Hopp til innhold

Kreftframkallande og ulovleg giftstoff funne i ei rekkje matvarer

Mattilsynet har i sommar blitt varsla om fleire matvarer som inneheldt det ulovlege og giftige plantevernmiddelet etylenoksid. No er dei uroa over auka bruk av stoffet.

Stabburet leverpostei

EITT AV FLEIRE PRODUKT: Leverpostei er eitt av produkta som har blitt trekte tilbake fordi dei inneheldt etylenoksid.

Foto: Lise Åserud / NTB

Leverpostei, sardinar, iskrem, rømmedressing, fløytegratinerte poteter og bearnéssaus.

Dette er produkta som no blir trekte tilbake frå marknaden fordi dei inneheldt tilsetningsstoffet johannesbrødkjernemjøl. Dette mjølet, i dei aktuelle produkta, inneheldt igjen det giftige stoffet etylenoksid.

Lista over produkta som blitt trekte tilbake, er blitt lang i løpet av sommaren.

– Det er ei relativ stor mengd produkt, då dette tilsetningsstoffet inngår i ein del kvardagsprodukt, seier Vigdis Jenderå, seniorinspektør i Mattilsynet, til NRK.

  • Sjå heile lista i botn av saka

Forbod om å bruka i matproduksjon

Johanesbrødkjernemjøl blir vinna ut av frøa av frukta på johannesbrødtreet, og blir blant anna brukt som fortjukkingsmiddel.

– Det er eit godkjent tilsetningsstoff. Med det så er det også krav til spesifikasjonar på kva det skal innehalda, seier Jenderå.

Johannesbrødkjernemjølet det er tale om kjem truleg frå Tyrkia, og det er i eit parti av dette tilsetningsstoffet det no er påvist det giftige plantevernmiddelet etylenoksid.

Vigdis Jenderå, seniorforskar i Mattilsynet.

Vigdis Jenderå, seniorforskar i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

I EU og EØS er plantevernmiddelet ikkje lovleg å bruka i matproduksjon. Etylenoksid er eit effektivt desinfeksjonsmiddel, og det kan difor tenkjast at stoffet blir brukt til å fjerna bakteriar på produkt som har blitt forureina under dyrking.

– Stoffet skal ikkje vera i maten fordi stoffet kan gi auka risiko for alvorlege helseskadar, seier Jenderå.

Kreftframkallande

– Etylenoksid kan skada DNA, altså genar og arvestoff, og er kreftframkallande. Inntaket av stoffet kan over tid auka risiko for utvikling av kreft, seier seniorforskar i Folkehelseinstituttet, Helle Katrine Knutsen.

Om du har fått i deg stoffet, er det ingenting du kan gjera. Stoffet er ikkje akutt giftig. Det er inntaket over tid som er til bekymring.

Helle Katrine Knutsen, seniorforsker og toksikolog, Folkehelseinstittutet

Helle Katrine Knutsen, seniorforskar i FHI.

Foto: FHI

– Inntaket kan her antakast å vera kortvarig. Ein eventuell auke i kreftrisiko som følgje av dette, kan antakast å vera låg, men kan ikkje talfestast, seier Knutsen.

På spørsmål om kor lenge ein dagleg til dømes må eta ei skive med leverpostei som inneheld etylenoksid for at det skal kunna sjåast på som helseskadeleg, seier Knutsen at det ikkje finst eit godt svar på. Ho seier det kjem an på mengd av stoffet, noko ho ikkje kjenner til.

– Uansett vil det vera stor usikkerheit, seier ho.

Uroa for auka bruk av etylenoksid

Dette er ikkje den første saka der etylenoksid blir påvist i mat.

I fjor var det ei stor tilbaketrekking av produkt då det blei påvist etylenoksid i sesamfrø frå India. Dette førte til ein forsterka kontroll på import av sesamfrø til EU og EØS.

I juli månad i år har fleire EU-land avdekkja parti av johannesbrødkjernemjøl som har vore forureina av det giftige og forbodne plantevernmiddelet.

Auka bruk av etylenoksid uroar Mattilsynet.

– Det er ei bekymring så lenge det blir påvist, og vi veit det er forbode å bruka i mat, i og med det er ei helsefare med det. Så det er klart det er ei bekymring, seier Jenderå.

Dag Olav Stokken, kommunikasjonsdirektør i Orkla, seier også at dei ser på bruk av etylenoksid som eit aukande problem.

Orkla har funne spor av etylenoksid i både Stabburets posteiar og i rømmedressing til pizza. Dei blei gjort merksame på funnet av stoffet gjennom to av leverandørane deira.

– Dei hadde gjort analysar av johannesbrødkjernemjølet etter det blei avdekkja funn av etylenoksid i andre delar av Europa, seier Stokken.

Har ikkje hatt kontakt med dyrkarane

Varselet fekk dei i byrjinga av juli. Stokken seier at råvara går gjennom fleire ledd, slik at dei ikkje har direkte kontakt med dyrkarane av johannesbrødkjernemjølet. Heller ikkje Mattilsynet har oversikt over kven som har produsert det forureina mjølet.

– Men vi har tett dialog med leverandørane våre, som igjen følgjer opp vidare bakover i verdikjeda, seier kommunikasjonsdirektøren.

Orkla har no innført krav om analysesertifikat for etylenoksid på alle innkomne råvarer med johannesbrødkjernemjøl.

Dag Olav Stokken, kommunikasjonsdirektør i Orkla.

Dag Olav Stokken, kommunikasjonsdirektør i Orkla.

Foto: Orkla

– I tillegg vurderer vi kva for nokre andre råvarer det er aktuelt å gjera tilsvarande for, seier han.

Kor lenge etylenoksidet har vore i johannesbrødkjernemjølet som finst i alle desse matvarene, opplyser Mattilsynet at dei ikkje veit nøyaktig.

– Verksemdene må sjølve gjera ei førehandsvurdering av dei varene dei produserer eller importerer. Å krevja analysar eller ta analysar, seier Jenderå i Mattilsynet og legg til at verksemdene må etterspørja dokumentasjon på råvarer.

Produkt som har blitt trekte tilbake:

Produktnamn:

Verksemd som tilbakekallar:

Butikkar vara er seld i:

Best før dato:

Béarnaise Coop Smak*, 220g

Matpartner AS

COOP Norge SA

16.07.21, 23.07.21, 06.08.21, 12.08.21, 19.08.21, 26.08.21, 02.09.21, 13.09.21, 16.09.21, 24.09.21, 14.10.21, 22.10.21

Béarnaisesaus J&M, 220g

Matpartner AS

Meny Midt-Norge, Godtlevert Gruppen AS, Rema 100 Midt-Noreg, Bunnpris Midt-Noreg

19.07.21, 23.07.21, 18.08.21, 13.09.21

Rema 1000 Fløtegratinerte poteter 750g

Rema 1000

Rema 1000

06.05.22, 07.05.22, 07.06.22, 08.06.22, 09.06.22, 10.06.22, 11.06.22

Eldorado Fløtegratinerte Poteter 750g

Unil AS

Meny, Spar, Joker og Kiwi.

08.05.22, 09.05.22, 21.05.22, 22.05.22, 23.05.22, 24.05.22, 25.05.22, 26.05.22, 27.05.22, 28.05.22

Smarties Pop-Up multipack iskrem

Froneri

Diplom-Is sin isbil

28.02.22

Rømmedressing seld i BigOne Giants Mighty Meat

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med best før 02.05.21 til og med 16.08.21

Rømmedressing seld i BigOne Giants Cheddar & Beef

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med best før 05.04.21 til og med 30.07.21

Stabburet Leverpostei Porsjon 22g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 10.07.25, til og med 28.08.25
Frå og med 17.10.25 til og med 17.02.26

Stabburet Leverpostei Grovere Porsjon 22g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Best før: 09.08.25
Frå og med 21.10.25 til og med 18.02.26

Stabburet Leverpostei Glutenfri 22g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Best før: 22.07.25
Frå og med 01.11.25 til og med 11.02.2026

Stabburet Leverpostei Kylling 100g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 13.06.25, til og med 02.08.25
Frå og med 19.11.25 til og med 17.01.26.

Stabburet Leverpostei 100g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 08.07.25, til og med 27.08.25
Frå og med 23.10.25 til og med 24.02.26

Stabburet Leverpostei Grovere 100g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Best før merka: 12.07.25.

Stabburet Leverpostei 200g

Orkla Foods Norge

Butikkar i heile Noreg

Frå og med 12.06.25, til og med 28.08.25
Frå og med 17.10.25 til og med 21.02.26

Snickers ice cream bar 48g, 6 pack box

Mars Norge AS

Produkta er selde over heile landet

31.10.22, 30.11.22,
31.12.22, 31.01.23,
28.02.23, 31.03.23

Snickers Xtra 66g, single

Mars Norge AS

Produkta er selde over heile landet

31.10.22, 30.11.22,
31.12.22, 31.01.23,
31.03.23

Twix ice cream bar, 6 pack box

Mars Norge AS

Produkta er selde over heile landet

31.03.22, 31.12.22,
31.01.23, 28.02.23,
31.03.23

King Oscar sardiner i tomat, classic

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

07.12.22, 11.12.22,
16.01.23, 18.01.23,
19.08.23, 17.09.23,
24.09.23, 25.09.23,
01.10.23, 07.10.23,
05.11.23, 06.11.23,
24.11.23, 06.12.23,
11.01.24, 15.01.24,
17.02.24, 02.03.24,
04.03.24, 29.04.24,
06.05.24, 27.05.24

King Oscar sardiner i tomat, lettrøykt og handplukka

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

10.05.23

King Oscar sardiner i tomat, fine

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

16.01.23, 18.01.23

King Oscar promo sardiner i tomat

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

13.01.24,
15.01.24, 06.05.24

King Oscar sardiner i tomat, 4 pk

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

25.09.23

King Oscar sardiner i tomat display, 96 stk

King Oscar AS

Produkta er selde over heile landet

05.11.23, 25.03.24

Goodly Nudler i kopp med biffsmak og kyllingssmak

Rema 1000

Produkta er selde over heile landet

07.02.22

IsolaBio Cuisine Cocco

Norganic AS

Produkta er selde i helsekostbutikkar og andre spesialbutikkar over heile landet

28.01.22, 25.03.22

Paw Patrol iskrem

Geia Food AS

Produkta er selde i Coop sine butikkar og hjå Holdbart

30.09.21

Sjokoladen Vgan Aurora Hazelnuts og Guarana & Ginger

Novelty Food AS

Produkta er selde på taxfree og på helsekostbutikkar

20.05.22, 24.05.22

Matfløyten Provamel soya cuisine

Goodlife Norge AS

Produkta er selde i helsekostbutikkar og i nettbutikken goodlifenorge.no

22.11.21, 29.11.21, 06.12.21, 13.12.21, 20.12.21, 03.01.21, 17.01.21, 24.02.21, 31.01.21, 14.02.22, 07.03.22

Guacomole Kryddermiks Tex Mex

Rema 1000

Produkta er selde i butikkar på Austlandet

25.06.33

AKTUELT NÅ