Hopp til innhold

Menneskeverd beklagar kallenamnet «Downs-paragraf»

Organisasjonen Menneskeverd beklagar at dei starta med å kalle den omdiskuterte paragraf 2c i abortlova for «Downs-paragrafen» i oktober. No blir også statsministeren bedt om å beklage skikkeleg.

Morten Dahle Stærk

Morten Dahle Stærk er generalsekretær i organisasjonen Menneskeverd.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Vi ser at omgrepet «Downs-paragrafen» har blitt kritisert av fleire, mellom anna av foreldre med barn med ulike diagnosar, deriblant Downs syndrom, seier generalsekretær Morten Dahle Stærk til NRK.

Menneskeverd ønsker derfor å beklage dette utspelet og lanseringa av omgrepet, seier han.

Organisasjonen Menneskeverd jobbar for å styrke vernet om menneskelivet frå befruktning til naturleg død.

Haustens store abortdebatt vart utløyst av at Dahle Stærk tidleg 18. oktober stod fram i VG med krav om eit abortultimatum frå KrF i eventuelle regjeringsforhandlingar.

Kravet gjekk ut på å fjerne paragraf 2c i abortlova, som gir gravide rett til seinabort dersom fosteret har ein alvorleg sjukdom. Rettspraksis over tid har ført til at også kromosomavvik som Downs syndrom blir sjølvstendig grunnlag for å få innvilga seinabort.

Omgrepet «Downs-paragrafen» blei ikkje brukt av Menneskeverd i direkte sitat i VG-saka, men i ein mellomtittel i artikkelen. Men Menneskeverd nytta omgrepet to gongar i ei pressemelding dei sende ut same morgon. Dette har dei etterpå endra til «sorteringsparagrafen».

Reagerer på omgrepsbruken

Same ettermiddag som artikkelen stod på trykk i VG, gjekk nestleiar i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, ut med eit tilsvarande abortkrav til Solberg-regjeringa, noko statsminister Erna Solberg svara positivt på seinare på dagen.

Kallenamnet «Downs-paragrafen» blir nemnd i Ropstad-saka.

Sidan har fleire politikarar og medium også snakka om «Downs-paragrafen» i den etterfølgjande debatten abortlova.

I ettertid har fleire reagert på bruken av omgrepet.

– Ein peikar ut at ei gruppe nærast er så belastande at ho har fortent sin eigen paragraf i abortlova, og det stemmer ikkje i det heile tatt, sa Silje Ask Lundberg til NRK måndag.

Ho er leiar for Naturvernforbundet og har ei veslesøster med Downs syndrom.

No er ho glad for at Menneskeverd beklagar.

– Det er kjempebra, og skulle berre mangle. Eg skjønar ikkje kva dei tenkte på då dei brukte det. Det verka som at dei har spinna det litt for langt utan å skjøne rekkevidda, seier Lundberg.

Silje Ask Lundberg og søsteren Oda

Silje Ask Lundberg med veslesøstera Oda.

Foto: Privat

Solberg uttrykte forståing

No ventar Lundberg på beklaging frå toppolitikarane også. Måndag utfordra ho statsminister Erna Solberg til å slutte å bruke omgrepet «Downs-paragrafen».

Onsdag vart statsministeren spurd av Arbeidarpartiet i den ordinære spørjetimen på Stortinget om omgrepet aukar eller minkar stigmatiseringa av personar med Downs syndrom.

– Eg har brukt omgrepet «Downs-paragrafen» i nokre få samanhengar for å forklare kvifor paragrafen blir opplevd som diskriminerande. Eg har faktisk forståing for at nokon reagerer på at dette omgrepet blir brukt, svara Erna Solberg, og understreka:

– Samtidig må vi ha ein politisk debatt som dreier seg om kva vi faktisk diskuterer, og der vi unngår at det blir spreia misoppfatningar.

KrF snakkar om «sorteringsparagraf»

KrF skal ikkje ha brukt omgrepet «Downs-paragrafen» aktivt, seier nestleder Olaug V. Bollestad til Dagbladet.

– Når eg sjølv snakkar om dette temaet så brukar eg konsekvent paragraf 2c, eventuelt sorteringsparagrafen, som blir noko heilt anna.

Ho meiner det er sjeldan at politikarar nyttar omgrepet, men at nasjonale medium nyttar det i overskrifter.

Ber om tydeleg beklaging

Lundberg er ikkje nøgd med svaret Solberg har gitt så langt.

– Eg skulle ønske at Erna Solberg kunne gitt ei beklaging utan atterhald for hennar bruk av omgrepet, seier ho.

– Det er vanskeleg å skjøne at det ho har svara var i nærleiken av ei beklaging. Eg skulle ønske at ein hadde politikarar som tydeleg kunne beklage når ein seier noko feil, seier Lundberg, og legg til:

– Sjølv om ein ikkje hadde meint noko gale, ser ein kva reaksjonar det skapar. Då må ein tore å gå tilbake og beklage. Det verkar som at det sit litt langt inne for norske politikarar, og det skulle eg ønske at det ikkje gjorde, seier ho.

NRK har bedt Statsministerens kontor om å kommentere saka, men har førebels fått til svar at Solberg sit i regjeringskonferanse utover dagen.

«Sorteringsparagrafen»

Menneskeverd forklarar sin beklaging slik:

– Det siste vi ønsker er å såre dei det gjeld og dei vi ønsker å kjempe likeverds-kampen for. Vi forstod at dette skapte vonde kjensler for personar med Downs syndrom og for dei dette gjeld, og det beklagar vi sterkt, seier Dahle Stærk.

Han forklarar omgrepsbruken med at Menneskeverd ville «sette søkelys på det paradoksale som skjer ved at diagnosen Downs syndrom i mange tilfelle blir brukt som sjølvstendig årsak for seinabort, sjølv om fleire meiner at diagnosen ikkje oppfyller vilkåret «alvorleg sjukdom» i det heile.»

Organisasjonen seier dei ikkje har nytta omgrepet sidan 18. oktober, og at dei heller vil bruke omgrepet «sorteringsparagrafen». Dei peikar på at paragrafen også kan gi gravide lov til å ta seinabort på grunn av andre utviklingsavvik.

– Burde heller sikre hjelpetilbod

Lundberg veit ikkje heilt kva ho skal meine om at Menneskeverd heller vil nytte omgrepet «sorteringsparagrafen».

– Dei har sin agenda og sin ståstad i abortdebatten, og det speglast i argumentasjonen deira rundt paragraf 2c. Eg skulle eigentleg ønske at alle kunne sett på korleis dei kan sikre tilrettelegging og tilbod heile livet for familiar med medlemar med ekstra behov, om det er Downs syndrom eller andre med utviklingshemmingar. Det er der utfordringa er.

Ho meiner det er store manglar i likestilt tilbod om bustad, utdanning og arbeid for personar med utviklingshemming.

– Det er synd at vi alltid skal redusere debatten til å handle om abort. Då finst det ingen vinnarar, berre taparar.

Menneskeverds generalsekretær Morten Dahle Stærk understrekar overfor NRK at dei både kjempar for å endre paragraf 2c i abortlova og for betre hjelpetilbod for personar med utviklingshemming.

AKTUELT NÅ