Hopp til innhold

Kjell Ingolf Ropstad er ny partileiar i KrF

KrFs nye leiartrio trur dei vil vinne nye veljarar på familiepolitikk, næring og kampen mot internasjonal fattigdom. Debatten om abort og ekteskapslov vil dei utsette.

– Det kjennest godt, seier Kjell Ingolf Ropstad til NRK.

Laurdag føremiddag blei han valt til ny partileiar av KrFs landsmøte. Han kjem frå Aust-Agder og har vore 2. nestleiar i partiet til no.

Etter ein vakuumperiode trur eg heile landsmøtet er takksame for at vi vel nytt sentralstyre, ny leiing og at vi kan starte med blanke ark og gi jernet fram mot valet, held han fram.

Olaug Bollestad har vore fungerande leiar i KrF etter at Knut Arild Hareide i haust gjekk av då partiet gjekk inn i Solberg-regjeringa.

Bollestad held no fram som 1. nestleiar, medan Ingelin Noresjø frå Nordland KrF kjem inn som 2. nestleiar. Noresjø er også fylkesråd for næring i Nordland fylkeskommune.

– Vi får no representasjon frå Nord-Noreg og ikkje minst ein politikar med sterk kunnskap på næring som er ekstremt viktig for å skape dei arbeidsplassane vi treng, inkludere fleire i arbeidslivet og for å få inntekter til å kunne ha eit godt velferdssystem, seier Ropstad.

KrFs nye partileiing

KrFs leiartrio: F.v. Olaug Bollestad, Ingelin Noresjø og Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Blei splitta i haust

Bollestad og Ropstad stod på blå side i retningsvalet i haust, medan Noresjø stod på den raude.

Noresjø seier ho aldri vurderte å melde seg ut av partiet, sjølv om ho vart veldig skuffa over retninga partiet valde.

– Eg har lagt skuffinga bak meg, og jobbar saman med Olaug og Kjell Ingolf i å bygge opp partiet. Så skal vi ta vare på alle meiningane som har komme fram gjennom dette året, seier Noresjø til NRK.

Ropstad meiner at partiet no er godt samla. Han peikar på at familiepolitikk, næring og kampen mot internasjonal fattigdom sameinar partifellane.

– Det er saker eg trur vil trekke fleire veljarar til partiet, seier partileiaren.

Innpakka kristenprofil

Ropstad er også oppteken av å spisse den kristne profilen til partiet.

Fredag åtvara Geirmund Lykke i Trondheim partiet mot å hamne i den konservative teologiske grøfta.

Samtidig tek KrFU-leiar Martine Tønnessen til orde for at KrF tydeleg må avklare kva dei meiner om abort og ekteskapslova.

Tidlegare KrFU-leiar Ida Lindtveit Røse meiner at partiet bør gå inn for sjølvbestemt abort, skriv Aftenposten.

Ropstad seier til VG at han legge abortdebatten død no og heller kjempe mot aktiv dødshjelp.

Den nye 2. nestleiaren meiner at «innpakkinga og formidlinga» av kristenprofilen blir avgjerande.

– Eg trur Kjell Ingolf blir ein partileiar som vil klare den balansegangen godt. Eg er også oppteken av å løfte det kristne verdigrunnlaget som vi har, seier Noresjø.

Kva saker er då viktig å stå på og å unngå?

– Å løfte fram haugianismen, næringslivspolitikken, å sjå den enkelte, vere medmenneskeleg og å løfte opp dei svake i samfunn, er gode kristne saker som vi må kjempe for, seier ho.

Vil ikkje svare om abort og ekteskapslov

– Kva meiner du om det som har vore klassiske KrF-saker: abort, Israel og ekteskapslov?

– Det er saker eg trur kjem til å bli debattert innanfor partiet framover mot neste stortingsperiode, mellom anna i programbehandlinga. Vi skal finne ut kva vi meiner i desse sakene på ein god måte, seier Noresjø.

– Men kva meiner du?

– Det skal eg ta gjennom programbehandlinga, seier den nye nestleiaren.

Valdrama om sentralstyret

Det var ingen utfordrarar på landsmøtet når det gjaldt valet av partileiinga, men Møre og Romsdal KrF kom med eit benkeforslag for å få sin fylkesleiar, Randi Walderhag Frisvoll, inn i sentralstyret.

Ho kunne ha skvisa ut Karin Bjørkhaug frå Trøndelag, som stod på raud side i retningsvalet.

Landsmøtet stemte mot benkeforslaget.

Sentralstyret ser no slik ut: Erik Lunde (Oslo), Tove Welle Haugland (Agder), Magne Supphellen (Hordaland), Anders Tyvand (Vestfold) og Karin Bjørkhaug (Trøndelag).

AKTUELT NÅ