Kongen har fått påvist ein infeksjon som må bli behandla, og han vil derfor bli verande på sjukehus nokre dagar. Tilstanden er stabil, opplyser Kongehuset.
Kongen skulle saman med kronprins Haakon ha delteke i markeringa av frigjeringsdagen og den nasjonale veterandagen på Akershus festning i ettermiddag. Han har måtte avlyse besøket. Kronprinsen deltek som planlagt.
– Det er ikkje endringar i kongens program utover at han ikkje stiller på Akershus i dag, fortel slottets assisterande kommunikasjonssjef Sven Gjeruldsen til Dagbladet.
Kong Harald skal etter planen seinare denne veka ta imot Italias president Sergio Mattarella på statsbesøk til Noreg.
Fekk kunstig hjarteklaff
Statsminister Jonas Gahr Støre fortel til VG at han ønsker kong Harald god betring etter meldinga om at han er innlagd på Rikshospitalet med infeksjon.
Kongen som no er 86 år har vore mykje inn og ut av og ut av sjukehus dei siste åra. Kongen var innlagd på Rikshospitalet og blei behandla for ein infeksjon både i august i fjor og like før jul.
Sist gong kongen blei operert var i 2021, då for ein skadd sene over høgre kne. Operasjonen var vellukka.
I oktober 2020 gjennomgjekk han ein operasjon for å bytte ut ein hjarteklaff.
Det var i 2005 at kongen fekk sett inn ein kunstig hjarteklaff for første gong. Slike hjarteklaffar har ei levetid på mellom 10 og 15 år, og der er derfor ikkje noko uvanleg i at ein slik må bytast etter noko tid.
I desember 2003 fekk kong Harald diagnosen kreft i urinblæra. Den 8. desember same år vart kreftsvulsten fjerna i det som legane karakteriserte som ein svært vellykka operasjon.
450 oppdrag i fjor
Kongen leidde fredag før helga statsråd på Slottet. Førre veke var han også å sjå i offentlegheita, då han delte ut Kong Olavs Kreftforskingspris i Universitets aula.
I fjor gjennomførte kong Harald 450 oppdrag, anten på Slottet, Kongeskipet eller ute i felt, ifølgje Slottet. Dette sjølv om han også i fjor hadde periodar med helseproblem.
Den 86 år gamle kongen har ein eigen livlege – ein slags fastlege – på Rikshospitalet i Oslo.