Einar Høigaard
Grafikk: Anja Oppen

Krigen frå kateteret

Tusenvis av norske lærarar og studentar vart arresterte under den andre verdskrigen. Fleire fekk aldri oppleve frigjeringsdagen 8. mai for 75 år sidan.

Universitets- og gymnaslæraren Einar Høigård opnar vindauget mellom 3. og 4. etasje på Victoria terrasse med brannskadde hender.

Høigård har hemmelegheiter som tyskarane vil bruke alle midlar for å få vite. No har han funne ei glipe i vakthaldet.

Mellom avhøyra har han fått lov å sende ut eit brev til den høggravide kona si og dei tre barna deira.

Til den eldste dottera, Berit (9), skriv Høigård at ho stadig vert flinkare å teikne og rekne.

Til sonen Tore, som berre er seks år og ikkje kan lese så godt enno, skriv lærarpappaen med store bokstavar:

«VÆR STOR, STERK, FLINK OG SNILL GUTT. SNILL GUTT ER VIKTIGST»

Til den yngste dottera, Ellen (1), skriv Høigård:

«Kan du si Vågå? Pappa vet jeg fra før du kan si – ikke glem det helt.»

Tilbake i det opne vindauget ved trappa nokre dagar seinare ser han utover Oslo før han legg frå seg brillene og hatten.

Kva var det læraren visste, som fekk han til å ofre alt?

I år er det 75 år sidan frigjeringa av Noreg under den andre verdskrigen.

Einar Høigård sine barn har gjennom fleire år leita etter dokument og personar som kan fortelje historia om kvifor far deira gjorde som han gjorde under krigen.

Historia hans fortel oss kor mykje dei norske lærarane var villige til å ofre i kampen mot eit av dei verste autoritære regima verda har sett, og kva pris dei betalte for demokratiet vi feirar i dag.

Såg kva som skjedde i Tyskland

Einar Høigård vart fødd i 1907 i Stavanger. Han studerte sidan språk og litteratur (filologi) ved Universitetet i Oslo. Høigård fordjupa seg òg i pedagogikk. Ved uteksamineringa skal han ha vore studenten med dei beste karakterane på heile avgangskullet sitt.

Einar, Elfrida og Berit Høigård.

I 1934 gifta han seg med Elfrida Glomnes i Vestre Aker kirke, same året reiste dei saman til hans nye jobb som lærar ved universitetet i Hamburg, der dei skulle vere i eitt år.

Den eldste dottera deira, Berit, vart fødd i Tyskland.

Einar, Elfrida og Berit Høigård.

Tyskland var under ombygging. Adolf Hitler og nazistane var allereie godt i gang med å hjernevaske tyske barn og unge med ideologien sin.

Fleire lærarar ved universitetet fekk sparken på grunn av sin jødiske bakgrunn eller politiske standpunkt.

Gjennom nazifiseringa av det tyske universitetet han jobba på og forsking på både tysk og norsk skulepolitikk, skjønte Høigård korleis Adolf Hitler og nazistane ville bruke skulane til å spreie ideologien sin.

Då jernbølga av tyske fly og krigsskip overfall Noreg 9. april 1940, seks år seinare, visste Høigård kva vi hadde i vente.

Kampen om dei unge tankane

Heime hos familien Høigård på Tåsen i Oslo var kvardagen under krigen for det meste som før. Einar og Elfrida visste kor sensitive barna var for krigen sine inntrykk og skjerma dei så godt dei kunne.

Far deira var blid og tulla med barna akkurat som før, men var stadig opptatt med arbeidet i den sivile motstandsrørsla i Noreg.

Gjennom jobbane på universitetet og ved Oslo katedralskole hadde Høigård vikla seg djupt inn i nettverket av lærarar og studentar som jobba med ikkje-valdeleg motstand.

Men skjønte han då kor langt kampen skulle gå?

Einar og Berit Høigård.

Einar Høigård les i boka si medan dottera Berit leikar.

Foto: Privat

Ei av årsakene bak Nazi-Tyskland sitt mål om å nazifisere norske skular var å rekruttere soldatar. Dei tyske gutane og mennene kunne ikkje mette den stadig veksande krigsmaskina aleine. Vidkun Quisling og partiet hans, Nasjonal Samling, ønskte på si side ei nazistisk nyordning av det norske samfunnet.

Både dei tyske og norske nazistane var kort sagt villige til å gå svært langt for å vinne fram med hjernevaskinga si.

For dei som vann tankane til norske barn og unge, vann framtida.

Motstandsrørsla blant lærarane vart kalla Skulefronten. I starten var lærarane mindre organisert i kampen mot nazistane. Dei fleste var vanlege folk, utan erfaring frå anna motstandsarbeid, som ønskte å beskytte elevane sine mot nazistisk hjernevask. Etter kvart fann dei likevel betre metodar. Høigård og dei andre sentrale leiarskikkelsane blant dei byrja å møte kvarandre på hemmelege adresser, mellom anna i lokala til Aschehoug forlag.

På hausten 1941 byrja Høigård og lektoren Karsten Heli å lage den illegale avisa «Norsk skole» på loftet til Hegdehaugen skole. Ved å følgje fire enkle reglar, dei såkalla «kardinalpunkta» som Høigård skreiv om i avisa, skulle dei norske lærarane samle seg i ein felles front mot nazismen.

Reglane var:

  1. Avvis krav om medlemskap i NS.
  2. Avvis forsøk på NS-propaganda i skulen.
  3. Avvis ordrar frå ikkje-kompetent hald.
  4. Avvis medverking i NS sin ungdomsorganisasjon.

Motstanden skulle snart gjere lærarane kjente langt utanfor det tyskokkuperte Noreg sine grenser.

Utdrag av den illegale avisen "Norsk Skole"

Utdrag frå «Norsk Skole» 1. juni 1942.

Foto: Hjemmefrontmuseet

Begeret renn over

Nazistane sitt første store steg for å hjernevaske norske barn og unge var å tvinge lærarane inn i ein ny, nazikontrollert lærarorganisasjon.

Skulefronten skjønte kva baktankar den tyske okkupasjonsmakta hadde og sette raskt i gang ein brevaksjon mot den nye organisasjonen.

Fleire tusen lærarar og foreldre sende inn klagebrev mot tvangsorganiseringa av lærarane. Det fekk begeret til å renne over for Quisling og Josef Terboven, som leia den tyske okkupasjonsmakta i Noreg.

den norske skole. NS-gruppering under krigen.

Norges Lærarsamband var ein del av NS sitt forsøk på å nazifisere skulane. Det vart med forsøket.

Dei prøvde å streke opp ei rekkje linjer i sanden. Først ved å halde tilbake løn. Så ved å true illojale lærarar med oppseiingar. Svært få beit på. Tida var komen for å sette dei prinsippfaste lærarane på ein verkeleg prøve.

Høigård sitt arbeid med den illegale avisa, utforminga av parolar, foredrag og informasjon hadde gjort han til den mest sentrale leiaren i lærarane sin motstandskamp vinteren 1942.

Men da politiet morgonen 20. mars 1942 sto på trappa til over 1000 lærarar over heile Noreg, visste okkupasjonsmakta enda ikkje kor sentral han var, og han slapp unna å bli arrestert. Svært mange gjorde ikkje det.

Bildet er tatt onsdag den 17. april 1942 av stasjonsmester Torgersen, Gandal. Det viser lærer Svihus (med sovepose) utenfor huset sitt. Han er arrestert i forbindelse med læreraksjonen og skal transporteres til Stavanger i en ventende bil.

Læraren med sovepose ventar på å bli arrestert utanfor huset sitt i Gandal i Rogaland. Fleire har møtt opp for å støtte han. Bildet er tatt onsdag 17. april 1942.

Foto: Torgersen / Riksarkivet

På Sydneshaugen skole i Bergen samla politiet dei arresterte lærarane frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Som lærarar over heile Noreg vart dei fortalde at dei ville verte frie om dei svor lojalitet til nazistane og melde seg inn i forbundet. Dei alle fleste nekta.

