Hopp til innhold

Nordmenn handlar meir sminke og parfyme: – Ein rimeleg luksus

Kosmetikkbransjen fossar fram trass nedgangstider. Det er ikkje uvanleg. Fenomenet har eit eige namn: leppestift-effekten.

leppestift

Kosmetikksalet har skote i vêret i 2023.

Foto: MARCOS BRINDICCI / REUTERS

Har du stramma inn på forbruket dei siste månadane, men likevel unnt deg ein dyr parfyme? Eller kanskje eit par nye leppestiftar?

I så fall er du i godt selskap.

Størst vekst

Så langt i 2023 har kosmetikkbransjen auka omsetnaden med 16 prosent samanlikna med fjoråret.

Det viser tal frå NHO Sevice og Handel. Medan store delar av handelsnæringa strevar, har kosmetikkbransjen vind i segla. Faktisk er det bransjen med størst vekst i år.

Kvifor prioriterer vi å bruke pengane våre på skjønnheit i dyrtid?

Elina Bertoni er ein av dei som bidreg til at det går godt i kosmetikkbransjen.

– Parfyme, sminke og kremar for å ta vare på hud og hår, det prioriterer eg. Eg må lukta godt kvar dag, seier ho.

Elina Bertoni

Elina Bertoni seier det alltid er stas å finna ei ny parfymelukt.

Foto: Frode Fjerdingstad / Frode Fjerdingstad

NRK treffer Bertoni medan ho handlar på Lyko i Karl Johans gate. Ho seier at ho har kutta i straumforbruket, som følgje av dyrtid.

– Det sit langt inne å kutte i kosmetikkforbruket?

– Ja. Og ein finn varer i alle prisklassar. Ein treng ikkje slutte å ta vare på seg sjølv fordi det er dyrtid. Det finst rimelege alternativ.

Leppestift-effekten

– I nedgangstider vil dei fleste redusere forbruk av dyre luksusprodukt som smykke, klede og vesker. Då kjøper ein heller kvalitetsmerke av for eksempel sminke og parfyme, seier professor Asle Fagerstrøm.

Han underviser i forbrukaråtferd og privatøkonomi på Høgskulen Kristiania.

Dette blir kalla «leppestift-effekten». Forbruk av rimelegare luksusprodukt får forbrukarane til å føle seg vel sjølv i nedgangstider.

Fenomenet er ikkje nytt. Namnet viser til korleis forbruket til folk endra seg under dei dårlege tidene på 1930-talet.

Asle Fagerstrøm

Professor Asle Fagerstrøm.

Foto: Jonatan A. Quintero

Også hos betalingstenesta Klarna ser dei det same, seier marknadsdirektør Thomas Elvestad.

Berre den siste månaden har interessa for parfyme auka med 59 prosent.

– I tøffare økonomiske tider blir det selt mindre dyre luksusprodukt, men fleire unner seg ein annan type luksus i kvardagen, som ein god parfyme.

Det verkar å vera tilfelle i Lyko-butikken på Karl Johan. Medarbeidar Birosh Simon fortel at interessa for sminke, parfyme og hudprodukt er stor.

Birosh Simon (22) jobbar på Lyko.

Birosh Simon frå Lyko på Karl Johan seier at koreanske hudpleieprodukt er blitt veldig populære. Det gjev ho TikTok skulda for.

Foto: Frode Fjerdingstad / Frode Fjerdingstad

– Det er spesielt stor interesse for produkt som er blitt fremja på TikTok. Det er dei vi sel mest av. På laurdagar er det alltid mykje trykk og mange som er innom, seier Simon.

På Lyko merkar dei lite til dyrtid, men ifølgje Simon har dei merka noko meir svinn enn det som er vanleg.

Professor Fagerstrøm peiker likevel på at forbrukarar reagerer ulikt i nedgangstider.

– Nokre set alle bremser på. For desse er det uaktuelt å kjøpe luksusprodukt. Andre held fram som før og er lite uroa. Det gjeld som regel unge menneske som bur i urbane strøk. Dei har ein tendens til å auke forbruket av produkt som får dei til å gløyme at det er dårlege tider, seier han.

Les også Bankene: – Kvinner har dårligere oversikt over økonomien enn menn

Oppsving etter pandemien

Linda Vist er direktør for handel i NHO Service og Handel. Ho seier kosmetikk er ein rimeleg luksus.

– Det er ein luksus vi som brukarar kan halde fram med å unne oss i dyrtida. Det er ikkje nødvendigvis produkt som er svært dyre, men dei gir forbrukaren luksuskjensle og ei god oppleving.

Derfor meiner ho kosmetikk er ein bransje som står seg godt gjennom nedgangstider. Ho understrekar at tala var svært låge under pandemien.

– Då gjekk kosmetikk-salet ned som følgje av heimekontor og dermed mindre behov.

Vist trur ikkje veksten i år gir auka forteneste.

– Det er nok heller slik at omsetninga dekker dei auka kostnadane. Det er gledeleg å sjå at ein bransje som har hatt det tøft i nokre år no har god vekst.

Linda Vist, bransjedirektør, handel i NHO.

Linda Vist er bransjedirektør for handel i NHO.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Les også Vil lære unge om økonomi: – Prøver å tjene mer enn jeg bruker

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger