Hopp til innhold

Trondheim KrF-ar åtvarar mot ein konservativ partiprofil

Geirmund Lykke i Trondheim KrF åtvarar mot å skli over i konservativ teologi når partiet skal spisse kristenprofilen.

Geirmund Lykke i KrF

Geirmund Lykke er gruppeleiar i bystyret for KrF i Trondheim.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Sidan KrF ikkje er eit trussamfunn, må vi ikkje utvikle ein politikk som ser ut til å ha ein teologisk profil som berre henvender seg til delar av Kristen-Noreg, seier Geirmund Lykke, gruppeleiar for Trondheim KrF.

Laurdag blir Kjell Ingolf Ropstad etter alle solemerker valt til ny leiar for Kristeleg Folkeparti.

Han skal styre eit parti som sit i regjering, men slit på meiningsmålingane, og er på leit etter ei vinnarsak som kan løfte partiet.

No tek Ropstad til orde for å spisse kristenprofilen meir. Til Dagens Næringsliv seier han at kristne verdiar må få større plass i politikken.

– Ideen om at alle verdier er like gode, er feil. Å peike ut dei verdiane vi bygger landet på, er naturleg. Det blir viktigare i eit meir mangfoldig land, seier Ropstad til avisa.

Han listar opp ærligdom, tilgjeving, likeverd, likestilling og fleksibel familiepolitikk.

Åtvarar mot konservativ grøft

Leiar i Trondheim KrF, Geirmund Lykke, er i utgangspunktet positiv til dette, men åtvarar partiet mot å helle over i konservativ teologisk retning.

Han peikar særleg på homofilt samliv.

– Det er eit teologisk omstridd tema som Den norske kyrkja til slutt avklarte at aksepterer begge syn. Då kan ikkje vi ha eit avvikande standpunkt, seier Lykke.

Han viser til uroa som oppstod i partiet på sørvestlandet då KrFs kommunikasjonssjef gifta seg med ei kvinne. Dei blei vigd av presten Geir Bekkevold, som også sit i familie- og kulturkomiteen for KrF på Stortinget.

I Nordland førte det derimot til medlemsvekst.

– Korleis skada saka partiet?

Det blir skapt eit inntrykk av at det berre er menneske som er for eit heterofilt samliv som er velkomne i KrF, og slik er det slett ikkje. Programmet vårt aksepterer begge samlivsformar, og då må vi ikkje opptre overfor våre tillitsvalde som at det berre er heterofilt samliv som er akseptabelt, seier Lykke.

Brosvik er samd

Fylkesordførarkandidat i Vestland KrF, Trude Brosvik, er samd i at det er viktig at KrF ikkje blir eit snevert kristent parti.

Trude Brosvik i Vestland KrF

Trude Brosvik er fylkesordførarkandidat for Vestland KrF.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Mange saker som blir dratt opp, som homofilt samliv, er det store spenningar og ulik tolking av innan kristenfolket. Eg ønskjer ikkje at KrF skal bli smalare enn Kristen-Noreg er. Vi må ikkje bli meir konservative enn paven, seier Brosvik til NRK.

AKTUELT NÅ