Ved avreise vidare frå Sydneshaugen skole skal fleire personar ha samla seg for å seie farvel til lærarane. Ein lærar skal ha sett dotter si, vinka og snakka til ho før, han vart slått ned av ein tysk politimann. Folka utanfor skulen skal så ha tatt til å synge «Ja, vi elsker dette landet» fram til politiet gjekk laus på dei med batongar.

På toget austover svirra rykta mellom lærarane. Fleire frykta at dei var på veg til fangeleirar i Tyskland. Høigård og Heli var raskt ute og kommenterte arrestasjonane i den illegale avisa si:

Vi vet at ingen ville beklage mer enn de arresterte om vi gav oss. Vi må alle være beredt til å tåle det samme som dem, og vi må også være forberedt på at noen av de arresterte gir etter. Men: Heller fengsel enn medlemskap i sambandet

Dei fleste av dei arresterte lærarane i Sør-Noreg vart sendt til Grini utanfor Oslo, som var den største fangeleiren i Noreg under krigen. Ved framkomst tok dei tyske vaktene pass, verdisaker, bøker og klede frå fangane.

Det var ikkje spøkefullt lenger å vere lærar i Noreg, skreiv ein lærar i dagboka si.

Kledd i gardeuniformer vart dei stua saman i brakker. Det einaste dei skulle få rikeleg av dei neste månadane var svolt, vald og meiningslaust arbeid. Når dagane var omme, svinga vaktene «gulrota» framfor andletet deira igjen og igjen: «Melder du deg inn i lærarorganisasjonen, så slepp vi deg fri».

Dei fleste lærarane stod på sitt. Fleire av dei skulle innom fleire fangeleirar denne våren. Stort sett var det ikkje noko reelt arbeid å tvinge dei til, så fangevaktarane måtte finne andre måtar å plage dei på. Læraren Einar Østvedt skriv om straffeeksersisen i dagboka si:

På et bestemt signal med fløyten måtte vi ned i snøslapset, på bakken til en var blitt passelig gjennomvåt. På et nytt signal skulle en kaste seg ned på magen. Det var ikke noe fusk i arbeidet. Dertil kom en slags snø-crawl, som besto i at samtlige, liggende på magen, ålte seg med hendene godt festet på ryggen fremover i bløtmyren.

Einar Østvedt

Østvedt var ein av kring 700 lærarar som vart sende heilt til Kirkenes på tvangsarbeid, som gissel overfor dei andre lærarane. Over fleire månadar skulle dei bli systematisk brotne ned med tungt fysisk arbeid, mellom anna rydding av Lærerveien som fortsatt er å finne ved Storskog på grensa til Russland. Lærarane fekk lite mat og tvangseksersis i tillegg til arbeidet.

Bildet viser elleve arresterte lærarar på tvangsarbeid i Kirkenes våren 1942, den såkalla «Gartnergjengen».

 Her er 11 arresterte lærere på tvangsarbeid i Kirkenes våren 1942, den såkalte "Gartnergjengen".

Høigård og Heli brukte «Norsk skole» til å elde opp lærarane som ikkje var arresterte.

Dei heldt òg dei frie lærarane med informasjon om situasjonen for dei arresterte kollegaene, gjennom lister over kva fengsel og leirar folk sat i, helsesituasjonen deira og kor mange som hadde gjeve opp kampen.

Fleire byrja likevel etter nokre månadar å tvile på om motstanden fungerte, men Høigård stod på sitt.

Lærere på tvangsarbeid i Kirkenes.

«Det er sårt å konstatere at saken er kommet i den stilling at vi lite makter. Men vi må være med å reise en så sterk bevegelse at den har mulighet for å bli hørt».

Norske lærere på tvangsarbeide i Kirkenes.

25. april 1942 sende det nazifiserte undervisningsdepartementet ut eit brev der dei sa at lærarane hadde misforstått krava deira. Sjølv om lærarane som sat fanga i Kirkenes først skulle sleppe ut fleire månadar seinare, var brevet eit tydeleg teikn på at departementet hadde gjeve opp slaget.

Kampen om dei unge tankane var stundom ikkje over.

På talarstolen ved Stabekk skule i Bærum 22. mai 1942 understreka Quisling kor hardt striden med lærarane hadde råka nazifiseringa av skulane:

Lærarane har hovudansvaret for at vi enda ikkje har fått nokon fredeleg overeinskomst med Tyskland, hevda han.

På den andre sida av Atlanteren vart innsatsen frå lærarane hylla av USA sin president Franklin Roosevelt i den kjente talen «Look to Norway»

Washington. Kronprinsesse Märtha ankommer ombord i ubåtjageren "Kong Haakon VII". Inspiserer oppstilte marinegaster. Norsk flagg heises akter. President Franklin D. Roosevelt og Eleanor Roosevelt ankommer. Roosevelt taler fra bilen, den kjent talen "Look to Norway". Ubåtjageren overrekkes offisielt i gave til Norge. Kronprinsesse Märtha svarer på talen og takker for jageren.

Roosevelt held tale frå bilen sin, den kjente talen «Look to Norway".

Men kampen om dei unge sinna var ikkje over.

Studentane stod for tur.

I dekning

Sommaren 1943 var Einar Høigård uroa for familien sin tryggleik. Elfrida og Einar bestemte at det var tryggare for barna med søstera hennar i Vågå i Gudbrandsdalen.

Det hadde byrja å brenne under føtene på den intellektuelle motstandsrørsla. Fleire tilsette og studentar ved Universitetet i Oslo hadde lenge motarbeidd tyskarane sitt ønske om å gje NS-medlemmar fortrinn på studieplassane ved universitetet. No skulle dei betale for det.

15. oktober arresterte styresmaktene ti tilsette og 63 studentar. Høigård vart ettersøkt av det norske Statspolitiet, som var ein væpna politisk politistyrke i Noreg under andre verdskrig.

Då politiet byrja å banke på dører, låg Høigård allereie i dekning. Frå ei hemmeleg adresse i hovudstaden skreiv han til ein tidlegare elev på Oslo katedralskule.

I brevet innrømmer læraren at han først no skjønte kor langt nasjonalsosialistane var villige til å gå for å øydelegge det norske samfunnet og kva som måtte til for å stoppe dei.

«Jeg tenker på ærlighet og mot, på klar tanke og på forståelse av de verdier vi har, kort sagt vilje og evne til å motarbeide den nazistiske ødeleggelsen ikke bare av vårt land, men av vårt indre».

Til ein kollega skal han òg ha sagt at han var redd for å bli torturert av Gestapo, sidan han då ville kome til å røpe namn på sentrale folk i den sivile motstandsbevegelsen.

Rundt ei veke etter arrestasjonane set Høigård seg på toget til Sverige. Han er redd for å bli arrestert og har bestemt seg for å flykte.

Toget går til Halden. Derifrå skal Høigård enten gå over grensa til fots eller ta båten.

Han har arrangert flukta med hjelp av ein erfaren politimann og grenselos. Vanlegvis fekk viktige flyktningar som Høigård med seg ein politimann til å mekle med grensevakter som prøvde å stoppe han eller som kunne beskytte han om dei vart forsøkt stoppa med makt. Men ikkje denne gongen.

Høigård vel ikkje å fortelje at han er høgt oppe i Skulefronten. Grenselosen forstår derfor ikkje kor viktig han er for motstandsrørsla og kva han risikerer ved arrestasjon.

Høigård har ingen erfaring med å være på flukt og går derfor med på grenselosen sin risikable plan.

Einar Høigaard

I eige namn og utan førehandsbestilt returbillett (og derfor ingen måte å forklare vekk reisa) sette Høigård seg på toget saman med ein annan flyktning.

Einar Høigaard

Like før han nådde fridomen, vart dei arresterte i ein rutinekontroll. Nest siste stopp for læraren vart Bredtvet fengsel i Oslo.

Bredtvedt fengsel i Oslo fungerte som fengsel for politiske fanger under krigen.

Valet

Einar Høigård knipsar ein mynt opp i lufta, tar imot han med venstre handa og noterer om det vart mynt eller kron på eit ark med toalettpapir. Medan han sit fengsla på Bredtvet skal Høigård registrere over 10.000 kast som ein del av eit eksperiment i sannsyn.

Brev fra Høigaard

Ved fleire høve vert han tatt med til Victoria terrasse til avhøyr. I nabocella på Bredtvet sit ein student som får i oppgåve å vaske golvet i cella til Høigård. «Han var for sterkt skadet av tortur til å kunne gjøre det selv», skreiv ho i ettertid.

Under torturen prøver nazistane å finne ut namna til dei sentrale personane i motstandskampen til lærarane.

Etter nokre veker i cella på Bredtvet vert Høigård mot sin vilje permanent overført til Victoria terrasse. No ber han om eit møte med sjefen for Statspolitiet der. Men ved ein glipp vert møtet aldri noko av. I staden skjer det ein feil som gjer at Høigård må ta sitt livs val.

victoria terrasse

Victoria terrasse i Oslo sentrum. Foto: Oslo Museum.

Han vert først levert på feil kontor. På veg til det riktige kontoret er han plutseleg utan vakthald. På veg ned i bygget går Høigård forbi eit vindauge.

Einar Høigård opnar vindauget mellom 3. og 4. etasje i Victoria terrasse med brannskadde hender som følgje av torturen han har blitt utsett for.

På ein gard i Vågå sit tre barn og ei høggravid kvinne og ventar på han.

Læraren ser for siste gong utover Oslo, før han legg frå seg brillene og hatten og hoppar.

Med seg i døden tar han namna på fleire sentrale personar i motstandsrørsla.

Hadde Høigård gjeve tyskarane namna dei vil ha, kunne det ha gått hardt ut over den sivile motstandskampen i Noreg, særleg blant lærarar, studentar og dei tilsette på universitetet der han jobbar.

Den tyske overmakta er ikkje ferdig med arrestasjonane sine enda.

Den tyske hæren tek over universitetet

Nokre dagar etter tar tre menn seg inn i Universitetets aula i Oslo og dynkar stolane og scena på arbeidsplassen til Høigård med parafin før dei tenner på.

No hadde tyskarane fått nok.

To dagar etter brannen får dama i skranken ved biblioteket på UiO ein lapp frå ein ukjend person. Lappen er ei åtvaring, Gestapo, Nazi-Tyskland sine politifolk med ansvaret for å nedkjempe motstanden i Noreg, var på veg.

No skulle dei greie alle studentane under same kam.

Universitetsbygga er dekte av snø og ser ut som ein aud og nordleg romersk utpost då den tyske kolonnen med lastebilar og 300 soldatar rullar inn på plassen.

Jakta er i gang.

Tyske soldatar omringar universitetsbygga. Dei stiller seg òg opp på T-banestasjonane på Majorstua og ved Nationaltheatret for å arrestere studentar.

Ei klasse medisinstudentar på klinikkundervisning får beskjed av læraren sin om å fortsette arbeidet. Fleire av jusstudentane vert arresterte medan dei sit krokrygga over eksamenspapira sine.

uEpDFq0I0A8

Over tusen studentar vart arresterte denne dagen. Av desse vert 644 mannlege studentar sendt til Tyskland.

Fleire hundre av studentane enda i konsentrasjonsleiren Buchenwald. 17 av dei kom aldri heim. Mange fleire skulle slite med psykiske traume resten av livet.

SKzAoR3YmBY

Noregs einaste universitet opna ikkje igjen før etter krigen. Nazistane fekk heller aldri kontroll over dei lågare skulane. Lærarene og studentane sigra i kampen om dei unge tankane, som Høigård ofra alt for å vinne.

Wehrmacht soldater under massearrestasjonene ved UIO 30. November.

Brevet frå far

I eit bed av blomster på ein gravplass ved Vestre Aker kirke i Oslo ligg det ei familiegrav med ei stor, grå urne. På sokkelen til urna står det: Einar Høigård 1907–1943.

På urna over står det «Følg kaldet», som viser til eit av dei siste dikta av Henrik Wergeland.

– Hovudpoenget med diktet er at det byrjar ganske mørkt, og at det ikkje er nokon vits i å drive med åndskamp. Men så snur diktet undervegs, og så vert det ein slags lys bevegelse, seier Cecilie Høigård ved faren sin grav.

Diktet seier mykje om kvifor han ofra alt for sitt kall – lærargjerninga og kampen mot nazismen – meiner ho.

– Kvar og ein får følgje «kallet» frå sitt indre ut frå eigne evner og krefter. For det gjev jo håp, når vi alle følgjer det indre i oss, om vi følgjer kravet frå oss sjølve om korleis vi skal leve i verda, seier Cecilie Høigård.

Einar Høigård, grav, Cecilie og Berit Høigård

HØIGÅRD SINE BARN: Cecilie Høigård og Berit Hovig ved familiegrava ved Vestre Aker kirke.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Berit Hovig og Cecilie Høigård, den eldste og den yngste dottera til Einar, står med mild vårbris i håret ved faren si grav.

Saman har dei fire barna til Einar samla brev, dagbøker og ting i eit privat arkiv i Riksarkivet.

På grava står no både namna til foreldra og dei mellomste søskena i familien.

Det er berre Berit og Cecilie igjen no, ei veke før 75-årsfeiringa for frigjeringa av Noreg.

– Eg hugsar den intense gleda som følgde meg den dagen. Den er forbunden med snøsmelting, sol og ein stor og god vårfølelse, seier Berit Hovig når NRK spør ho kva ho hugsar frå frigjeringsvåren.

– Eg var rundt eitt og eit halvt år då freden kom, men mor fortalde meg lenge etterpå at ho syntest 8. mai 1945 var vanskeleg. Det var sidan alle var så glade. For sjølv om ho òg var glad, så hadde ho ei sorg, for ho hadde mista sitt livs kjærleik, legg Cecilie til og følgjer opp:

– Ho følte sorg for sin eigen del, men også for at Einar aldri fekk oppleve den dagen.

Ei tynn grein frå eit tre med nysprengde blad kviler lett på toppen av urna til familiegrava.

– Om eg skal beskrive følelsen av å stå her med eitt ord, så må det vere vemod, seier Berit Hovig.

– Ja, eg tenkte akkurat på det same ordet, seier Cecilie.

– Eg kjenner vemod for mor og far si historie, og korleis ho enda, seier ho.

Cecilie Høigård og Berit Hovig ved familiegrava ved Vestre Aker kirke

Cecile Høigård (til v.) og Berit Hovig ved far deira si grav ved Vestre Aker kirke.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Framleis er det fleire historier om familien som ikkje har blitt skrive. Søstrene har med seg eit av dei siste breva faren deira sende før han døydde.

Inne i brevkonvolutten har han lagt ved ein lapp.

Cecilie les høgt frå lappen der Einar skreiv:

«Tillater meg herved å be om at dette brev må bli sendt til min kone og at det vil bli tatt hensyn til ved avgjørelsen om det kan sendes, at vi har tre barn under 9 år og at hun ved nyttår venter det fjerde»

Forespørsel frå Einar Høigård om at brevert hans skal kome fram til familien. Brevpapiret er toalettpapir.

Einar Høigård ber fangevaktarane om å ta hensyn til familien hans når dei sensurerer breva til familien. Brevet er skrive på toalettpapir.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Som var deg?

– Ja, det var meg, seier Cecilie Høigård og smiler.

Ho les vidare:

«Inderlig kjære El, Berit, Tore, Ellen og nr.4. Har fått lov å sende en hilsen til dere. Først og fremst vil jeg si til deg, El, at du må være rolig og sterk og huske at alle barna i øyeblikket bare har deg som kan ta seg av dem. Du må ikke være engstelig, og så må du være forsiktig så nr. 4 ikke kommer for tidlig».

Slik sluttar brevet:

Men først og sist: Vær sterk og rolig av hensyn til deg selv, barna – og meg. Så møtes våre tanker, inntil vi igjen kan møtes personlig alle sammen.

Kjelder:

Vegard Kvam: Skolefronten, Einar Høigård og norske læreres kamp mot nazismen, Nicola Karcher: Kampen om skolen, Jorunn Sem Fure: Universitetet i Kamp, Einar Østvedt: Straff og samhold, en dagbok fra lærerens kirkenesferd 1942, Olav Hoprekstad: Frå lærarstriden, Leiv Brynjulv og Sigurd Aartun: Motstandskampen i skolene, Riksarkivet.