Hopp til innhold

Koronasmitten aukar raskare i Noreg enn i Sverige

For første gong sidan april er koronasmitten større i Noreg enn i Sverige dersom vi måler per innbyggar. Det viser dei offisielle smittetala. No bør vi heller følge utviklinga sørover i Europa, meiner Helsedirektoratet.

Grensehandel i Sverige

GRENSEHANDEL: Fleire svenske regionar er no på gult nivå fordi smitten i har gått ned. Det gjer at mange nordmenn reiser over grensa for å handle. Men den siste veka har talet på nye smittetilfelle i Noreg auka raskare enn dei svenske.

Foto: Annika Byrde / NTB Scanpix

Frå måndag til torsdag sist veke vart det registrert 454 nye smittetilfelle av koronasmitte i Noreg, viser NRK si oversikt over koronasmitte.

I Sverige vart det i same tidsperiode registrert 564 nye smittetilfelle, viser tal frå svenske folkehelsestyresmakter.

Av 100.000 nordmenn er det dei siste sju dagane registrert 1,4 nye smittetilfelle kvar dag. Det same talet er 1,1 i Sverige. Det viser tal frå VG si samanstilling av offisielle tal frå nordiske helsestyresmakter. Det er første gong sidan 1. april det er registrert mindre smitte per innbyggar i Sverige enn i Noreg.

Det er nokre små variasjonar i tala frå dei ulike kjeldene, men dei viser alle same tendens. Smitteomfanget var større i Noreg enn i Sverige den siste veka.

Meir testing

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad meiner tala viser at Sverige er i ferd med å få kontroll på smitten i landet.

– Det er eit heilt tydeleg teikn på at folk i Sverige gjer mykje fornuftig, held avstand til kvarandre og bruker hygieneråda aktivt, og er påpasselege med å ikkje spreie smitte vidare.

Men Sverige har framleis ei høgare sjukdomsbelastning enn Noreg. Talet på døde og innlagde er framleis høgare i Sverige enn i Noreg, også om ein tek høgde for folketal.

Personer på vei til korona-testing ved teststasjonen på Oslo lufthavn.

Dei siste vekene har Noreg auka testkapasiteten kraftig. Det har blitt enklare å få time til testing, og det er etablert testsenter på trafikknutepunkt, som på Gardermoen.

Foto: Avinor

Auken i Noreg kan blant anna skuldast at vi testar meir enn før. No blir det gjennomført meir enn 80.000 testar kvar veke. Det gjer at vi oppdagar fleire smitta enn tidlegare.

I tillegg har det vore to større smitteutbrot i Noreg den siste veka. I Bergen testa fleire studentar positivt for viruset. I Østfold har over 200 personar fått påvist viruset, og 1300 er sett i karantene, som følge av dette.

Dette er tal som dreg statistikken opp, seier Nakstad.

– Om ein ser bort frå dei to smitteutbrota så er tala i Noreg veldig låge, og stabilt låge. Men det at me fangar opp desse smittetilfella i dei utbrota er veldig viktig. Og sjølv om tala blir litt høgare, så skal me vere glad for at me fangar dei opp.

Måndag har det også kome meldingar om at sju tilsette ved Haukeland har fått påvist korona. Dei har innført besøkskontroll ved sjukeuset.

I Oslo er 55 elevar og 4 lærarar sett i karantene etter at det blei påvist koronasmitte ved Sagene skole.

Sjølv om det bur nesten dobbelt så mange i Sverige som i Noreg, så var tala på utførte testar nesten likt i veke 35. Av alle dei 84 554 som testa seg i Noreg i veke 35 var det 0,44 prosent som testa positivt. Dei tilsvarande tala i Sverige var at 1,6 prosent av dei 85 060 som testa seg fekk positivt svar.

Åtvarar mot Europa

Heilt sidan koronapandemien kom til Norden, har det vore Sverige vi har samanlikna oss med. Blant anna fordi dei valde ein annan strategi enn nabolanda.

Men no kan det vere grunn til å rette blikket sørover. Den siste veka har Danmark segla opp som landet i Norden med mest smitte.

Smittetalet blant danskar har vore 2,5 per 100.000 innbyggarar kvar dag den siste veka. Nakstad meiner difor det kan vere lurt å følge utviklinga sørover på kontinentet framover.

– Tal frå det europeiske smittevernbyrået viser at nesten heile Europa har fått raud farge, men unntak av fleire regionar i Sverige som er på gult nivå. Og det gjer at utviklinga i mange europeiske land er urovekkande, og det vil påverke oss med importsmitte om ein reiser til slike land.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger