Hopp til innhold

LO-Gerd opnar for Lofoten-kompromiss

Arbeidarpartiet er sterkt splitta i synet på konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja. No opnar LO-leiar Gerd Kristiansen for å støtte eit kompromiss.

Gerd Kristiansen

Det er behovet for å skape arbeidsplassar som har vore LO-leiaren sin argumentasjon for å presse på i nord.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

I oktober foreslo fleire LO-forbund å verne Lofoten, Vesterålen og Senja, men forslaget vart raskt slått ned av Gerd Kristiansen. Den gongen understreka ho at det berre var konsekvensutgreiing i alle dei tre områda som var aktuelt. Vel to månader seinare har pipa fått ein annan lyd, med langt mjukare tonar.

Kan godta noko vern

Det er behovet for å skape arbeidsplassar som har vore LO-leiaren sin argumentasjon for å presse på i nord. Ho står fast på at det framleis er konsekvensutgreiing ho vil ha, men at løysinga kanskje ikkje er svart-kvit.

– Fordi så mange av medlemmane, både i Ap og i LO har andre prioriteringar enn det LO-kongressen hadde for fire år sida, seier Kristiansen.

Eit kompromiss kan vere å verne delar av desse områda. Er det eit kompromiss du kan godta?

– Eg avviser ingenting.

Det treng ikkje vere 100 konsekvensutgreiing i alle områder for at du kan støtte det?

Nei, det treng det ikkje vere, seier Kristiansen.

Stemninga har endra seg

Fleire fylkeslag i Arbeidarpartiet har varsla at deira JA kan bli NEI når dei skal handsame spørsmålet om konsekvensutgreiing. LO-leiaren seier at det som skjer på grasrot-nivå, i både LO og Ap, påverkar ho.

– Som leiar i ein så stor organisasjon som LO må ein kjenne på stemninga der ute. Men eg trur LO kjem godt ut av dette til sjuande og sist, seier Gerd Kristiansen.

Arbeidarpartiet skal på sitt landsmøte i april ta stilling til om dei framleis går inn for konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja.

AKTUELT NÅ