NRK Meny
Normal

Ungdomsulykker: Halvparten får katastrofale følger

I annankvar trafikkulykke der ungdommar er involverte, blir ein eller fleire av dei unge alvorleg skadde eller drepne. Det er eitt av funna i Helse Sør-Øst si ulykkesgransking.

Ulykkesbil

Viss du sit i ein bil som ikkje er meir skada enn dette, så er du uskadd om du har på belte, seier Boye Hansen.

Foto: Sara Ringhagen / NRK

Viss du sit i ein bil som ikkje er meir skada enn dette, så er du uskadd om du har på belte, seiar ambulansesjåføren Trond Boye Hansen.

Det skulle ein ikkje tru, panseret er bøygd opp og fronten er kvesta. Men to av dei tre ungdommane i denne bilen hadde ikkje på bilbelte. Dermed er ikkje den samanpressa fronten det mest i augefallande, det er den knuste frontruta.

Frontrute

I frontruta henger det langt blondt hår frå den som skalla hovudet i ruta.

Foto: Sara Ringhagen / NRK

Stikk ein hovudet inn på passasjersida, kan ein sjå lange, blonde hårstrå hengande frå det roseforma knuste glaset.

Alle ungdommane i denne bilen overlevde. Men alle er ikkje så heldige. Ungdom frå 16 til 24 år er overrepresenterte blant dei som døyr i trafikken, ifølge tal frå Trygg Trafikk.

Granskar dei alvorlege ulykkene

– Vi har blitt varsla om nesten 300 ulykker, og i halvparten har ungdommane vore kritisk skadde eller døydde, held Boye Hansen fram.

Dei 300 ulykkene er alle ulykker der ein sjukebil frå Helse Sør-Øst har blitt tilkalla og der ungdom mellom 16 og 24 er skada, sidan prosjektet starta i 2013. I rundt halvparten av ulykkene har ungdommane blitt liggande på sjukehus. Då begynner Boye Hansen å granske ulykka. Målet er å finne ut kva som skjer inne i bilen når ungdom blir hardt skada eller døyr.

Ungdom hamnar i ulykker fordi dei er uerfarne førarar, køyrer for fort er uoppmerksame eller rusa. Men godt tryggingsutstyr, som moderne bilar, bilbelte og airbag kan redde liv. Men det er ikkje nok til å skilje mellom liv og daud, ifølge Boye Hansen.

– Det har kommen inn folk på sjukehuset med skadar, men så seier dei sjølve at dei sat heilt riktig og i ny og fin bil. Og så viser det seg at det er småfeil, som litt ned med setet eller beltet litt opp på magen.

Trond Boye Hansen demonstrerer riktig bruk av bilbelte

Dette gjer dei feil:

  • beltet over magen, ikkje hofta,
  • beltet under armen, ikkje over skuldra,
  • har setet for lågt, slik at beltet ligg feil,
  • passasjerar som legg setet heilt ned i sovestilling mens bilen er i fart,
  • passasjerar som søv i baksetet,
  • lause eller dårleg sikra gjenstandar, til dømes høgtalarar,
  • beina oppå dashbordet, då kan airbagen gjere stor skade.

Forsking som reddar liv

– Frå 2009 til 2013 såg vi på alle ulykker med barn i bil, og det var vel ein stor suksess. Og då såg vi – skal vi prøve å gjere det same med ungdomsulykkene? For vi ser jo at ungdomsulykkene har veldig høge tal for kritisk skadde og drepne.

Trond Boye Hansen

Trond Boye Hansen har vore sjukebilsjåfør sidan 1973 og har granska rundt 3000 alvorlege trafikkulykker sida 2003.

Foto: Sara Ringhagen / NRK

Det er snart seks år sidan sist eit barn døydde i ein trafikkulykke på Austlandet og Sørlandet. Det er det viktigaste resultatet av det førre prosjektet til Boye Hansen, som handla om barn i bil.

Også den gang avdekka han manglande kunnskap om korleis ein skulle bruke tryggingsutstyret i bilen. No håpar ulykkesgranskaren på at dei kan komme fram til like nyttig kunnskap om ungdommar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger