Hopp til innhold

Kulturministeren kastar store delar av styret i Norsk Tipping

Etter det NRK erfarer, får ikkje Lars Sponheim halde fram som styreleiar i Norsk Tipping. Kulturministeren kjem til å gjere store endringar i styret under generalforsamlinga i morgon.

Kulturminister Thorhild Widvey (H) og Norsk Tipping-styreleiar Lars Sponheim

ENDRINGAR: Kulturminister Thorhild Widvey (H) skiftar ut Norsk Tipping-styreleiar Lars Sponheim. Ho kjem til å presentere det nye styret under årsmøtet i Norsk Tipping torsdag ettermiddag.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

Etter det NRK kjenner til, vil det bli store utskiftingar i Norsk Tipping-styret. Ifølgje NRKs kjelder blir storparten av styret bytta ut, inkludert styreleiaren.

Dermed må tidlegare Venstre-leiar og noverande fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, forlate vervet som styreleiar i tippeselskapet.

Norsk Tipping har årsmøte i morgon, torsdag, og statsråd Thorhild Widvey (H) vil der presentere den nye styresamansetjinga. Kulturministeren utgjer generalforsamlinga i verksemda, og bestemmer difor aleine korleis styret i Norsk Tipping skal sjå ut.

I 2013 omsette Norsk Tipping for nærare 31 milliardar kroner.

Nestleiaren må gå

Silvija Seres, nestleiar i Norsk Tipping

MÅ GÅ: Nestleiar Silvija Seres i Norsk Tipping får ikkje halde fram i styret, sjølv om hadde ønske om det.

Silvija Seres, som i dag er nestleiar i styret i Norsk Tipping, seier til NRK at ho ikkje får halde fram i styret.

– Eg har stilt meg til disposisjon, men har ikkje blitt spurt. Etter åtte år i dette styret er det ikkje uventa. Det er eigar sitt privilegium å velge det styret ein ønskjer, seier Seres.

– Norsk Tipping leverer svært gode resultat, og er i ein viktig omstillingsperiode teknologisk og strategisk. Difor er det viktig med kontiniutet i styret. Eg skulle veldig gjerne tatt ein periode til, seier Seres til NRK.

Turbulent periode

Det har vore turbulens rundt Norsk Tipping i det siste. I november i fjor fekk styret og leiinga i verksemda refs av Riksrevisjonen. Riksrevisor Per-Kristian Foss stilte spørsmål ved om drifta av tippeselskapet er effektiv:

«Revisjonen stiller spørsmål ved om styret og ledelsen i tilstrekkelig grad har satt krav til effektiv drift og ressursbruk, og om disse er ambisiøse nok,» står det i rapporten frå Riksrevisjonen.

NRK har fleire gonger forsøkt å få tak i Sponheim, men har ikkje lukkast. Sponheim har sete i styret i Norsk Tipping sidan 2009.

Norsk Tipping-styret består i dag av leiar, nestleiar og fem styremedlem:

  • Styreleiar: Lars Sponheim (f. 1957)
  • Nestleiar: Silvija Seres (f. 1970)
  • Styremedlem: Paal Ingvar Fure (f. 1967)
  • Styremedlem: Dag Bayegan-Harlem (f. 1977)
  • Styremedlem: Gjermund Nedgård (f. 1966)
  • Styremedlem: Torill Elvira Mortensen (f. 1961)
  • Styremedlem: Cathrine Muri (f. 1965)

Etter det NRK kjenner til vart dagens styre orientert om avgjerda til kulturministeren for to dagar sidan. Dei skal ikkje ha fått noko begrunning for avgjerda.

– Har ikkje fått tilbod om å halde fram

Styremedlem Dag Bayegan-Harlem stadfestar at han ikkje skal halde fram i Norsk Tipping-styret.

Thorhild Widvey

INGEN KOMMENTAR: Kulturminister Thorhild Widvey (H) vil ikkje la seg intervjue om saka.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Eg har ikkje fått tilbod om å halde fram. Statsråden bestemmer kven som skal sitje i styret, og det forheld eg meg til, seier Bayegan-Harlem til NRK.

Heller ikkje styremedlem Torill Elvira Mortensen får fortsetje.

– Eg kan stadfeste at eg ikkje har blitt spurt om å ta ein ny periode. Hadde eg fått tilbodet, så hadde eg sagt ja, seier Mortensen.

NRK har vore i kontakt med Kulturdepartementet, men kommunikasjonseininga seier at kulturministeren ikkje kan kommentere saka no.

Dei opplyser at departementet kjem til å sende ut ei pressemelding etter årsmøtet torsdag ettermiddag.

AKTUELT NÅ