Hopp til innhold

Legemiddelverket fryktar medisinmangel

I fjor blei det rapportert inn 1245 tilfelle der legemiddelselskapa ikkje klarte i levere medisinar. Det er dobbelt så mange gonger som i 2018. No fryktar Legemiddelverket at situasjonen skal bli verre i 2020.

Medisinmangel på norske apotek

MANGEL: Norske apotek og sjukehus har aldri mangla så mange medisinar som i 2019. No fryktar Legemiddelverket at 2020 skal bli enda verre på grunn av brexit.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Noreg har aldri mangla så mykje medisin som det vi gjorde i fjor. I løpet av 2019 kom det stadige meldingar frå sjukehus og apotek om at legemiddelselskapa ikkje klarte å levere nødvendige medisinar.

Innrapporteringa til Statens legemiddelverk stoppa i 2019 til slutt på 1245 tilfelle, som er dobbelt så mange som året før.

Konsekvensen av medisinmangelen er blant anna at folk ikkje får medisinane dei treng, og at sjukehusa står i fare for å måtte avlyse livsviktige operasjonar.

Fryktar 2020 blir verre

Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk seier mangelen skuldast lange produksjonskjeder.

– Magne av legemidla blir laga i land som India og Kina. Dei må bli transportert til Europa, der ei blir pakka og flytta på lager. Ingen ønsker å ha større lager enn høgst nødvendig. Så dersom det skulle skje noko, er det ingen reservar, seier han til NRK.

Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk.

Medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk, Steinar Madsen, meiner ein del av medisinmangelen skuldast at produsentane manglar reservar.

Foto: Kristian Havnes Klemetzen / NRK

Om 2019 var eit toppår for medisinmangel så langt, fryktar Madsen at 2020 skal bli enda verre.

– No får vi brexit. England er ein stor produsent og eksportør av legemiddel. No har dei starta å halde igjen legemiddel. Vi er veldig usikre på 2020.

Vil det seie at 2020 kan bli verre?

– Det kan bli verre. Eg ser dessverre inga stor løysing i 2020.

Ber folk vere føre var

På Apotek 1 Sfinxen i Oslo er fleire av hyllene bak disken tomme for medisin når NRK kjem på besøk. Blant anna manglar det ein migrenemedisin som det har vore vanskeleg å få tak i.

Apoteket gjer så godt dei kan for å unngå at det går tomt, seier apotekar Yemi Awoyemi.

– Vi gjer så godt vi kan for å halde oversikta, og løyse problema gjerne før dei oppstår. Og nokon gongar etter også.

Når medisinen pasientane eigentleg skulle hatt ikkje er på lager, kan det bety at dei må få ein tilsvarande medisin, eller gå over på ei anna behandling. Men pasientane kan også gjere enkle tiltak for sikre seg den medisinen dei skal ha, seier Awoyemi.

– Når det gjeld personar som står på faste medisinar, er det viktig at dei kjem til apoteket i god tid, før dei går tomme for medisinar.

AKTUELT NÅ