Leiarlønningane aukar kraftig, og no er tida komen til at også dei lågtløna må få eit hopp, meiner mange.
Andre hevdar at store tillegg til folk flest vil ta fullstendig knekken på norsk konkurranseevne.
Startskotet for lønsoppgjeret gjekk måndag då Fellesforbundet og Norsk Industri starta forhandlingane for rundt 50.000 arbeidtakarar i industrien.
Diskuter: Lønshopp for folk flest?
Dei store sentrale oppgjera har blitt kritisert for å vere ei altfor gammaldags oppgjersform.
Problema med til dømes mangel på førskulelærarar kan ikkje løysast med sentrale oppgjer, hevdar kritikarane.
Dei vil i staden gje dei lokale forhandlingane ein meir sentral plass, og gje større rom for bonusar og individuelle tillegg. Men skal dette vere vegen å gå for lønsoppgjera framover?