Hopp til innhold

Luftrommet ope frå Bodø og nordover

Alle flyplassar frå Bodø og nordover, inkludert Longyearbyen, er no opne for trafikk.

Satellittbilde av askeskyen fra Island 15. april

Satellittbilete av oskeskya frå Island for eit par dagar sidan.

Foto: NASA Goddard Space Flight Center

Utsleppet frå den islandske vulkanen inneheld farlege partiklar.

Oskeskyene vil halde fram med å velte inn over Noreg i dagane framover.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / Reuters

Det er håp om ei viss betring i oske-situasjonen også i Sør-Noreg i morgon, men så blir det like ille igjen måndag og tysdag. I Nord-Noreg ser det litt betre ut.


Avinor opplyser i ettermiddag at Sør-Noreg vil bli vurdert spesielt nøye for prioritert trafikk.

Streng prioritering

Det vil bli ei streng prioritering av kva type trafikk som skal avviklast i luftrommet som no er opna, men det er klart at ambulanseflygingar blir prioriterte. Det er altså ikkje opna for avvikling av alle ruter og gjeninnføring av ordinær trafikkavvikling.

Men det er eit visst håp om at helikoptertrafikken i Nordsjøen kan kome i gang i løpet av dagen.

Avinor ber passasjerar framleis om å kontakte sine flyselskap for informasjon om dei enkelte flygingane.

- Avgjerda er teken på grunnlag i den siste meteorologiske data, og dei er forankra internasjonalt, seier Avinor-sjef Sverre Qvale.

Uendra versituasjon

Vakthavande statsmeteorolog Arild Mentzoni seier til NRK at versituasjonen ikkje har endra seg sidan i går. Det blir problematisk i Sør-Noreg resten av dagen, og lenger nord er situasjonen litt betre.

Mentzoni trur det kan bli ei lita betring i Sør-Noreg søndag. Det vil skje sakte, og først i dei nordlege områda. Mest truleg er det ei forgiande betring. Han reknar med meir oskeskyer inn over heile landet måndag og tysdag.

Arild Mentzoni

Vakthavande meteorolog Arild Mentzoni seier at versituasjonen ikkje har endra seg sidan i går.

Foto: Anne Liv Ekroll/NRK

Det første halvanna døgnet etter at oskeskya frå Island stengde luftrommet over Sør-Noreg har Hovudredningssentralen for Sør-Noreg på Sola hatt sju oppdrag der dei normalt ville ha brukt helikopter.

Det gjekk heldigvis bra i alle tilfella, men natt til fredag kunne det fort ha blitt kritisk nord for Ørlandet i Nord-Trøndelag. Ein fiskebåt med tre mann om bord sprang lekk og heldt på å gå ned.

Hovudredningssentralen fekk andre båtar i nærleiken til å gå mot havaristen, og det gjekk bra.

LES OGSÅ: – Flyproblemer i mange dager

LES OGSÅ: WHO åtvarar mot "små partiklar"

LES OGSÅ: Vulkanskyen kan øke pollenplagene

AKTUELT NÅ