Hopp til innhold

Nakstad: – Vi ser nok no at vi er i starten av ei fjerde smittebølgje

Den siste veka har smitten auka med 45 prosent. Og smitten aukar mest blant unge. Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner vi risikerer at mange vil bli smitta.

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør i Helsedirektoratet, på baksiden av NRK 9. juli i år. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Espen Rostrup Nakstad, assisterande helsedirektør, meiner det passar dårleg med ei ny smittebølgje to månadar før alle vaksne er vaksinerte.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Koronasmitten aukar på ny i Noreg. Den siste veka har smitten auka med 45 prosent. Ikkje sidan slutten av mai er det registrert fleire koronasmitta på eitt døgn her i landet.

– Vi ser nok no at vi er i starten av ei fjerde smittebølgje, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Folkehelseinstituttet sin vekerapport viser at smittetrykket er størst i Møre og Romsdal. Her er det 116 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar dei siste to veke.

Vestland fylke følgjer etter med 111 per 100.000 innbyggjarar. Oslo har 78 smitta, og det same har Troms og Finnmark.

Sjølv om vi no er i starten av ei fjerde smittebølgje, meiner Nakstad at det ikkje nødvendigvis må bety at smittebølgja blir like kraftig som dei tidlegare.

– Men det skapar ein del praktiske problem. Det er snart skulestart og mykje som skjer. Det passar veldig dårleg no berre to månadar før alle vaksne er vaksinerte, seier Nakstad.

Smitteauken størst blant unge

Smitten aukar i alle aldersgrupper, men klart mest blant tenåringar og unge vaksne.

– I og med delta-varianten kjem frå utlandet, blir vi framleis påverka av smitte utanfrå, men hovudproblemet er at smitten blir spreidd i sosiale samanhengar blant unge vaksne. 20-åringane står for mykje av smitteauken og auken er ofte knytt til fest, utestader og sosiale samanhengar, seier Nakstad.

I mars i fjor blei Martine Tøien Markussen (22) smitta av koronaviruset i Skottland, der ho bur og studerer.

– Då blei eg ikkje noko sjuk. Eg tenkte som mange tenkjer at korona ikkje er noko farleg for unge, seier Markussen.

Men så blei ho smitta igjen i oktober 2020.

– Eg trur eg aldri har vore så sjuk som det eg var då, seier ho.

Martine Tøien Markussen

Martine Tøien Markussen har blitt smitta av koronaviruset to gonger.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Helseplagene gav seg ikkje med det fyrste. I fleire månadar sleit den vanlegvis aktive 22-åringen med seinverknadar, og måtte trena opp att lungekapasiteten.

Om smittekurva blir veldig bratt før store delar av befolkninga er fullvaksinerte risikerer vi at mange blir smitta, og at nokon blir alvorleg sjuke, opplyser Nakstad.

– Og då får vi også fleire innleggingar, seier Nakstad.

Han seier likevel at det som uroar er mest, er dei uvaksinerte eldre.

– Dei er det nokre prosent av. Dei skulle vi gjerne ha skjerma ved at fleire i befolkninga generelt er vaksinerte.

Noreg vil truleg bli oransje

Den assisterande helsedirektøren seier at dei no jobbar med å vurdera om trinn fire skal utsettast vidare.

– Eg kan ikkje seia så mykje om kor sannsynleg det er, svarar Nakstad og seier at ting også kan endra seg no dei neste dagane.

– Vi ser allereie konturane; at Noreg sannsynlegvis ikkje vil vera grønt land neste veke. Kanskje vi faktisk er eit oransje land, legg han til.

Han meiner likevel at vi har eit godt utgangspunkt for eit ganske normalt liv utover hausten.

– Noreg er i utgangspunktet i ein veldig god situasjon fordi veldig mange ser ut til å bli vaksinerte, stadfestar han.

AKTUELT NÅ