Hopp til innhold

LO: – Ikkje senk skatten, Jensen!

Same dag som regjeringa legg fram statsbudsjettet for 2018 ber landets største fagforeining om mindre skattelette til både bedrifter og folk flest.

Siv Jensen og Erna Solberg med statsbudsjettet

STATSBUDSJETTET: I dag legg finansminister Siv Jensen (Frp) fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2018. Samtidig ber fagforeininga LO om at dei ikkje tyr til fleire skattekutt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Det er ikkje vegen å gå i dagens situasjon, seier sjeføkonom i LO, Roger Bjørnstad.

Fagforeininga ynskjer heller at pengane brukast på kompetanseheving i skulen og på arbeidsplassar, for å sikre at sysselsettinga utviklar seg i positiv retning.

Roger Bjørnstad i LO

SKATT: Sjeføkonom i LO, Roger Bjørnstad oppfordrar til mindre skattekutt og meir til arbeidstiltak.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Dei store utfordringane i norsk økonomi er talet på dei som fell utanfor arbeidslivet. Sjølv om ledigheita fell, er det sterk vekst i den skjulte arbeidsløysa, med folk som hamnar utanfor arbeidsmarknaden, forklarer han.

For Framstegspartiet er målet så låg skatt som mogleg, dermed ber Bjørnstad finansminister Siv Jensen om å ta eit lite populært val.

– Eg kan godt forstå at folk ynskjer seg lågare skatt, men det vil ikkje bidra til den veksten vi treng. Vi må bruke pengane på viktige tiltak for å få fleire inn i arbeidslivet, seier han.

Virke: – Behov for midlar til fornying i bedriftene

Hovudorganisasjonen Virke, som representerer over 20.000 verksemder i norsk næringsliv er derimot av ei anna oppfatning.

Vibeke Hammer Madsen

KUTT: Administrerande direktør i Virke, Vibeke Hammer Madsen, meiner det er behov for skattelette i bedriftene.

Foto: Virke

– Skattekutt vil heilt klart bidra til at det kjem meir midlar inn i bedriftene, som gjer at vi sikrar arbeidsplassar, også nye verksemder, seier administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen.

Ho meiner det er eit sårt behov for reduksjon i selskapsskatten og i formuesskatten på arbeidande kapital.

– Dette vil vere pengar som kan gå rett inn i verksemdene og bidra til den teknologiomstillinga vi treng, men også ei miljøomstilling som bedrifter står midt oppe i.

– LO vil bruke midlane heller på tiltak for dei som står utanfor arbeidslivet, er ikkje det god bruk av midlane?

– Då trur eg meir på å starte med verdiskaping i bedriftene, i staden for å bruke offentlege midlar aleine, seier Madsen.

Økonom: – Ikkje behov for skattekutt

Sjeføkonom i pengeforvaltaren Storebrand, Olav Chen, meiner skattekutt kan føre til fleire arbeidsplassar i dårlege tider, men at behovet ikkje er like stort når ting går betre.

Olav Chen i Storebrand

UFORSVARLEG: Sjeføkonom i Storebrand, Olav Chen, etterlyser meir ansvarleg oljepengebruk.

Foto: Storebrand

– Eg er einig med LO i at det ikkje er naudsynt med fleire skattekutt og samtidig ein ekspansiv budsjettpolitikk.

Han peikar på at det vert mindre pengar i potten til sjukehus, samferdsle, skule og framtidige arbeidsplassar dersom ein kuttar i skatten, men aukar oljepengebruken, slik som regjeringa har gjort tidlegare.

– Då vert det mindre til komande generasjonar. Slik pengebruk er ikkje berekraftig, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger