Hopp til innhold

Linda Bernander Silseth tek over Norsk Tipping

Linda Bernander Silseth vert ny styreleiar i Norsk Tipping i dag, det melder VG. Ho erstattar Lars Sponheim.

Linda Bernander Silseth

Linda Bernander Silseth er ny styreleiar i Norsk Tipping, ifølgje VG.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Onsdag kveld kunne NRK fortelje at kulturministeren kjem til å kaste store delar av styret i Norsk Tipping under årsmøtet torsdag.

Bernander Silseth er toppsjef i Flytoget og også tidlegare sjef for Tusenfryd.

Ifølgje Sporten.com skal også tidlegare volleyballspelar Bjørn Maaseide veljast inn i styret.

Nestleiar i styret, Silvija Seres og Tirll Elvira Mortensen, har stadfesta overfor NRK at dei ikkje får halde fram.

Widvey avgjorde åleine

Styret vart orientert om Widvey si avgjerd for to dagar sidan, og skal ikkje ha fått nokon grunngjeving for kvifor dei ikkje får fortsette.

Kulturministeren utgjer generalforsamlinga i verksemda, og bestemmer difor åleine korleis styret i Norsk Tipping skal sjå ut.

I 2013 omsette Norsk Tipping for nær 31 milliardar kroner. I fjor fekk selskapet refs av Riksrevisjonen og det vart stilt spørsmål ved om selskapet var effektivt nok.

Rigmor Aasrud seier at kritikken frå Riksrevisjonen ikkje er slik at den åleine krev at styret vert skifta ut.

Turbulent periode

Det har vore turbulens rundt Norsk Tipping i det siste. I november i fjor fekk styret og leiinga i verksemda refs av Riksrevisjonen. Riksrevisor Per-Kristian Foss stilte spørsmål ved om drifta av tippeselskapet er effektiv:

«Revisjonen stiller spørsmål ved om styret og leiinga i tilstrekkeleg grad har sett krav til effektiv drift og ressursbruk, og om disse er ambisiøse nok,» står det i rapporten frå Riksrevisjonen.

Sponheim har sete i styret i Norsk Tipping sidan 2009.

AKTUELT NÅ