Hopp til innhold

Kronprins Haakon møter ebola-offer i Liberia

Det er møte med verdas fattigaste som rører kronprins Haakon aller mest. Han som ein dag skal bli konge for verdas lukkelegaste folk i rike Norge. I dag reiser kronprinsen til Liberia for å møte dei som overlevde ebola.

kronprins haakon møter mor og barn i Afrika

I 14 år har kronprins Haakon besøkt vore talsmann for FN sitt utviklingsarbeid. Eitt av dei første reisene gjekk til Tanzania.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix

Mindre enn eitt år sidan Liberia vart erklært ebola-fritt, er norges neste konge på veg til landet vest i Afrika. Der venter kvardagen til nokre av dei som klarte seg gjennom den brutale epidemien.

Ebola-viruset tok livet av 11.300 menneske i Guinea, Sierra Leone og Liberia frå 2013 til 2015.

LES OGSÅ: Hverdagslivet går sin gang tross ebola

Djupe inntrykk

I 14 år har kronprins Haakon besøkt dei minst priviligerte i verda som talsmann for FN sitt utviklingsarbeid.

– Nokre av personane som har gjort djupast inntrykk på meg gjennom livet, har eg møtt på reisene saman med UNDP, sa kronprins Haakon då UNDP feira 50-årsdag i New York i fjor haust.

NRK følgjer kronprins Haakon si FN-reise til Liberia.

I dag reiser kronprinsen til Liberia for å møte dei som overlevde ebola.

Helsearbeidarar døydde

Når kronprins Haakon landar i hovudstaden Monrovia seint søndag kveld, venter møte med menneske som har overlevd borgarkrig, massedrap og ebola, og som lever i eit land som rangerer langt nede på FN sine velferdsstatistikkar.

Ebola-krisa bidrog til å svekke landet yttarlegare, blant anna fordi mange helsearbeidarar miste livet.

LES OGSÅ: 2000 ebola-pleiere truer med streik

Liberia miste, ifølgje tidsskriftet The Lancet, åtte prosent av alle sjukepleiarar, jordmødre og legar under epidemien. Det er venta at mange tusen kvinner vil døy under fødsel som direkte følgje av mangel på helsepersonell.

Ved Redemption Hospital i Monrovia døydde 12 legar og sjukepleiarar etter å ha blitt smitta medan dei behandla ebolasjuke pasientar. Kronprins Haakon skal møte dei som er att.

Presidentmøte

Presidenten i Liberia, Ellen Johnson Sirleaf har sett av tid til den norske kronprinsen onsdag. I 2003 vart ho den fyrste demokratisk valde kvinnelege statsleiaren i Afrika. I 2011 vart ho tildelt Nobels fredspris.

Nobels fredsprisvinner Ellen Johnson Sirleaf

President i Liberia, Ellen Johnson Sirleaf, mottok Nobels Fredspris i Oslo Rådhus i 2011.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Når det liberiske folk igjen skal velje president seinare i år, stiller ikkje Madame President til gjenval.

I kjølvatnet av ebolakrisa vart ho kritisert for ikkje gjere nok for å hjelpe. Det er organisasjonar som UNDP, som i stor grad står bak tiltak som får dei som overlevde vidare.

Norsk politibidrag

Liberia er avhengig av hjelp utanfrå både økonomisk og til å halde freden i landet stabil. FN overvaker framleis fredsprosessen 14 år etter at den siste borgarkrigen tok slutt. Norsk politi er med i det arbeidet.

Korleis presidenten vurderer situasjonen i landet i dag, er eitt av spørsmåla kronprins Haakon får svar når han møter Ellen Johnson Sirleaf denne veka.

AKTUELT NÅ