Legar blir sjelden straffa

Nesten alle legar som blir meldt til helsetilsynet for grove feil i tenesta, får halda fram i jobben.

Det viser ei undersøking NRK har gjort på bakgrunn av tal frå Statens Helsetilsyn.

Illustrasjonsfoto
Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Kvart år mottek fylkeslegane kring 900 klager mot legar i Noreg. Av alle desse klagene hamnar eit fåtal, berre 13 prosent, hos Statens helsetilsyn. Dette er dei alvorlegaste sakene, og nesten alle handlar om grove feil.

Får halde fram

Den strengaste straffa han kan gi, er å ta frå legen autorisasjonen. Men nesten ingen legar mister autorisasjonen på grunn av uforsvarleg pasientbehandling.

- For enkeltstående brot på kravet til forsvarleg behandling vil det ikkje resultera i tilbakekalling av autorisasjon, stadfestar avdelingsdirektør Gorm Are Grammeltvedt i Statens helsetilsyn.

- Det betyr at ein lege kan gjera grove feil?

- Innenfor det vi ser i praksis av feilbehandling så er det rom for å gjera feil og halda fram, seier Grammeltvedt.

Rus og sex-overgrep

Slik gjekk det med dei legane som blei klaga inn til fylkeslegane i åra 2003-07:

  • 2003: 838 klager - 16 mista autorisasjon
  • 2004: 952 klager - 19 mista autorisasjon
  • 2005: 925 klager - 15 mista autorisasjon
  • 2006: 961 klager - 21 mista autorisasjon

Ingen av dei som mista autorisasjonen på desse fire åra, mista han på grunn av feilbehandling. Rus, seksuelle overgrep og eigen sjukdom er det vanlegaste grunnane til at legane mister autorisasjonen.

- Må lære av feila

- Vi gjer alle feil, det viktigaste er å lære av feila. Vi lærer ikkje meir av feila ved meir straff, seier Torunn Janbu, leiar i Den norske legeforening.

SISTE NYTT

Siste meldinger