika manglar og svakheiter fører til ein risiko for at det vil oppstå uventa kostnadar og forseinkingar ved gjennomføringa.

Artikkelen held fram under biletet

Kontroll- og konstitusjonskomiteen

Arbeids-og sosialminster Robert Eriksson og Nav-sjef Joakim Lystad møter til høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen måndag.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Ueinig med rapporten

Låg effektivitet, ufullstendig kostnadskalkyle og avgrensa gjennomføringsevne er andre nøkkelord i rapporten. Nav-direktør Lystad meiner rapporten byggjer på feil premissar.

– Vi forstår jo på A2 si førebelse vurdering at dei meiner at vi ikkje held oss til det opphavlege løysingskonseptet. Det er vi ueinige i, seier Lystad til DN. Han meiner det er naudsynt å gjennomføre ei ny, omfattande konseptsutvalsutgreiing, men at det held med ei enklare kvalitetssikring.

– Respektlaust

Gunvor Eldegard, Ap

Gunvor Eldegard frå Arbeidarpartiet seier at det er respektlaust at komiteen ikkje har fått rapporten.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Sjølv om rapporten skal brukast til kvalitetssikring av moderniseringsprosjektet, har ikkje Stortinget sett noko til den. Den er ikkje offentleg og ikkje ein del av dei 21 dokumenta som komiteen har fått sendt over frå Nav i forkant, skriv avisa.

– Det er veldig spesielt at det er kome ein rapport som vi ikkje har. Det er nesten respektlaust at den ikkje er sendt til oss, seier Gunvor Eldegard i kontrollkomiteen.

Dagens Næringsliv avslørte før jul at Nav si budsjettramme på 3,3 milliardar kroner kunne sprekke med 1,2 milliardar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger