Hopp til innhold

Krigen har starta opp att: – Det var så vidt vi kom oss ut før dei bomba

Kampane er i gang att på Gazastripa, etter at våpenkvila blei avslutta fredag morgon. Ifølge palestinske helsemyndigheiter skal 178 palestinarar vere drepne.

Bildet er tatt sør i Israel nærre grensa til Gazastripa 1.desember.

Fredag morgon skal byen Rafah, heilt sør på Gazastripa, ha blitt utsett for israelske angrep.

Foto: AFP / AFP

Krigen mellom Israel og Hamas har starta opp att, etter sju dagar med våpenkvile.

Den humanitære pausen skulle i utgangspunktet ha gått ut fredag morgon kl. 6 norsk tid.

Rundt kl. 5 skal flyalarmen ha gått i Israel, og det israelske luftvernet meldte at dei skal ha skote ned ein rakett som kom frå Gaza.

På bakgrunn av skuldingane om at våpenkvila er broten, meldte det israelske forsvaret fredag morgon at krigen har starta opp att. Like etter blei det meldt om angrep i nord, men også i sør – som skulle vere eit trygt område.

Journalistar NRK samarbeider med på Gazastripa, har møtt folk i Khan Younis, som ligg i sør. Der hadde folk førebudd seg på fleire dagar med våpenkvile, og blei overraska over beskjeden om å evakuere tidleg fredag morgon.

«Fram til klokka 6.30 i dag var det håp om forlenging, men sånn blei det ikkje.»

Jihad Kadih

«Hadde vi vore heime, kunne vi blitt drept heile gjengen. Det var så vidt vi kom oss ut før dei bomba.»

Hind Asoor

«Kvar skal vi bu, kva skal vi ete? Det finst ikkje mat, drikke, ikkje grunnlag for eit liv i det heile tatt.»

Mohammed Abo Gam

«Vi veit ikkje kvar vi skal dra. Berre Gud veit kva som vil skje no.»

Manal Abo Darifeh

«No er vi tilbake til katastrofen. Eg er redd for barna mine, ikkje huset mitt. Barna mine.»

Taha Abo Zarifeh

Etter fleire israelske angrep fredag, har 178 palestinarar blitt drepne. I tillegg skal 589 vere skadde. Det melder palestinske helsemyndigheiter.

Palestinarar ber vekk ein av dei drepne etter luftangrepet mot Rafah 1.desember.

Palestinarar ber vekk ein av dei drepne etter luftangrepet mot Rafah.

Foto: AFP
Palestinarar ser på øydeleggingane i Rafah sør på Gazastripa 1.desember 2023, då våpenkvila var over.

Palestinarar ser på øydeleggingane i Rafah sør på Gazastripa 1. desember 2023.

Foto: AFP
Palestinarar ser på dei første øydeleggingane etter at kampane mellom Hamas og Israel starta opp att.

Palestinarar ser på dei første øydeleggingane etter at kampane mellom Hamas og Israel starta opp att.

Foto: AFP

Hamas avviser at det var dei som braut våpenkvila. Det seier dei til lokale journalistar på Gazastripa som NRK har vore i kontakt med.

Meklinga held fram

Qatar, Egypt og USA har bistått i meklinga mellom Hamas og Israel.

Qatar ber no det internasjonale samfunnet om å gjere det dei kan for å stanse valden, og viser til dagens israelske angrep på Gazastripa. Sjølv om våpenkvila er broten, presiserer Qatar at forhandlingane mellom partane likevel held fram.

USAs utanriksminister Antony Blinken, som for tida er i Midtausten, sa i går at Israel heile tida har hatt planar om å ta opp att dei militære operasjonane på eit tidspunkt.

blinken på eit podoim

USAs utanriksminister Antony Blinken er i Israel for å samtale med israelske og palestinske leiarar.

Foto: Saul Loeb/Pool / AP

Blinken oppmoda Israel til å få på plass «humanitære sivile beskyttelsesplanar» før dei går tilbake til krig, for å unngå «ytterlegare betydeleg forflytting av sivile, i tillegg til å unngå å skade kritisk infrastruktur, som sjukehus, kraftstasjonar og vassanlegg.

Israel har tidlegare uttalt at dei vil forlenge våpenkvila med eitt døgn for kvart tiande israelske gissel Hamas frigir.

folk går i ei bomba gate

Under den sju dagar lange våpenkvila, fekk etterspurd humanitær støtte kome inn på Gazastripa.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Sigbjørn Halsne er oberstløytnant og sjef for seksjon for landmakt ved Forsvarets høgskole. Han trur Hamas har hatt mest å tene på våpenkvila:

– Militært er det den forsvarande parten, Hamas, som har hatt mest å tene på ho. Særleg psykologisk og mentalt er det utmattande å ikkje vite kvar ein blir angripe, og Hamas har nok avgrensa moglegheiter til å flytte seg.

Ifølge Halsne er våpenkvila blitt brukt til å forhandle, men og til å kvile soldatar, få inn forsyningar, og halde ved like og reparere militært materiell.

Gissel- og fangeutveksling

Hittil har Hamas frigitt 105 gislar sidan krigen braut ut. På israelsk side er 240 palestinarar sett fri frå israelske fengsel.

Torsdag blei 30 palestinarar lauslatne, mot åtte israelske gislar, ifølge Times of Israel.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu uttaler fredag morgon at kampane er tatt opp att på bakgrunn av palestinske angrep mot Israel, i tillegg til at Hamas ikkje skal ha oppfylt krava i utvekslinga i går.

Over 15.000 palestinarar har blitt drepne i krigen så langt, ifølge Hamas-kontrollerte helsemyndigheiter på Gazastripa. Over 6000 skal vere barn.

På israelsk side er over 1200 drepne, ifølge israelske myndigheiter. Dei fleste blei drepne 7. oktober, då Hamas gjekk til angrep på Israel.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt