Hopp til innhold

Større risiko for vulkanutbrot enn eit nytt 22. juli

22. juli var ein heilt isolert hending, og er lite sannsynleg for å skje igjen. Det var konklusjonen då det nasjonale tryggleiksbiletet i dag vart presentert for justisminister Grete Faremo.

Jon A. Lea og Grete Faremo

Jon A. Lea i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredsap presenterte den årlege rapporten for justisministeren i dag.

Foto: Jonas Sætre / NRK

I rapporten som vart lagt fram av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, vert den samla nasjonale tryggleiken i Noreg vurdert. Det vert konkludert at sannsynet for eit nytt terroråtak på norsk jord eg svært låg.

– 22. juli vert betrakta som ei heilt spesiell hending, og me meiner det ikkje er sannsynleg at noko liknande vil skje igjen, seier Jon A. Lea, direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap til NRK.

Dei har fått PST og politiet til å bidra med informasjon om risikoen for nye terroråtak, og det vert slått fram at det ikkje er større risiko for terroråtak no enn det var før 22. juli.

I den samla risikovurderinga er det større sanneleg at Noreg vil bli råka av eit vulkanutbrot enn eit nytt terroråtak.

Direktoratet har også rangert skipskollisjon og industribrann som meir sannsynleg enn terror, medan det er mindre risiko for eit større olje- og gassutslepp enn eit nytt terroråtak.

Flaks gjorde «Dagmar» handterleg

Eit anna tema som får omfattande merksemd i rapporten er ekstremvêret som har herja Noreg det siste året. I kjølvatnet av stormen «Dagmar» finn direktoratet at kommunane har lite altfor dårleg overordna beredskap når naturkatastrofar inntreff, og at dei i stor del takla utfordringane ved å improvisere. Og ein god porsjon flaks.

Det at temperaturane då «Dagmar» skjedde var såpass høge, gjorde at arbeidet vart mykje lettare. Hadde det vore minusgradar då straumen falt bort, ville utfallet ha vore langt meir alvorleg.

(artikkelen held fram under biletet)

Knust over bil

Ekstremvêret «Dagmar» som herja vestlandet i romjula viste at kommunane har mykje å hente på beredskap.

Foto: privat

Det at «Dagmar» skjedde i romjula var også ein stor fordel for kommunane. Færre kritiske funksjonar i kommunane var operative grunna heilagdagar, og det gjorde difor jobben lettare.

Lea meiner at det er mykje å hende på beredskapen i høve til straumbortfall i kommunane.

– Kommunane kunne med fordel ha teke inn over seg det å planleggje for eit straumbortfall. Delvis ved å ha reservestraum til viktige tenestar som helse og sjukeheimar, og det å kunne reinse vatnet.

– Stort poteniale

Justisminister Grete Faremo seier at vurderinga til direktoratet er viktig for kommunane når dei skal planleggje korleis dei skal handtere framtidige krisar betre.

– Eg trur kommunane har eit potensial til å førebu seg endå betre, og ikkje minst å takle den sårbarheiten som ligg i infrastruktur. Med denne rapporten vil me ha eit betre grunnlag å øve på ulike scenario, seier Faremo til NRK.

Rapporten som vart lagt fram i dag er den andre i ei varig serie av det nasjonale risikobiletet. Det er fleiere scenario i denne rapporten i fjor, der dei er delt inn i ulukker, naturhendingar og det som vert kalla tilsikta hendingar, altså terroråtak og liknande.

– Dette er eit forsøk på ein ordentleg måte å synleggjere scenariar der me kan seie at noko alvorleg kan skje, seier Lea.

AKTUELT NÅ