Hopp til innhold

Kraftig smitteauke og fleire på sjukehus: – Vi følgjer nøye med

Måndag er det 168 koronapasientar på norske sjukehus. – Ikkje uventa, seier helseminister Ingvild Kjerkol om auken i sjukehusinnleggingar.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

FØLGJER MED: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol seier det blir viktig å følgje med på tala på sjukehusinnleggingar.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Samstundes som talet på smitta aukar, aukar også talet på innlagde pasientar på norske sjukehus. Måndag er det 168 koronapasientar på sjukehus.

– Sjukehusa har beredskap og planar for å kunne møte den auka pasientstraumen. Det er ikkje uventa at talet på sjukehusinnleggingar aukar i og med at samfunnet er opna opp og smitten har auka, men vi følgjer nøye med. Kommunane må setje i verk lokale tiltak når det er behov for det, skriv helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ein e-post til NRK.

Samtidig som talet på innleggingar totalt sett har auka, held talet på pasientar på intensivavdeling seg ganske stabilt rundt 30, skriv helseministeren.

– Det blir viktig å følgje med på desse tala dei neste dagane. Eg vil òg minne om det kvar enkelt av oss kan gjere for å avgrense smittespreiing: Vaske hendene ofte, vere heime og teste oss viss vi er sjuke, og ta vaksine når ein får tilbod om det.

Følgjer godt med

– Vi har sett ein auke det siste døgnet på innleggingar og det blir viktig å følgje det i dagane framover for å forsikre oss om at vi ikkje har ein veldig kraftig og vedvarande auke.

Det seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NRK.

Han held framleis på at det no er opp til kommunane å sørge for lokale tiltak der det måtte vere naudsynt.

FHI peikar på at tala syner både pasientar som blir lagt inn på grunn av covid-19, og pasientar som blir lagt inn for noko anna, men som er smitta av viruset.

– No er det veldig viktig at folk med symptom held seg heime og testar seg, og at alle vaksne tek dei vaksinane dei får tilbod om. Det skal truleg ikkje mykje til å snu utviklinga, seier overlege ved FHI, Preben Aavitsland til NRK.

helsedirektør Bjørn Guldvog

OVERVAKAR SITUASJONEN: Bjørn Guldvog er toppsjef i Helsedirektoratet.

Foto: Peter Svaar / NRK

Førebels gir dei råd

Helsedirektoratet seier at dersom veksten skulle halde fram, så kan det bli aktuelt med lokale smittevern-forskrifter fleire stadar i landet. Men førebels held styresmaktene seg til råd, ikkje pålegg.

– Det er det første grepet vi må ta for å få kontroll over situasjonen, seier Bjørn Guldvog.

– Er det nok med lokale tilrådingar?

– Det håpar vi, men vi følgjer dette fortløpande. Men det er viktig at folk veit at når vi får meir smitte i befolkninga, så vil det vere ein auka risiko for å bli smitta.

– Mindre alvorleg

Han meiner at det at 78 prosent av befolkninga har fått minst ein vaksinedose gjer at situasjonen trass alt ser annleis ut no.

– No er det mindre alvorleg enn det var for eit halvt år sidan fordi så mange er vaksinerte. Men ein god del av dei uvaksinerte kan bli alvorleg sjuke, seier Guldvog.

Han peikar på at det er kombinasjonen av korona, influensa og RS-virus som kan føre til ei overbelastning på sjukehusa.

– Vi er avhengig av ein innsats i kommunane der ein må gjere som til dømes i Tromsø og setje i verk lokale tiltak.

Kraftig smitteauke

I Molde har 43 nye, dei fleste skuleborn, fått påvist koronasmitte i løpet av helga. Der skal no hundrevis av elevar testast.

– Elevane er jo eigentleg ganske entusiastiske. Det er ikkje nokon motførestillingar rundt omkring. Eg trur dei nesten synast det er litt spennande at dei skal få vere med på dette.

Det seier rektor ved Skjevik barne- og ungdomsskule i Molde, Inger Lise Eidhammer.

Born på Skjevik barne- og ungdomsskole i Molde får utdelt hurtigtestar for korona

HEIMETESTAR: Sofie Sorthe og Emilian Haukeberg-Vorpenes var blant elevane som fekk med seg hurtigtestar heim i dag.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fleire stadar i landet opplever no ein auke i talet på smitta, blant anna i Molde der 43 personar fekk påvist koronasmitte i løpet av helga.

Det blir no delt ut heimetestar til alle elevar ved barne- og ungdomsskulane i Molde kommune.

– Majoriteten av dei som har testa positivt er barn på barneskule. Basert på dei funna beslutta vi å gjennomføre ei massetesting av alle barn i barne- og ungdomsskular i kommunen, seier kommuneoverlege i Molde, Cato Innerdal.

Får med testar heim

Han seier det er frivilleg å ta testen, men oppfordrar alle til å gjere det slik at dei kan få stoppa smitten.

– Vi ser allereie i dag at det er fleire som har testa positivt på hurtigtestar og som har bestilt test på den kommunale teststasjonen.

Kommuneoverlege i Molde, Cato Innerdal.

VENTAR SVAR: Cato Innerdal er kommuneoverlege i Molde.

Foto: Frode Berg / NRK

På Skjevik barne- og ungdomsskole får alle elevar og tilsette i dag utdelt to hurtigtestar som dei kan ta på måndag og på onsdag, for å sjekke om dei er smitta av korona.

– Vi byrja å pakke testar, to og to, klokka sju i dag tidleg, slik at vi skulle klare å dele ut til alle klassene. Og vi har sendt ut informasjon til foreldre slik at dei kan hente testar her i ettermiddag.

Eidhammer seier det er bra om dei kan få oversikt over smitten, slik at dei slepp å setje i gong nokon større tiltak. Og ho har ikkje inntrykk av at elevane synes det er trasig å måtte teste seg.

AKTUELT NÅ