Hopp til innhold

Matapours forsvarar krev at hemmeleg agent vitnar i rettssaka

Matapours forsvarar krev svar på om E-tenesta hadde ei rolle i skytinga 25. juni: – Sivilsamfunnet har krav på å vite, seier Dietrichson.

 Forsvarer Marius Dietrichson

KREV INNSYN: Forsvarar Marius Dietrichson

Foto: Gunnar Bratthammer

Før Oslo-skytinga 25. juni gav ein agent, på oppdrag for E-tenesta, seg ut for å vere leder i terrorgruppa IS.

Han skal då ha fått vite om moglege planar for eit terroråtak mot Skandinavia.

Zaniar Matapour er sikta for terror etter den dødelege skytinga i Oslo sommaren 2022.

Matapours forsvarar Marius Dietrichson, krev no at den hemmelege agenten til E-tenesta, og islamisten han var i kontakt med, vitnar i rettssaka mot Matapour.

Det kjem fram i bevisoppgåva som NRK har fått innsyn i.

Dietrichson krev også at 108 møtereferatet mellom agenten og føringsoffiseren blir lagt fram.

– Det er ikkje tilfredsstillande at dette er alt vi har fått vite. Vi må få vite kva agenten har sagt, kva instruksjonar han har fått, og kva han har fått vite. Dette må vi få innsyn i, seier Dietrichson.

Zaniar Matapour bildet er hentet fra et overvåkningskamera på en restaurant i oslo. Matapour har på seg blå tskjorte og en sort lue. Han har grånende skjegg. Rundt ham er trebord og mørke skinnstoler. Han ser til høyre ut av bildet.
Foto: politiet

Rettssaka startar neste veke

25. juni 2022 fyrte Zaniar Matapour (44) av 19 skot i nærleiken av den skeive utestaden London Pub. To personar blei drepne, og ni skada.

Fleire er sikta i saka, mellom anna Arfan Bhatti. Han nektar straffskyld.

Rettssaka startar 12. mars og skal halde fram til 16. mai. Retten skal då ta stilling til to sentrale spørsmål, ifølgje Dietrichson: Var Matapour tilrekneleg under hendinga, og kva gjorde E-tenesta i forkant av terroråtaket.

Les også Norsk islamist lurt av E-tjenesten

Sjef for Etterretningstjenesten Nils Andreas Stensønes

Sistnemnde har vore eit stridstema i saka.

E-tenesta varsla PST om at noko var i kjømda for 25. juni.

Påtalemakta har varsla om to vitne frå E-tenesta i saka, den operative leiaren for operasjonen og sjefen for tenesta.

Dei to er ikkje nok for Matapours forsvarar. Dietrichson krev at alle kjeldeførararane til E-tenesta, som har vore i direkte kontakt med agenten, vitnar i saka. Han krev også at møtereferat blir lagt fram.

Og han vil også at den sikta IS-kvinna vitnar. Ho held til i utlandet, og vil ikkje uttale seg.

Les også IS-kvinne siktet etter terrordrapene 25.juni

NB Masseskyting Oslo Pride

– Er det slik at staten har verka inn her, og lagt til rette for hendinga, er det noko sivilsamfunnet har alvorlege krav på å få vite om, seier Dietrichson, og held fram:

– Hemmeleghald rundt dette, som det har vore fram til i dag, står seg ikkje. Her må sivilsamfunnet sitt krav på innsyn komme framfor.

Stortinget sitt kontrollorgan for dei hemmelege tenestene har granska E-tenesta sitt arbeid før skytinga. Dei fann ikkje grunnlag for kritikk.

– Ønsker å vri fokuset vekk

Statsadvokat Sturla Henriksbø skal føre saka for påtalemakta. Han understrekar at saka som skal førast for retten handlar om Zaniar Matapour og hendinga 25. juni.

– Matapour væpna seg og skaut uskyldige menneske på open gate i Oslo. Det er forståeleg at forsvararen ønsker å vri fokuset vekk.

2023 11 10 Statsadvokat Oslo STURLA HENRIKSBØ

Statsadvokat Sturla Henriksbø skal føre saka for påtalemakta

Foto: Jon Petrusson / NRK

Henriksbø er derimot einig i at dei ville ideelt sett hatt meir informasjon frå E-tenesta.

– Vi kunne fått enda fleire puslespelbrikker på plass, men det er kanskje ikkje dei brikkene som ville spelt største rolle for saka mot Matapour.

Men han meiner at saka blir nok opplyst med dei vitna som er kalla inn.

– Når det gjeld Zaniar Matapour si rolle og handlingar, så vil saka bli tilstrekkeleg opplyst.

Les også Zaniar Matapour skal ha oppsøkt åstedet før terroren

Zaniar Matapour

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger