Hopp til innhold

Kritiserer katolsk biskop for å være for passiv

Den katolske kyrkja i Noreg vil ikkje gjere noko for å avdekke moglege seksuelle overgrep frå 1950 til i dag. Defensivt, seier leiar for Kirkens Ressurssenter for vold og seksuelle overgrep.

Vigslingen av Markus Bernt Eidsvig til ny biskop i Oslo katolske bispedømme.

Fra vigslingen av Markus Bernt Eidsvig til ny biskop i Oslo katolske bispedømme i 2005.

Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Trass nye avsløringar om seksuelle overgrep i Europa, meiner den katolske biskopen i Oslo det ikkje er grunn til å granske sine eigne.

Kirkens Ressurssenter er til for alle kyrkjemiljø og opplev auka pågang frå overgrepsofre.

– Hysterisk

Katolsk biskop i Oslo, Bernt Eidsvig.

Katolsk biskop i Oslo, Bernt Eidsvig.

Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Biskop Eidsvig er kjent med to tilfelle i Oslo frå 1950-talet kor mindreårige har vorte utsett for seksuelle overgrep. Men han ser ikkje nokon grunn til å undersøkje om det er tilfelle han ikkje veit om.

– Det er ganske tøvete å ta oppgjer med noko som ikkje er. Det blir jo nærast hysterisk, seier Eidsvig.

– Kvifor skulle eg gjere det. Den beredskapen vi har er tilfredsstillande. Men han må gjerne korrigerast viss nokon kan foreslå ein betre framgangsmåte og eit betre apparat, seier Eidsvig.

– Det blir for defensivt

Elisabeth Torp er prest og dagleg leiar for Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.

Elisabeth Torp, daglig leder i Kirkens Ressurssenter

Elisabeth Torp, daglig leder i Kirkens Ressurssenter.

Foto: Stiftelsen Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep

Torp, på si side, meiner det skal lite til for leiinga i den katolske kyrkja i Noreg, for å vise at dei tek dette på alvor.

– Det er for defensivt, rett og slett. Det er behov for ein mykje meir aktiv og offensiv haldning, seier Torp.

Torp vektlegg at ho ikkje veit at det har skjedd overgrep, men at det ikkje betyr av den katolske kyrkja i Noreg er fri for synd.

– Når vi no veit at det har skjedd overgrep over tid i mange av dei andre landa. Riktignok er den katolske kyrkja større her enn i Noreg, men eg veit ikkje noko som ikkje skulle tilseie at det ikkje skulle skje i Noreg, seier Torp.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger