Hopp til innhold

Medisinmangel: I to millionar tilfelle får ikkje folk legemiddelet som står på resepten

Aldri før har så mange medisinar mangla på norske apotek og sjukehus. For nokon kan det bli alvorleg og redusere levetida.

Henter medisin på apoteket

På grunn av medisinmangel klarar ikkje apoteka å gje medisin til alle med resept. Dette kan gjere Noreg i ein sårbar situasjon.

Foto: Hanne Tungen / NRK

I Noreg er det rekordstor medisinmangel.

I ei undersøking gjort av Apotekforeininga tidlegare i vår blei det avdekt to millionar tilfelle der pasienten ikkje får det som står på resepten.

Fordi det er tomt i apoteka.

– Det er problematisk fordi apoteka gjerne vil hjelpe alle, seier kommunikasjonssjef i Apotekforeininga, Jostein Soldal.

To millionar er ikkje talet enkeltpersonar, men talet på tilfelle. For 1,5 millionar av tilfella klarar apoteka å finne tilsvarande legemiddel som er nemnt i resepten.

– Dersom ein har resept på 100 mikrogram, men apoteket er tomt for det, så kan det erstattas med tre pakkar med 30 mikrogram eller utanlandske pakningar med same innhald, seier Soldal.

For dei resterande 500 000 tilfella finst det ikkje ei god løysing dersom det manglar eit legemiddel.

– Dette er eit problem som ser ut til å auke.

Her kan du sjå ei oversikt over legemiddel som manglar.

Jostein Soldal, kommunikasjonssjef Apotekforeningen

Apotekforeininga syns at medisinmangelen er problematisk og beklageleg.

Foto: Stian Gregersen

Nokon meir utsette enn andre

I 2018 blei det registrert 684 tilfelle av medisinmangel. Allereie til no i 2019 har det vore registrert 848 meldingar.

Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket fryktar at det kan bli langt over 1000 tilfelle.

– Det er stadig fleire pasientar som blir ramma av dette. Blant anna dei som brukar blodtrykksmedisinar, stoffskiftemedisinar og antibiotika, seier Madsen

Ein gjentakande mangel i år er blodtrykksmedisinar.

Blant anna fordi det viste seg at noko av blodtrykksmedisinane var forureina med små mengder av kreftframkallande stoff og måtte trekkjast frå marknaden.

– Dette skapar mykje bekymring for pasientar og meir arbeid for både legar og apotek.

Også dei som brukar legemiddel mot kreft kan merke mangelen.

– Får dei ikkje den medisinen dei treng kan livet deira blir forkorta. Vi hadde eit kreftlegemiddel som blir brukt av både born og vaksne, og da måtte vi prioritere borna, seier Madsen.

Antibiotika

Seinast beskjeden sjukehusa fekk er ei oppfordring om å redusere bruken av antibiotikumet piperacillin-tazobactam.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Avhengig av import

Årsaka til medisinmangelen er fleirdelt, ifølgje Madsen. Produksjonsproblem på fabrikken og utstyr som må skiftast ut, gjer at produksjonen ligg nede. Noko kan også skje på transportvegen.

– Det er ein logistikk som skal gå opp. For eksempel så kan eit råstoff bli laga i Kina, så sendast det til India for å bli gjort om til tablettar. Så blir det sendt til Italia kor det blir stabla i esker. Skjer det noko som øydelegg prosessen, blir Noreg ekstremt sårbare.

Noreg er heilt avhengig av legemiddelimport. Mangelsituasjonen gjeld i heile Europa, noko som kan føre til at store land som lagar mykje av legemidla sjølve, bestemmer at dei ikkje vil eksportere midlane. Det kan vere land som Tyskland, England og Frankrike.

– Når ein kjem i ein slik situasjon at nokkre av landa beskyttar seg sjølve, vil det vere problematisk for Noreg.

Steinar Madsen

Legemiddelverket meiner at trass i medisinmangelen har det ikkje vore tilfelle kor det har stått om liv og helse.

Foto: Hanna Huglen Revheim / NRK

No har Helsedirektoratet tatt tak i problemet, noko Apotekforeininga er glad for. Dei meiner det må kraftige tiltak til for å betre situasjonen.

– Vi trur også at det kan hjelpe med et best mogleg samarbeid med Statens legemiddelverk og leverandørane, seier Soldal.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark