NRK Meny
Normal

Martin gjorde alle feila i trafikken

19 år gammal sette Martin Hasle seg rusa inn i bilen og droppa bilbelte. Kameraten tråkka ekstra hardt på gassen. No kan han berre prate gjennom ein maskin – men bønna til andre unge i trafikken er krystallklar.

Martin og Morten Hasle

Etter trafikkulykka kan Martin nesten ikkje bevege kroppen.

Foto: Andreas Molland / NRK

Kva ville du ha gjort annleis, Martin?

Med ørsmå klikk med tommelen styrer Martin ein raud markør på ein skjerm montert på rullestolen. Det første minuttet går med berre på å opne skriveprogrammet. I dag er dette språket hans.

Bilulykka

Martin og kameraten køyrde av vegen, trefte ein lyktestolpe og bilen gjekk rundt. Kameraten døydde umiddelbart.

No granskar Helse Sør-Aust alle slike ulykker.

– Martin blei kasta ut av bilen. Og då kroppen stoppa, stoppa ikkje hjernen. Legen fortalde oss at "den hjernen knuste seg sjølv mot innsida av kraniet".

Heile tida mens Morten Hasle, far til Martin, snakkar, ser han på sonen, og får med seg dei små endringane i blikket til Martin.

– Tre bokstavar har han skrive no, seier far til Martin, etter tre minutt.

Barnebilde av Martin

Martin brukar gamle bilete av seg sjølv i trafikkopplæringa.

Foto: Andreas Molland / NRK

– Kan eg få tippe kva du vil sei?
Martin ser til sida. Det betyr nei.

Etter ulykka blei Martin frakta til Ullevål sjukehus og operert. Mens Morten snakkar trekker Martin pusten djupt.

– Og då hugsar eg at vi kom inn på rommet ditt, Martin, for å ta farvel med deg. Det var veldig tøft, å liksom takke for tida vi fekk i lag, dei 19 åra.

Martin overlevde, men med ein hjerneskade slik at han nesten ikkje kan røre på seg.

Hadde framleis språket

Martin sin rolltalk

Det tar tid å skrive når maskinen skal foreslå ein bokstav om gangen.

Foto: Andreas Molland / NRK

Etter ulykka tok det ni månader før foreldra fekk bekrefta det dei hadde håpet og trudd heile tida, at langt der inne var framleis Martin. Terapeuten på Sunnås sjukehus spurte om Martin kunne sjå på mor si.

– Og så løfta han hovudet og så på mamma. Og då skjønte vi at han forstod kva vi sa, og at han kunne omsette ein tanke til handling. Så da skjønte vi at han var med.

No har det gått ni minutt, og Martin har skrive 11 bokstavar.

Etter femten månader hadde Martin fått så mykje kontroll over ansiktet at han kunne blinke to gonger for å svare «ja» på spørsmål.

Ting tar tid

Morten ser dei små framskritta.

Slik får Martin mat

Det meste av maten får Martin gjennom ein slange i magen.

Foto: Andreas Molland / NRK

– I fjor åt Martin ei brødskive, for første gong på 14 år. Og han har blitt sterkare i høgre fot. Så det kjem nokre små ljospunkt i kvardagen, sjølv i dag.

– No nærmar du deg, Martin, dette går fram med stormskritt, berre to bokstavar igjen, seier Morten. Det har gått 17 minutt.

Driver trafikkopplæring

I dag reiser Martin rundt på skuler og driv held foredrag om trafikktryggleik. Han håpar på at det kanskje redde eitt liv.

– Det er mange menneske som blir ramma når eit menneske kjem i ei ulykke, seier faren hans.

– For det er den sorga som du kan spare mange pårørande og søsken frå. For sjølv om vi har mykje glede òg Martin, så går vi med ein sorg, seier Morten.

– Bruk tryggingsbelte, seier endeleg Martin via maskinen sin.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger