Hopp til innhold

Dyrare egg, potet og laks: Sjekk kor mykje prisane har stige

Ei rekke vanlege matvarer som løk og potet har stige kraftig i pris det siste året, mens det i EU har nærast stått stille. Prispresset på mat kjem til å fortsette, spår matforskar.

Manish Budathoki og dattera Eona

Manish Budathoki og dottera Eona har ei god arbeidsfordeling når dei handlar: far held varene mens dotter skannar.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Pris er veldig viktig, særleg for oss med små barn. Kostnadene har gått så høgt opp det siste halvanna året, så vi er nøydde til å finne dei varene som er litt billigare.

Det seier Manish Budathoki når NRK treffer han og dottera Eona på handletur på Coop Obs på Alnabru.

_7102446
Foto: Anders Eidesvik / NRK

Dette er den tredje butikken han er innom i dag. Han er på jakt etter dei beste tilboda.

– Det løner seg å dra innom fleire butikkar, da merker ein prisforskjellen på fleire varer.

Les også Matprisane auka med 10 prosent i 2023

Vibeke Gustad og Per Øyvind Bjørshol i matbutikken i Kristiansund

Slik har prisane stige

Maten har blitt mykje dyrare dei siste åra, og sjølv om prisveksten på mat har stansa i EU med godt under 1 prosent oppgang det siste året, fortset veksten i Noreg.

I juni var prisen for mat og alkoholfri drikke 4,9 prosent høgare enn for eitt år sidan, ifølge Statistisk sentralbyrå (sjå faktaboks over prisendringar for ei rekke varer).

_7102467

Laksefiletar eller heil aure? Prisane har stige like mykje.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Det ser ut til at daglegvarekjedene har auka prisane meir til forbrukarane, enn det leverandørsida har auka til daglegvarekjedene, seier matforskar Ivar Pettersen.

Dermed tener daglegvarekjedene meir.

Ivar Pettersen, matforsker, ALO-Analyse.

Ivar Pettersen, matforskar hjå Alo-Analyse.

Foto: H. Philip Hofgaard

Pettersen legg til ein annan faktor som har medverka til prisauke.

– Vi har hatt eit kraftigare lønnsoppgjer i Noreg, enn elles i Europa.

40 kroner for løk i lausvekt

I butikkane bognar innhausta grønsaker. Men prisane er stive.

Løk i lausvekt kostar no over 40 kroner kiloen. Norsk løk kosta ned mot 20 kroner kiloen i fjor sommar, altså halvparten av dagens prisar.

40 kroner kiloen blir for dyrt for Budathoki.

_7102454

Nokon vil meine at det er heilt løk at kiloprisen på lausvekt er høgare enn kiloprisen på strømpeløk.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Det er litt dyrt for oss, så eg pleier heller å kjøpe fem kilo løk og dele med to kompisar slik at det blir litt billigare for oss, seier Budathoki.

Prisen på nypoteter ligg på godt over 30 kroner kiloen og ein bunt gulrøter ligg rundt 35 kroner.

Det betyr at ein middag til familien med grønsaker og poteter kostar fort mange hundre kroner.

– Myndigheitene har bestemt seg for å auke tollvernet på ein del matprodukt på sikt. Dette gjeld mellom anna poteter, seier Pettersen.

Auka tollsatsar gjer at desse varene vert dyrare for folk, meiner han.

Også meieriprisane er høge. Ein pakke smør kostar nå minst 60 kroner, mens ei lettmjølk er vanskeleg å finne til under 20 kroner.

– Mjølk og mjølkeprodukt har blitt veldig mykje dyrare, merkar Budathoki.

_7102328

Budathoki kjøper helst mjølk når det er på tilbod.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Les også Spår bråbrems i prisveksten på mat

Smågodt

Billigare før

Etter ein vellykka handletur går Budathoki mot kassa. Med god hjelp frå dottera får han skanna inn alle varene og henta kvittering.

_7102386
Foto: Anders Eidesvik / NRK

Han viser fram fangsten til NRK. Han består av to mjølkekartongar, to brød, ein cottageost, litt frukt, nokon bringebær, to frosenpizzaer, yoghurt og nokon hamburgarar på tilbod.

Sluttsummen på kvitteringa viser 500 kroner for 14 varer.

Og dette er sjølv med dei beste tilboda?

– Ja, dette er med dei beste tilboda. Før pleidde vi å betale cirka 300–350 kroner for same mengde varer. Så vi har merka det.

_7102399

Dei lærde stridest om det er sluttsummen eller innhaldet på kassalappen som gjeld. Dyrt blei det i alle fall. 500 kroner for 14 basisvarer.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Utover hausten trur matforskaren at prisveksten kjem til å dempe seg til 4 prosent, mellom anna på grunn av jordbruksoppgjeret.

– Det er framleis ganske høgt, avsluttar Pettersen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger