Hopp til innhold

Kreftframkallande og ulovleg giftstoff funne i nye råvarer – fleire matvarer trekte frå marknaden

Det ulovlege og kreftframkallande plantevernmiddelet etylenoksid er funne i nye råvarer. No har lista over matvarer som har blitt trekte tilbake blitt endå lenger.

Goodly nudler med biffsmak og kyllingsmak

TREKTE TILBAKE: Desse nudlane er eitt av fleire produkt som er blitt trekte tilbake på grunn av funn av etylenoksid.

Foto: Rema 1000

Tidlegare i august melde NRK at Mattilsynet i løpet av sommaren har trekt fleire matvarer frå marknaden.

Grunnen var at dei hadde gjort funn at det kreftframkallande og ulovlege giftstoffet etylenoksid. Stoffet blir brukt som plantevernmiddel.

Stoffet var funne i eit parti av råvara johannesbrødkjernemjøl. Johannesbrødkjernemjøl er eit lovleg tilsetningsstoff som blir brukt som fortjukkingsmiddel i ulike matvarer.

Stabburet leverpostei

EITT AV FLEIRE: Leverpostei var eitt av produkta som blei trekte tilbake tidlegare i sommar på grunn av funn av etylenoksid i tilsetningsstoffet johannesbrødkjernemjøl.

Foto: Lise Åserud / NTB

Påvist i nye råvarer

No er etylenoksid funne i nye råvarer.

Stoffet er blitt påvist i eit parti av tilsetningsstoffet guarkjernemjøl. Som i likskap med johannesbrødkjernemjøl, er guarkjernemjøl også eit fortjukkingsmiddel.

I tillegg er etylenoksid påvist i ingefærpulver.

Mattilsynet si liste over tilbaketrekkingar har dermed blitt endå lenger, med seks nye matvarer etter NRK si førre sak.

Seinast i dag, måndag, blei eitt nytt produkt lagt i Mattilsynet si liste.

I tillegg har Rema 1000 også i dag lagt ut ein pressemelding der dei skriv at dei trekkjer tilbake guacamole kryddermiks på grunn av funn av etylenoksid.

– Det er urovekkjande å sjå det store omfanget som no blir avdekt. Samstundes viser det at kontrollmekanismane fungerer, seier Torkel Nohr Fjørtoft, presseansvarleg i Rema 1000.

– Vi, som alle andre aktørar, følgjer Mattilsynet sitt krav og fjerner produkta frå butikkane våre, og vi jobbar tett med leverandørane våre for å følgja opp dette vidare, legg han til.

Ulovleg og kreftframkallande

I EU og EØS er etylenoksid ikkje lovleg å bruka i matproduksjon. Etylenoksid er eit effektivt desinfeksjonsmiddel, og det kan difor tenkjast at stoffet blir brukt til å fjerna bakteriar på produkt som har blitt forureina under dyrking.

Grunnen til at stoffet er ulovleg, er at det kan gi auka risiko for alvorlege helseskadar.

– Etylenoksid kan skada DNA, altså genar og arvestoff, og er kreftframkallande. Inntaket av stoffet kan over tid auka risiko for utvikling av kreft, sa seniorforskar i Folkehelseinstituttet, Helle Katrine Knutsen, tidlegare til NRK.

Helle Katrine Knutsen, seniorforsker og toksikolog, Folkehelseinstittutet

SENIORFORSKAR: Helle Katrine Knutsen i FHI.

Foto: FHI

Stoffet er ikkje akutt giftig. Det er inntaket over tid som er til bekymring.

Are Sletta er seksjonssjef for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet. Han seier det er to ting som er viktige for å sørgja for at etylenoksid ikkje skal førekoma i maten.

– For det første er det verksemda sitt ansvar for at matvarer dei sel er trygge å selja. Det andre er at vi følgjer opp med tilsyn når det er tenleg. Vi er òg ein del av EU sitt felles meldingssystem. Når vi får ei melding av dei, følgjer vi opp, seier han.

– Maten skal vera trygg

Allereie i fjor var det ei stor tilbaketrekking av produkt då det blei påvist etylenoksid i sesamfrø. I år har det altså blitt påvist i både johannesbrødkjernemjøl, guarkjernemjøl og ingefærpulver.

Are Sletta, seksjonssjef for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet

SEKSJONSSJEF: Are Sletta er seksjonssjef for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

– Det tyder jo på at stoffet har vore i bruk ein del stader. Vi følgjer nøye med og ynskjer å vera i dialog med bransjen for korleis vi skal følgja dette opp framover. Det er viktig at vi ikkje finn dette i maten, seier Sletta

– Maten skal vera trygg. Det er det viktigaste for oss og målet vi jobbar mot, legg han til.

Sletta presiserer at det er i einskilde parti etylenoksid er blitt påvist, og at det difor ikkje er råstoffa og matvara i seg sjølve som er utrygge å eta.

Liste over tilbaketrekkingar

Dersom du har ei matvare med datomerkinga som er lista opp, bør produktet kastast eller leverast tilbake.

Produkt som har blitt trekte tilbake:

Produktnamn:

Verksemd som tilbakekallar:

Butikkar vara er seld i:

Best før dato:

Béarnaise Coop Smak*, 220g

Matpartner AS

COOP Norge SA

16.07.21, 23.07.21, 06.08.21, 12.08.21, 19.08.21, 26.08.21, 02.09.21, 13.09.21, 16.09.21, 24.09.21, 14.10.21, 22.10.21

Béarnaisesaus J&M, 220g

Matpartner AS

Meny Midt-Norge, Godtlevert Gruppen AS, Rema 100 Midt-Noreg, Bunnpris Midt-Noreg

19.07.21, 23.07.21, 18.08.21, 13.09.21

Rema 1000 Fløtegratinerte poteter 750g

Rema 1000

Rema 1000

06.05.22, 07.05.22, 07.06.22, 08.06.22, 09.06.22, 10.06.22, 11.06.22

Eldorado Fløtegratinerte Poteter 750g

Unil AS

Meny, Spar, Joker og Kiwi.

08.05.22, 09.05.22, 21.05.22, 22.05.22, 23.05.22, 24.05.22, 25.05.22, 26.05.22, 27.05.22, 28.05.22

Smarties Pop-Up multipack iskrem

Froneri

Diplom-Is sin isbil

28.02.22

Rømmedressing seld i BigOne Giants Mighty Meat

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med best før 02.05.21 til og med 16.08.21

Rømmedressing seld i BigOne Giants Cheddar & Beef

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med best før 05.04.21 til og med 30.07.21

Stabburet Leverpostei Porsjon 22g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 10.07.25, til og med 28.08.25
Frå og med 17.10.25 til og med 17.02.26

Stabburet Leverpostei Grovere Porsjon 22g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Best før: 09.08.25
Frå og med 21.10.25 til og med 18.02.26

Stabburet Leverpostei Glutenfri 22g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Best før: 22.07.25
Frå og med 01.11.25 til og med 11.02.2026

Stabburet Leverpostei Kylling 100g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 13.06.25, til og med 02.08.25
Frå og med 19.11.25 til og med 17.01.26.

Stabburet Leverpostei 100g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 08.07.25, til og med 27.08.25
Frå og med 23.10.25 til og med 24.02.26

Stabburet Leverpostei Grovere 100g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Best før merka: 12.07.25.

Stabburet Leverpostei 200g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 12.06.25, til og med 28.08.25
Frå og med 17.10.25 til og med 21.02.26

Snickers ice cream bar 48g, 6 pack box

Mars Norge AS

Produkta er selde over heile landet

31.10.22, 30.11.22,
31.12.22, 31.01.23,
28.02.23, 31.03.23

Snickers Xtra 66g, single

Mars Norge AS

Produkta er selde over heile landet

31.10.22, 30.11.22,
31.12.22, 31.01.23,
31.03.23

Twix ice cream bar, 6 pack box

Mars Norge AS

Produkta er selde over heile landet

31.03.22, 31.12.22,
31.01.23, 28.02.23,
31.03.23

King Oscar sardiner i tomat, classic

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

07.12.22, 11.12.22,
16.01.23, 18.01.23,
19.08.23, 17.09.23,
24.09.23, 25.09.23,
01.10.23, 07.10.23,
05.11.23, 06.11.23,
24.11.23, 06.12.23,
11.01.24, 15.01.24,
17.02.24, 02.03.24,
04.03.24, 29.04.24,
06.05.24, 27.05.24

King Oscar sardiner i tomat, lettrøykt og handplukka

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

10.05.23

King Oscar sardiner i tomat, fine

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

16.01.23, 18.01.23

King Oscar promo sardiner i tomat

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

13.01.24,
15.01.24, 06.05.24

King Oscar sardiner i tomat, 4 pk

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

25.09.23

King Oscar sardiner i tomat display, 96 stk

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

05.11.23, 25.03.24

Goodly Nudler i kopp med biffsmak og kyllingssmak

Rema 1000

Produkta er selde over heile landet

07.02.22

IsolaBio Cuisine Cocco

Norganic AS

Produkta er selde i helsekostbutikkar og andre spesialbutikkar over heile landet

28.01.22, 25.03.22

Paw Patrol iskrem

Geia Food AS

Produkta er selde i Coop sine butikkar og hjå Holdbart

30.09.21

Sjokoladen Vgan Aurora Hazelnuts og Guarana & Ginger

Novelty Food AS

Produkta er selde på taxfree og på helsekostbutikkar

20.05.22, 24.05.22

Matfløyten Provamel soya cuisine

Goodlife Norge AS

Produkta er selde i helsekostbutikkar og i nettbutikken goodlifenorge.no

22.11.21, 29.11.21, 06.12.21, 13.12.21, 20.12.21, 03.01.21, 17.01.21, 24.02.21, 31.01.21, 14.02.22, 07.03.22

Guacomole Kryddermiks Tex Mex

Rema 1000

Produkta er selde i butikkar på Austlandet

25.06.33

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