Hopp til innhold

Ingen rapportar om streike-konsekvensane - no kjem bestillinga

Lærarstreiken har vart i tre månader, og uroa aukar for elevar som ikkje har eit godt skuletilbod. Men fram til i dag hadde regjeringa verken fått eller bestilt ein einaste rapport om konsekvensane av streiken.

Skolebarn

Fagfolk advarer om at lærarstreiken kan få store konsekvensar for elevane.

Foto: Thomas Brun / NTB

Oppdatert: Fredag føremiddag opplyser Utdanningsdirektoratet til NRK at dei treng meir informasjon om konsekvensane av streiken og at dei no sender ut ei bestilling til statsforvaltarane om å kartlegge situasjonen.

Bestillinga frå Utdanningsdirektoratet skjer etter at nrk.no og NRKs Nyhetsmorgen i dag sette lys på mangelen på informasjon om streikekonsekvensar.

Den siste tida har nemleg uroa for streikekonsekvensane auka både blant elevar, skuleleiarar og foreldre.

Det enklaste for å få avslutta ein streik er at partane blir einige.

Men lærarstreiken ser ut til å trekke i langdrag.

Då er alternativet at regjeringa set ned foten og avgjer at det blir tvungen lønsnemnd. Skal regjeringa gå til eit så alvorleg steg må dei gjere det fordi liv og helse er truga eller fordi ein konflikt har «alvorlege samfunnsmessige konsekvensar».

Ingen undersøker

Om dette sa kunnskapsminister Tonje Brenna følgande i eit intervju med NRK onsdag:

– Eg som kunnskapsminister følgjer jo, saman med departementet, Utdanningsdirektoratet og statsforvaltarane, vår eigen sektor for å sjå korleis det står til. Det gjer vi til ei kvar tid.

Tonje Brenna

ANSVAR: Kunnskapsminister Tonje Brenna har ansvaret for å følgje med på streikekonsekvensar i sin sektor.

Foto: Even B. Johnsen

Men verken utdanningsdirektoratet eller statsforvaltarane har satt i gang noko systematisk arbeid for å følgje konsekvensane av lærarstreiken.

Det får NRK stadfesta frå fleire statsforvaltarar og frå Utdanningsdirektoratet.

Styresmaktene har heller ikkje bestilt rapportar om streikekonsekvensane så langt NRK har klart å kartlegge.

– Vi følgjer med, men dette er ein nasjonal streik. Då må nasjonale styresmakter bestille rapportar viss det er aktuelt, seier Gunnar Hæreid, som er assisterande statsforvaltar i Vestland, til NRK.

– Med andre ord har det ikkje kome noka slik bestilling?

– Nei, ikkje enno.

Hæreids skildring stemmer med det andre statsforvaltarar fortel til NRK. Statsforvaltaren i Agder er ein av dei andre som stadfestar at dei til no ikkje har sett det som sitt mandat å undersøke streikekonsekvensane.

Assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid

FØLGJER MED: Men statsforvaltaren i Vestland har ikkje skrive rapportar om lærarstreiken, seier Gunnar Hæreid.

Foto: Kaia Viki / NRK

Også Utdanningsdirektoratet stadfestar til NRK at det ikkje er gitt rapportar om streikekonsekvensane til regjeringa.

«Vi har førebels ikkje sendt Kunnskapsdepartementet nokre vurderingar av situasjonen, men vi er i dialog med departementet og statsforvaltarane om kva vi treng av informasjon og korleis vi skal innhente den», skriv kommunikasjonsavdelinga i direktoratet til NRK.

Det er arbeidsminister Marte Mjøs Persen som kan avgjere at det blir tvungen lønsnemnd. Men dei andre departementa har eit særleg ansvar for å følgje utviklinga på sitt område og å gje informasjon til arbeidsdepartementet. Difor har Kunnskapsdepartementet ei viktig rolle i denne situasjonen, slo arbeidsdepartementet fast i eit brev seinast i vår.

NRK kjenner til at streikekonsekvensane var tema på eit møte mellom Utdanningsdirektoratet og Statsforvaltarane i går ettermiddag, men at det heller ikkje der vart gitt marsjordre om noko systematisk kartlegging av konsekvensane.

Kommunen følgjer med

Dei streikeråka kommunane er på den eine sida part i saka gjennom arbeidsgjevarorganisasjonen KS. Men på den andre sida sit dei med oversikt og kunne nok meldt vidare om dette.

