Hopp til innhold

Lange køar etter datatrøbbel hos politiet

Datasystemet til politiet meldte pass torsdag. Det førte til lange køar over heile landet. No har politiet fått fiksa feilen.

Passkø Grønland

Ein datafeil hos politiet rammar passystemet. Det gjer at det tek lenger tid å bestille pass. Dei som allereie har bestilt, får dei nye passa i posten på vanleg måte. Dette er frå politistasjonen på Grønland i Oslo torsdag.

Foto: NRK

Dei som skulle ha nytt pass torsdag, måtte smørje seg med tolmod. Politiet hadde datatrøbbel som blant anna ramma systemet for bestilling av pass. Feilen ramma heile landet.

No er problema løyst.

– Det pågår framleis noko etterarbeid, men i hovedsak er problema løyste, seier fungerande IKT-direktør Asbjørn Rønnestad i Politidirektoratet i ei pressemelding.

Passystemet var blant systema som blei ramma av feilen. Men det var berre dei som skulle bestille nye pass som ikkje fekk gjort det. Produksjon og utskriving av pass blei ikkje påverka av feilen.

Lange køar

Feilen kom på eit dårleg tidspunkt for politiet, med mange som måtte ha nye pass før sommaren. I Oslo var det mange som venta på at systemet skulle kome opp igjen. Men dei fleste tok situasjonen med ro.

I Ålesund kom dei første klokka åtte, for å sikre seg pass i dag tidleg, sjølv om lokala opna først klokka ni. Men like etter opningstid fekk alle ventande beskjed om at passystemet var nede, og at det var uvisst når det kom opp igjen.

Då var det rundt 30 personar i kø på venterommet, ei rekkje barn som hadde tatt seg fri frå skulen, og foreldra deira.

AKTUELT NÅ