Stene tek til i stillinga 16. oktober i år, etter at årsmålsstillinga hans i Kystverket går ut. Han etterfølgjer Monica Kristensen, som måtte gå frå jobben etter omfattande uro internt i selskapet.
Øyvind Stene er fødd i 1947. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH, og han har arbeidd både i det offentlege og i det pivate næringslivet. Han har vore kystdirektør sidan 2000.
Kystdirektør Øyvind Stene blir ny generalsekretær i Redningsselskapet. (Foto: Lise Åserud/Scanpix)
Han var sjef for Kystverket då flyttinga frå Oslo til Ålesund gjekk føre seg. Frå 1973 til 1984 var han tilsett i konsulentfirmaet Viak, med unntak av eitt og eit halvt år som NORAD-ekspert i Zambia.
I 1984 vart han direktør i Norges Sjøkartverk, og i 1990 vart han kartverksjef i Statens Kartverk. I 1996 vart han partnar og rådgjevar hos Kjeld Rimberg & co, før han gjekk til Kystverket i 2000.
- Vi er svært nøgde med at Øyvind Stene har teke denne utfordringa, og vi kjenner oss trygge på at han er rette mannen til å føre Redningsselskapet vidare framover. Dette er ein viktig periode for hovudaktøren i tryggingsarbeidet langs kysten, seier presidenten i Redningsselskapet, Lars Hellandsjø.
Øyvind Stene seier i eit intervju med NRK at han håpar å kunne vere med på å byggje opp igjen tilliten som Redningsselskapet fortener, etter at det har vore mykje uro i selskapet.
- Det er mange dyktige folk som arbeider for Redningsselskapet langs heile kysten. Dei har gjort ein god jobb heile tida, og det er mange flotte personar her. Eg håpar at, når vi får sarbeide saman, skal få dette til, seier han.
På spørsmål om korleis han skal greie å gjenreise Redningsselskapet, svarar Stene dette:
- Eg har vore leiar og sjef i stort sett heile arbeidslivet mitt. Eg har jobba med sjøtryggleik både i Kartverket og i Kystverket. Saman med dyktige folk i systemet skal eg greie dette.