Kosovo erklærte seg som ein sjølvstendig nasjon sundag. Landet er den sjette staten som er danna av det tidlegare Jugoslavia.
Det er framleis uklart kva land som vil godkjenne den nye nasjonen.
Les:
I Redaksjon EN i kveld diskuterte kosovoalbanarar og serbarar i Noreg kva som er det beste for Kosovo.
- Ulovleg lausriving
- Vi er på ville vegar dersom alle utbrytarstatar skal få sjølvstende. Det finnes hundrevis av slike konfliktområde som Kosovo, seier Juva Kosanovic, som er serbar og fyrsteamanuensis ved Universitetet på Ås.
Boris Maksimovic er leiar for Serbisk forening i Norge. Han planlegg å arrangere ein demonstrasjon mot lausrivinga.
- Dette er ei ulovleg lausriving som bryt med internasjonal rett. Eg er redd for at Noreg skal akseptere den nye staten, seier han.
- Alle skal føle seg heime
Kosovoalbanaren, Zylio Taraku, som er nestleiar i Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS), meiner det er på høg tid med ei lausriving.
- Kosovo kunne aldri halde fram med å vere ein del av Serbia etter det som skjedde på 90-talet, seier han.
Daut Haxhaj er leiar for Kosovos demokratiske forbund i Noreg. Han er opptatt av at Kosovo skal samlast, og at landet skal tilhøyre alle som bur der.
- Lausrivinga opnar ei ny dør for oss, no skal vi bygge opp landet. Alle i Kosovo skal føle seg heime i landet, både kosovoalbanarar og serbarar, seier han.
Direkte frå Pristina
Maria Fuglevåg Varsinsky er journalist, har laga film om Kosovo, og er for tida på reise i landet.
- Folk dansar, syng og lykkelege. Fridomen betyr enormt mykje for folket etter mange år med undertrykking, fortel Varsinsk diretekte frå Pristina.
Lubja Rajic er serbisk professor. Under krigen skreiv han dagbok i Dagbladet om korleis det var å bli bomba. Han hevdar ein sjølvstendig stat er ei ulykke for Kosovo.
- Kosovo er ingen fungerande stat. Landet har enorm arbeidsløyse, små skatteinntekter og enorm korrupsjon. Når EU stengjer stønaden til landet, kjem det til å gå verkeleg ille, meiner han.
Ventar på norsk godkjenning
Kari Osland frå Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) meiner ei rekkje land vil godekjenne den nye staten i Europa.
- Om lag 100 land har gitt vink om at dei kjem til å godkjenne Kosovo som stat. Noreg kjem til å gjere det, men vi blir ikkje blant dei fyrste, meiner Osland.
Balkan-ekspert Jon Kværne ser for seg at det blir det blir store spenningar i Kosovo framover.
- Ein får håpe Nato og politiet vil halde det heile under kontroll, seier han.
NETT-TV: