Hopp til innhold

78 nye smitta i Bergen gjennom helga: – Ikkje berre studentar

Over 3000 bergensarar testa seg for korona gjennom helga. Det har gitt 78 nye smitta sidan fredag. Fleire av dei kan sporast tilbake til studentutbrotet.

Ny teststasjon for koronasmitte i Bergen havn

MEIR SMITTE: Smitten i Bergen held fram med å auke. Her frå den nye teststasjonen ved Bergen hamn.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det syner dei ferske tala frå Bergen kommune måndag ettermiddag.

Totalt er det no 986 personar som har testa positivt for covid-19 i Bergen.

– Mange av dei smitta tilhøyrer utbrotet i studentmiljøet, men i løpet av helga har det også komme fleire tilfelle der smitten ikkje direkte kan knytast til utbrotet blant studentar, skriv kommunen i pressemeldinga.

Dei viser til at det har vore enkelttilfelle ved utestader og serveringsstader i byen, samt smittetilfelle på enkelte vidaregåande skular. Smitten har også nådd tilsette ved Haukeland universitetssjukehus.

Før helga vart det også kjent at ein bebuar ved Domkirkehjemmet testa positivt. Måndag er det klart at testane som er gjort av andre bebuarar og tilsette er negative.

Norges Handelshøyskole og koronasmitten.

TOMME STOLAR: På NHH har 131 studentar fått påvist covid-19 etter semesterstart. All undervisning foregår no digitalt.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Stammar frå studentmiljøet

Måndag kom det beskjed om fire nye studentar smitta ved NHH. Det betyr at totaltalet på NHH-studentar som har fått korona etter semesterstart er på 131.

Også Høgskulen i Vestland (totalt 33), samt NLA Høgskulen og BI (totalt 9) har fått beskjed om nye tilfelle av studentar med covid-19 måndag.

Det betyr at kring 200 studentar i Bergen har blitt smitta av covid-19 etter semesterstart.

Talet på koronasmitta i Bergen har no gått frå 603 personar 31. juli til 986 personar måndag 7. september.

– Det er aukande grunn til uro. Framleis er det ein del studentar som testar positivt, men meir urovekkande er auken av personar som testar positivt som ikkje høyrer til studentpopulasjonen, seier medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen i Bergen kommune til NRK måndag.

Smittevernoverlege Karina Koller Løland seier kommunen søndag hadde eit statusmøte med FHI. Ho seier dei meiner dei no har god oversikt over studentutbrotet.

– Fleire av tilfella utanfor studentmiljøa kan sporast tilbake til studentutbrotet. Dette følgjer vi tett i samarbeid med FHI og aktuelle partar. Det er viktig at alle held fram med å følgje råda om god handhygiene, ein meters avstand og at dei held seg heime om dei kjenner seg sjuke, seier Løland.

Intensivsykepleiere ved Haukeland universitetssykehus

SMITTE: Sju tilsette på seks avdelingar på Haukeland universitetssjukehus i Bergen har fått påvist covid-19. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Katrine Sunde / Haukeland universitetssjukehus.

Tiltak på Haukeland

Smitteauken i Bergen dei siste vekene har altså også nådd inn på Haukeland universitetssjukehus.

Sju tilsette på seks avdelingar har fått påvist smitte, noko som har sendt ni pasientar i isolasjon og 42 tilsette i karantene.

– Vi må sette i verk tiltak for å hindre at vi får meir smitte inn på sjukehuset. Besøkande må ikkje kome viss det ikkje er strengt naudsynt, seier sjukehusdirektør Eivind Hansen til Bergens Tidende.

Måndag sat beredskapsgruppa på sjukehuset i møte. Det som uroar Hansen mest er at dei tilsette som er smitta kjem frå seks ulike avdelingar på sjukehuset.

– Dei har ingen samanheng, og smittevegane er forskjellige. Og smitten kjem utanfrå, seier Hansen til BT.

Besøkskontroll

I løpet av veka vil alle publikumsinngangar på sjukehuset få eigne vakter, slik situasjonen var frå koronautbrotet i februar og fram til juni.

Men pårørande til alvorleg sjuke pasientar får framleis kome på sjukehuset.

Det var fredag kveld at Helse Bergen melde om at først tre tilsette hadde testa positivt for korona. Søndag auka dette talet til sju tilsette.

Fagdirektør Marta Ebbing sa til NRK fredag at dette tyder på smitten i lokalsamfunnet er aukande.