Hopp til innhold

Israel hevdar dette kartet skal hjelpe sivile i Gaza – fleire er kritiske

Eit kart skal gjere det mogleg for sivile å unngå bombeangrep, meiner det israelske forsvaret. Fleire seier det er heilt umogleg i praksis.

Kart fra IDF som viser Nord-Gaza delt inn i soner

Nord-Gaza er delt inn i fleire titals soner på eit nytt kart frå Det israelske forsvaret (IDF), som dei meiner skal hjelpe sivile å evakuere.

Foto: Skjermdump, IDF

– Me fekk høyre at me måtte dra. Me sov ikkje i natt, på grunn av bombinga. Me sov ikkje i det heile. Me klarer ikkje å sove, me klarer ikkje å leve.

Det seier Miriam Al-Astal frå Khan Younis, sør i Gaza.

Ho er ein av mange palestinarar som laurdag fekk beskjed frå det israelske forsvaret (IDF) om å evakuere.

Miriam Al-Astal fra Khan Younis

Miriam Al-Astal og familien må på kort varsel evakuere frå heimen sin i Khan Younis, sør i Gaza.

Foto: Jebril Kmeil / NRK

Kampane i Gaza går no føre seg for fullt igjen, etter at våpenkvila mellom Israel og Hamas gjekk ut fredag.

No seier Israel at dei har oppretta «trygge soner» kor sivile kan søke ly.

På eit kart på nettsida til IDF er Gaza delt opp i over 100 soner. IDF seier dei vil varsle befolkninga i dei ulike sonene når dei må evakuere på grunn av bombing. Israel sleppte ut flygeblad over Gaza med ein QR-kode til kartet.

Laurdag var Miriam ein av svært mange som fekk beskjed om at ho måtte dra til ei anna sone.

Meiner karta ikkje hjelper nokon

Lindis Hurum, generalsekretær i Legar utan grenser, er svært kritisk til dei såkalla trygge sonene og meiner dei ikkje fungerer.

– Det er snakk om utruleg mange menneske som allereie er utmatta, svake, sjuke, som då skal flytte seg frå ein liten bit av Gaza til ein annan liten bit av Gaza. Som om det var ein enkel ting å gjere, seier Hurum.

Lindis Hurum

Sivile palestinarar vert no behandla som brikker i eit spill, meiner generalsekretær Lindis Hurum i Legar utan grenser.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Ho meiner palestinarar no vert behandla som brikker i eit spel og ikkje som menneske.

– Dette kan ikkje få fortsette. Brot på folkeretten er eit alvorleg brot for oss alle, seier generalsekretæren.

NRK har bede IDF om eit svar på kritikken frå Hurum og om det er mogleg å gjennomføre ein slik evakuering for palestinarane i praksis. IDF har bekrefta at dei har teke imot spørsmåla, men foreløpig ikkje svara.

Innbyggarar i Khan Younis sør på Gazastripa seier til BBC at dei no opplever dei hardaste angrepa sidan krigen starta, Ein video frå nyhetsbyrået AP skal vise eit israelsk angrep i byen.

Aukar presset på befolkninga

Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskule, trur ikkje desse karta vil gjere at færre sivile vert drepne.

– Nei. Det er ein stadig prosentvis større andel av befolkninga som er skadde og utmatta og slitne, og som ikkje har dei ressursane som skal til for å raskt flytte seg frå eit område til eit anna, seier Heier til NRK.

Tormod Heier

Tormod Heier trur ikkje den nye taktikken til IDF vil hjelpe dei i kampen mot Hamas – og heller ikkje hjelpe dei sivile i Gaza.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Tvert imot meiner han flygeblada frå IDF aukar presset på sivilbefolkninga i Gaza.

– Dei bidrar til å ytterlegare auke det psykologiske presset på ei befolkning som allereie er hardt råka, ved at dei heile tida må vere førebudde på å pakke med seg alt dei har og flytte seg til eit nytt område, på veldig kort varsel.

Peter Viggo Jakobsen, lektor ved Forsvarsakademiet i Danmark, trur heller ikkje at karta vil hjelpe dei sivile.

– Sjølv om Israel no ved hjelp av kart og flygeblad prøver å signalisere at dei gjer alt for å leve opp til krigens reglar, vil det framleis vere vanskeleg å gjere det i praksis, seier han til Danmarks radio (DR).

Meiner det er umogleg å kome seg vekk

Palestinarar NRK har snakka med i Gaza, meiner det er så å seie umogleg å kome seg vekk frå bombene, trass i kartet IDF har laga.

Spesielt for familiar med barn og skadde eller sjuke familiemedlemer er det vanskeleg å evakuere på kort varsel. Dei fleste har heller ikkje tilgang på korkje bil eller drivstoff.

Nabil Saq-Allah har allereie flykta frå Gaza by til Khan Younis. No ventar han berre på å plutseleg måtte evakuere derifrå òg.

Nabil Saq-Allah fra Gaza by har flyktet til Khan Younis

Nabil Saq-Allah er frå Gaza by nord i Gaza, men har flykta sørover til Khan Younis.

Foto: Jebril Kmail / NRK

– Desse karta ... Me treng vern internasjonalt. Me vert bomba i sør, bomba i nord, bomba overalt. Det finst ikkje nokre trygge plassar i heile Gaza, seier han til eit lokalt team i Gaza som jobbar for NRK.

Laurdag har ein talsperson for IDF lagt ut fleire nye kart på X (tidlegare Twitter) og bede innbyggjarar i bestemte, nummererte område om å evakuere.

Innlegg fra IDF på X lørdag om soner i Gaza som skal evakueres
Foto: Skjermdump/X

Eit svar på internasjonalt press

At Israel no har laga eit kart for å hjelpe sivile med å evakuere, kan vere eit teikn på at dei føler seg pressa av det internasjonale samfunnet, trur Tormod Heier.

– Det tyder på at dei israelske styresmaktene på eit vis lar seg presse, ved å imøtekomme noko av den internasjonale bekymringa, og kritikken mot IDF og korleis Israel fører krig i eit av verdas mest tettbefolka område, seier professoren.

Han trur heller ikkje dette vil hjelpe Israel i kampen mot Hamas, fordi soldatane deira òg vil flytte seg til dei «trygge sonene».

Men IDF må vel òg vere klare over at Hamas vil gjere nettopp det?

Ja, det er riktig. Dette grepet frå IDF si side har kanskje først og fremst mål om å øydeleggje den militære infrastrukturen, svarar Heier, og nemner tunnelsystem og kommandosenter som eksempel.

AKTUELT NÅ