NRK Meny
Normal

Jonas' opptur blir Ernas nedgang

Over halvparten av alle nordmenn vil at Jonas Gahr Støre skal bli landets leiar. Berre 32,4 støtter Erna Solberg, og dermed aukar gapet mellom dei to ytterlegare.

Jonas Gahr Støre får over 50 prosent støtte i ny statsministermåling. Erna Solberg får 32,4 prosent.

Jonas Gahr Støre får stadig meir støtte blant folket, Erna får stadig mindre.

– Det er eit høgt tal, seier Jonas Gahr Støre, som no har støtte frå 50,9 prosent av alle dei som er spurde på NRK si siste statsministermåling.

Aukande gap

Gapet mellom dei to partileiarane held dermed fram med å auke. I november fekk Støre 49 prosentpoeng på NRK si måling, medan Erna Solberg då hadde 34,4. I NRKs ferske måling har statsministeren gått endå meir tilbake, og har no støtte frå 32,4 av dei spurte.

– Det er alltid kjekkast når folk er nøgde og glade for politikken. Også tenkjer eg at ein statsminister må stå i både det vanskelege og hyggelege, seier Solberg som meiner det er viktigast med eit langsiktig perspektiv i politikken.

Statsministeren meiner det uansett er partimålinga som veg tyngst, og der fekk Høgre i går ein oppsving etter fleire månader med nedgang. No ser statsministeren framover, og er spent på korleis støtta til Støre vil halde seg.

– Denne målinga er ei enorm tillitserklæring til Jonas. Men så er det slik framover at det spennande som skjer framover er at Ap må starte å tone flagg, vise saker og diskutere politikk. Og då kan det jo vere at nokon av dei som synest han har dei gode svara i dag, ser at me har betre svar, seier Solberg.

– Lagleiar for eit stort lag

Støre meiner tala er til inspirasjon for det vidare arbeidet, men trekk fram partiet når han skal kommentere målinga.

– Eg er lagleiar for eit stort lag, så det heng saman med korleis me jobbar i Ap. Folk har nok tenkt på den politikken som regjeringa fronter, og den politikken har det ikkje vore entusiasme for, og det partiet folk då ser mot er Ap, seier Støre, som samstundes understrekar at slaget om statsministerjobben først står om to år.

– Gir desse tala deg meir sjølvtillit?

– Det vil eg ikkje seie. Me må ha tru på det me står for både gjennom medgang og motgang. Men det gir inspirasjon og tryggleik til det arbeidet me står i, for det er mange vanskelege saker og val som må takast kvar einaste dag, seier Støre.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger