– For å gjere ein hjarteoperasjon på kort varsel må ein ha heparin, seier Alexander Wahba, som er professor og overlege i Thoraxkirurgi ved St. Olavs hospital.
Alexander Wahba, som er overlege ved St. Olavs hospital, seier dei på kort sikt er heilt avhengige av legemiddelet Heparin om dei skal utføre hjarteoperasjonar.
Foto: Jøte Toftaker / NRKHan viser NRK ei hjarte- og lungemaskin som har som funksjon å overta dei livsviktige oppgåvene til hjartet og lungene under ein operasjon.
– For å kunne bruke denne maskina, må vi gi pasienten heparin for å hindre at blodet koagulerer, poengterer Wahba.
Sjølv om det finst alternativ på sikt, er kirurgane heilt avhengige av heparin for å utføre hjarteoperasjonar på kort varsel.
Vil hamstre heparin på Noregs beredskapslager
– Får vi ein reell mangel på heparin, vil pasientar døy. Då har vi ikkje noko alternativ. Det vil spesielt gå utover dei mest alvorleg hjartesjuke pasientane, seier Steinar Madsen.
Han er medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk.
– Får vi ein reell mangel på heparin, vil pasientar døy. Då har vi ikkje noko alternativ. Det vil spesielt gå utover dei mest alvorleg hjartesjuke pasientane, seier Steinar Madsen.
Foto: Statens legemiddelverkIfølgje Madsen er det i tillegg til hjartesjuke òg andre, store pasientgrupper som bruker det blodfortynnande legemiddelet.
Heparin blir mellom anna brukt til å førebygge blodpropp og til kunstig nyrebehandling.
Madsen anslår at mellom 60.000 og 80.000 pasientar i Noreg er avhengig av legemiddelet.
Legemiddelverket krev derfor at heparin hamnar på beredskapslista til Noreg.
– Vi foreslår at vi må bygge opp større lager av heparin i Noreg, fordi det kan blir ein mangel om eitt til to år, og det ville vere veldig alvorleg.
– Noreg veldig utsett
Heparin blir framstilt av grisetarmar. Mesteparten av råstoffet kjem frå Kina, som har vore ramma veldig hardt av svinepest.
– Derfor er vi redde for at det skal bli ein alvorleg mangel på dette råstoffet i løpet av eit år eller to, seier Madsen.
– Er det rettferdig overfor andre land som ikkje har same moglegheit som Noreg til å hamstre dette legemiddelet?
– Det er klart at det er ei reell problemstilling. Vi ser at fleire land sperrar for eksport på grunn av legemiddelmangel. Noreg er veldig utsett, fordi vi ikkje har nokon legemiddelproduksjon i landet. Vi føler vi må gjere dette på vegner av våre pasientar, legg han til.
– Fornuftig vurdering
Stortingspolitikar Sveinung Stensland (H) er sjølv farmasøyt og er godt kjent med utfordringa Noreg står overfor dersom vi går tomme for blodfortynnande heparin.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK19. desember sende Statens legemiddelverk eit forslag om å kjøpe inn heparin i beredskap ut på høyring.
– Det høyrest ut som ei fornuftig vurdering, seier Sveinung Stensland, som er stortingsrepresentant for Høgre.
Han er utdanna farmasøyt og sit i helsekomiteen på Stortinget.
Stensland kjenner godt til faren ved heparin-mangel, og er samd i at Noreg står overfor ei utfordring om vi går tomme for det livsviktige legemiddelet.
– Det er viktig at norske styresmakter tar vare på behovet til norske pasientar, og sørger for at norske legar og pasientar kan halde fram som i dag og gi god behandling, seier Høgre-politikaren.