Hopp til innhold

WHO åtvarar mot "små partiklar"

WHO, Verdas helseorganisasjon, åtvarar i kveld mot at dei minste partiklane i oskeskyene frå Island kan vere farlege

Dette biletet av oskeskya er teke frå verdsrommet 16. april.

Dette biletet av oskeskya har NASA teke frå verdsrommet 16. april.

Foto: NASA / REUTERS

Utsleppet frå den islandske vulkanen inneheld farlege partiklar.

Utsleppet frå den islandske vulkanen inneheld farlege partiklar.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / Reuters

Så lenge oskeskyene held seg i dei øvre luftlaga, slik dei gjer i dag, utgjer vulkanutbrotet ikkje nokon fare for menneske. Skulle oskeskyene trekkje ned i lågare luftlag vil slituasjonen bli ein annan.

LES OGSÅ: Vulkanskyen kan øke pollenplagene

Halde seg innandørs

Då bør folk med astma og andre plagar i luftvegane halde seg innandørs, heiter det i ei fråsegn frå WHO.

Og det er dei minste partiklane som er farlegast, spesielt dei som er mindre enn 10 mikrometer (0,01 mm).

- Dei små partiklane under 10 mikrometer er dei farlegaste fordi dei kan trengje djupare inn i lungene, seier Maria Neira, leiar for WHOs helse- og miljøavdeling, seier dette i ei fråsegn i kveld.

LES OGSÅ: Øya som spruter ild

LES OGSÅ: Slik kan asken bevege seg

25 prosent farleg

Neira opplyser at WHO er i ferd med å analysere oska frå Island, og slik det ser ut etter dei første undersøkingane er 25 prosent av partiklane under 10 mikrometer.

WHO råder folk som kjenner irritasjon i hals og lunger, rennande nase eller svie i augene om å halde seg mest mogleg innandørs.

- Folk med astma og andre plagar i luftvegane bør følgje sine vanlege prosedyrar ved høgare forureining enn normalt, heiter det frå WHO.

LES OGSÅ: Ber astmatikere ta det med ro

SISTE NYTT

Siste nytt