Bergen kommune er ein av dei kommunane som har vore hardast råka av streiken.

Direktør i Etat for skule i Bergen kommune, Frode Nilsen, fortel til NRK at kommunen heile vegen har bede skulane og rektorane om å fortelje dei om konsekvensane for skuleelevane. Denne oversikta har mellom anna gjort at kommunen har oppretta lokale aktivitetstiltak for barn og unge på dagtid, fortel han.

Men heller ikkje frå Bergen kommune har det gått beskjedar vidare om konsekvensane til det systemet som kunnskapsministeren viser til.

Per no har vi ikkje sendt nokre formelle bekymringar til statsforvaltar, stadfestar Nilsen til NRK.

Men han understrekar at dei siste opptrappingane aukar alvoret.

Vi er i ein situasjon no der vi vurderer å melde bekymring til statsforvaltar.

Arbeidsgjevarorganisasjonen KS opplyser til NRK at dei har ei oppdatert oversikt over streikekonsekvensar hos medlemskommunane rundt i landet. Men denne er for intern oversikt og blir ikkje rapportert til regjeringa sitt apparat.

Ikkje relevant for helsetenestene

Helsetilsynet har tidlegare fortalt til NRK at dei ikkje ser på elevars psykiske helse under lærarstreiken.

Også dette tilsynet har eit lokalt apparat ute hos statsforvaltarane, nemleg fylkeslegane.

Men heller ikkje dei ser på streikekonsekvensar.

Andres Neset

FYLKESLEGE: Andres Neset i Rogaland.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fylkeslegen i Rogaland fortel at dei ikkje gjort noko arbeid for å kartlegge konsekvensar av lærarstreiken, og seier det er i tråd med dei føringane vi har fått frå helsetilsynet.

På eit møte denne veka vart fylkeslegane påminna av helsetilsynet om at dei ikkje skulle ha noka rolle i å vurdere konsekvensane av lærarstreiken.

Viss vi skulle gjort eit arbeid på dette måtte vi fått ei avklaring frå styresmaktene om at vi skulle gjere det, seier fylkeslege i Rogaland, Andres Neset, til NRK.

Regjeringspress

Staten er stor. Så kan det likevel finnast nokon ein stad som har oversikta?

NRK har spurt Arbeids- og inkluderingsdepartementet om dei har fått inn noko form for varsel om alvorleg situasjon på grunn av streiken.

Til det svarar departementet at «kommunikasjon undervegs i ein konflikt blir ikkje kommentert og er unntatt offentlegheita».

Men NRK kjenner også til at det så langt ikkje har kome beskjed til partane i lønsforhandlingane, lærarorganisasjonane og KS, om at regjeringa vurderer konsekvensane av streiken som kritiske.

Kjelder som kjenner forhandlingssystemet godt, seier at slik kunnskap om at regjeringa vurderer konsekvensane ofte kan legge press på partane i forhandlingssituasjonen og bidra til å tvinge fram ei løysing.

I dette tilfellet tyder altså alt på at slike vurderingar ikkje finst, men kunnskapsminister Brenna ba i Dagsrevyen onsdag partane anstrenge seg for å finne ei løysing. Det bidreg til å auke presset på partane, meiner FAFO-forskar Kristine Nergaard.

Forventar eit system

Førre veke ba Barneombod Inga Bejer Engh Kunnskapsdepartementet om å skaffe ei oversikt over streikekonsekvensane.

Barneombod Inga Bejer Engh.

FORVENTNING: Barneombod Inga Bejer Engh.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Kva synest du om at det ikkje ser ut til å vere gjort noka kartlegging av streikekonsekvensane?

Eg føreset at det finst eit system som i dag sikrar at regjeringa får kunnskap om dei negative følgjene av streiken. Viss det systemet ikkje finst, så forventar eg at det kjem på plass ganske omgåande.

NRK spurde til slutt Kunnskapsdepartementet om dei kunne dokumentere at det er gått eit konkret oppdrag om å følgje med på konsekvensane av streiken i skulen og om statsråd Tonje Brenna ville kommentere dette.

Svaret kom skriftleg:

«Kunnskapsdepartementet har hatt dialog med Utdanningsdirektoratet. Direktoratet har dialog med statsforvalterne, der de avklarer hva de trenger av informasjon og hvordan de skal innhente den.»

AKTUELT NÅ