Hopp til innhold

Jonas Gahr Støre får førelegg for brot på trafikkreglane

Ap-leiar Jonas Gahr Støre har godkjent eit førelegg på 9.000 kroner etter at han i fjor braut trafikkreglane i ein NRK-dokumentar i fjor haust. Det melder TV 2.

I fjor haust følgde eit dokumentarteam frå NRK Jonas Gahr Støre i fleire veker. Under opptaka var det fleire transportetappar der det blei dokumentert at Ap-leiaren ikkje alltid følgjer trafikkreglane.

Blant anna brukte han mobiltelefon medan han køyrde bil. Han oppmoda også rådgjevaren Siri Storstein Hytten til å køyre der det var skilta forbode for å kome seg ut av Oslo sentrum.

Han blei meldt til politiet, som no har konkludert. Det stadfestar Støre i ein SMS til TV 2.

– Eg blei meldt etter at NRK i fjor haust filma at eg braut trafikkreglane. Saka er no ferdig behandla og enda opp med at eg blei pålagt eit førelegg. Det er berre rett og rimeleg at eg får ein reaksjon etter brot på trafikkreglane, og eg har akseptert førelegget.

Støre fekk førelegget for brot på bruken av handhalden mobil og medverknad til brot på skiltforskrifta.

Fra 1. januar 2019 får man 1700 kroner i bot og to prikker på førerkortet om man bruker mobiltelefonen ulovlig i bil. Blir man tatt for ulovlig mobilbruk fire ganger på tre år, mister man førerkortet i seks måneder.

Fra 1. januar 2019 får man 1700 kroner i bot og to prikker på førerkortet om man bruker mobiltelefonen ulovlig i bil. Blir man tatt for ulovlig mobilbruk fire ganger på tre år, mister man førerkortet i seks måneder.

– Viktig å følgje reglane

Støre vedgjekk i haust at han hadde brote trafikkreglane under opptaka til dokumentaren. Og han beklaga feila overfor NRK.

– Det er veldig viktig. Dei skal ikkje brytast. Og eg veit at du har på tape at eg har brote reglane, og det er feil- Sånn skal det ikkje vere, og det er ikkje bra. Det skal eg lære av.

Han tok også avstand frå at han skulle ha snakka i mobiltelefon medan han køyrde bil.

– Medan du køyrer bil, bør du ikkje snakke i mobiltelefonen. Men dei fleste bilar har mekanismar der du kan få stemma opp på høgtalar slik at du ikkje treng å sitje med mobilen til øyret. Det gjer ikkje eg.

Jau, det gjer du. Du sit med mobiltelefonen medan du skrur av og på.

– Medan eg køyrer? Nei, det er ikkje bra. Dersom du har det på tape også, så er det klart at det ikkje er bra.

Hausten 2018 kunne Jonas Gahr Støre bli statsminister. NRK fulgte Støre i kulissane frå start til mål gjennom Krf sitt retningsval. Kvifor gjekk det ikkje denne gongen heller?
(Norsk dokumentar 2018)

Hausten 2018 kunne Jonas Gahr Støre bli statsminister. NRK fulgte Støre i kulissane frå start til mål gjennom Krf sitt retningsval. Kvifor gjekk det ikkje denne gongen heller? (Norsk dokumentar 2018)

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger