NRK Meny
Normal

Krekar gjekk til angrep på TV 2 – Al Jazeera rasar over avtalebrot

TV 2 kjem til å politimelde Mulla Krekar etter at han i kveld gjekk til angrep på TV-kanalen sine reporterar. Samtidig er TV-kanalen Al Jazeera rasande på TV 2 for det dei meiner var eit avtalebrot.

Krekar til angrep på TV2

Mulla Krekar vart i dag dømt til 5 års fengsel.

Foto: TV2

Angrepet skjedde i TV 2-huset i Oslo i kveld. Krekar var der for å gjere eit intervju med TV-stasjonen Al Jazeera. Han skal ha blitt rasande for å bli spurt ut av TV 2 sine reporterar.

– Mulla Krekar, er det mogleg å få eit intervju med deg? spør reporteren då Krekar er på veg ut frå resepsjonen.

Krekar rista på hovudet, og seier at han ikkje ønskjer å gi eit intervju. Deretter går Krekar mot fotografen og slår til kamera.

Gjekk amok

Han snudde seg då for å gå, men blei så rasande då han får eit nytt spørsmål frå TV2 sin reporter.

Han tek så tak i mikrofonen til reporteren og slår til kameraet med stor kraft. Ifølgje TV2 fekk kameraet tydelege skadar etter slaget.

Redaksjonssjef i TV 2-nyheitene, Niklas Lysvåg seier til NRK.no at dei kjem til å melde hendinga til politiet.

– Ja, me vil politimelde hendinga i morgon. Dette er uakseptabelt og me har nulltoleranse for slik oppførsel.

– Krekar har tidlegare vore klar på at han nektar å la seg intervjue av norsk media. Burde TV 2 ha respektert dette?

– I vår eigen resepsjon og ute på gata må det vere såpass i Noreg at ein kan spørje om ein kommentar. Han kunne berre gått rett vidare.

Lysvåg fortel at TV 2 sine reporterar klarar seg fint, men at eit kamera vart øydelagt i angrepet.

Al Jazeera: – TV 2 braut avtalen

Samir Shatara

Samir Shatara i Al Jazeera er rasande på TV 2 etter det han meiner var eit avtalebrot.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Al Jazeera sin Oslo-korrespondent, Samir Shatara, seier til NRK.no at han er kraftig irritert på TV 2, fordi dei forstyrra Krekar etter at Al Jazeera hadde leigd TV 2 sine lokale for å gjere eit intervju med Krekar.

– Me er svært, svært, irriterte på TV 2. Me har faktisk betalt for å kome inn og ut utan å bli forstyrra. Dette er svært beklageleg.

Han opplyser at TV 2 skal ha fått klar beskjed om ikkje filme Krekar på førehand.

Shatara seier at dei skal sende rapport om hendinga til hovudkontoret i Doha i Qatar i morgon.

Shatara meiner også at TV 2 ikkje var profesjonelle i den forstand at viste intervjuet Al Jazeera gjorde med Krekar, utan å vise logoen til kanalen. Dette skal også ha vore ein del av avtala.

Lysvåg i TV 2 avviser at dei har opptredd uprofesjonelt.

– Me har gjort ein avtale om at dei skal leige studiotid hos oss. Me har ikkje gjort ein avtale om å ikkje prate med Krekar. Så det avviser me kategorisk.

Sjå videoklipp av angrepet hos TV 2 her.

Mullah Krekar vart i dag dømt til fengsel i fem år for terrortrugslar.

Krekar til angrep på TV2

Samir Shatara kan sjåast til venstre i biletet. Han gjekk i mellom Krekar og TV 2s reporter under angrepet.

Foto: TV2
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger