Hopp til innhold

Møtte ho som har stått bak 100 asylinnstrammingar i Danmark

KØBENHAVN (NRK): Sylvi Listhaug meiner Noreg har mykje å lære av det såkalla paradigmeskiftet i dansk innvandringspolitikk, som integreringsminister Inger Støjberg har stått bak.

Sylvi Listhaug og Inger Støjberg.

Hjarteleg møte mellom Sylvi Listhaug og Danmarks integreringsminister Inger Støjberg i København i dag.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Inger Støjberg (V) har stått bak over 100 innstrammingar i den danske asylpolitikken etter at ho tok over som integreringsminister i 2015.

I slutten av februar fekk ho gjennom fleire nye lovendringar i Folketinget, med støtte frå både Dansk Folkeparti og Sosialdemokratiet, som er søsterpartiet til Arbeidarpartiet.

Endringane i innvandrings- og integreringspolitikken blir kalla eit paradigmeskifte i dansk politikk. Sylvi Listhaug meiner mykje av det som er gjort i Danmark kan overførast til Noreg.

Mellombels opphald

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug meiner Noreg kan lære mykje av innvandrings- og integreringspolitikken i Danmark.

Foto: NRK

– Vi ser at dei har innført meir bruk av mellombels opphald. Det betyr at flyktningar skal reise tilbake til heimlandet når det blir fred for å hjelpe til med å byggje opp igjen landet. Dette er ofte ressurssterke menneske som vil bli ein viktig ressurs i heimlandet, seier Listhaug til NRK.

Ho viser også til at Danmark har redusert sosiale utbetalingar for å få fleire ut i jobb, og at det er ein strategi som har lukkast.

– Vi ser at fleire kjem raskare i jobb, seier ho.

Listhaug meiner at hovudårsaka til at stadig fleire born veks opp i familiar med dårleg råd her i landet, er at foreldra ikkje kjem i jobb.

– Vi ser at Danmark har lukkast med å redusere utbetalingane og å stille meir krav, og på denne måten har dei auka andelen som er sysselsette, seier den tidlegare innvandrings- og integreringsministeren.

Getto-strategi

Sylvi Listhaug meiner også at den såkalla getto-strategien til den danske regjeringa ser lovande ut. Her er målet å bryte opp gettoane der nesten alle lever på trygd og andre ytingar, og der det ikkje blir snakka dansk. Dei vil rive ein del av sosialblokkene og få inn danskar som er i arbeid.

Danmarks integreringsminister Inger Støjberg (V)

Danmarks integreringsminister Inger Støjberg vil bryte ned getto-tendensane i storbyane ved å fjerne ein del sosialblokker og flytte inn arbeidande danskar.

Foto: NRK

Danmark har ikkje teke mot kvoteflyktningar sidan 2015. Listhaug støttar dette, og seier det er langt viktigare å hjelpe flyktningar i nærområda.

Ho ser på Sverige som eit skrekkeksempel på dårleg innvandrings- og integreringspolitikk, medan ho meiner Danmark, takka vere paradigmeskiftet, har lukkast langt betre.

På spørsmål frå NRK om det er overraskande at dei danske sosialdemokratane har støtta lovendringane, svarar integreringsminister Inger Støjberg at partiet har ein tendens til å vere meir liberale i innvandringspolitikken når dei sjølve er i regjering. Dette fordi dei må ta omsyn til støttepartia på venstresida.

Rapportar til Frp-landsmøte

Sylvi Listhaug og Jon Engen-Helgheim skal presentere erfaringane frå Danmark i to rapportar til Framstegspartiet sine landsmøte i år og neste år.

– Tidlegare har vi sett på Sverige som skrekkeksempelet. No reiser vi til Danmark, rett og slett for å sjå etter gode eksempel på korleis vi kan lukkast betre med å få kontroll på ikkje-vestleg innvandring , sa Sylvi Listhaug til NRK før ho reiste til København.

Pernille Skipper

Pernille Skipper frå Enhedslisten i Folketinget er sterkt kritisk til innvandringspolitikken til den danske regjeringa.

Foto: NRK

Listehaug og Helgheim viser til framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som seier at Noreg i 2060 vil ha bortimot ein million ikkje-vestlege innvandrarar. I dag er talet 418.000. Tilsvarande framskrivingar i Danmark viser ein langt mindre auke, frå 244.000 i 2018 til vel ein halv million i 2060, seier dei.

22 personer har blitt knivstukket i Oslo i år

– Ingen grunn til å lære

Pernille Skipper, leiar i det venstreorienterte danske partiet Enhedslisten, seier til NRK at det ikkje er nokon grunn til at Noreg skal lære innvandrings- og integreringspolitikk av Danmark.

– Det er eit feil signal å sende til dei som kjem hit på flukt frå krig og terror. Det er eit signal om at det ikkje er vits i å skaffe seg arbeid, fordi dei likevel skal sendast ut. Eg synest ikkje Noreg skal følgje etter Danmark her, seier Skipper til NRK.

AKTUELT NÅ