Hopp til innhold

Johannes ville avslutta livet – forskar kritiserer regjeringas plan mot sjølvmord

Johannes Langhelle (25) var i ferd med å bli ein av del av sjølvmordsstatistikken. Forskar Fredrik Walby meiner innsatsen ikkje står i forhold til samfunnsproblemet.

Johannes Langhelle

KREV FOKUS: Johannes Langhelle meiner at det er på tide at politikarane tar sjølvmordsproblematikken på alvor.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

I Noreg tek i overkant av 600 personar livet sitt kvart år. To av tre er menn. Gjennom 20 år har sjølvmordsratane vore dei same. Mange holdt pusten då sjølvmordstala for 2020 kom, men heller ikkje under pandemien har ein sett ein auke i sjølvmordstala.

Sjølvmordsforsøka er derimot langt fleire. Helsedirektoratet skriv at ein reknar mellom 4000 og 6000 sjølvmordsforsøk i året.

– Det er på tide politikarane tar dette på alvor. Mi historie er på langt nær unik, seier Johannes Langhelle som også ynskjer eit registreringssystem for sjølvmordsforsøk i Noreg.

Les også Johannes (25) hadde «alt» – likevel prøvde han å avslutte livet

Johannes Langhelle

Får ikkje kurva til å snu

At ein ikkje har sett ein auke i sjølvmordstala, kallar sjølvmordsforskar og psykolog Fredrik Walby ei fattig trøyst.

Han meiner at det er ein myte at det har blitt gjort mykje for å førebyggja sjølvmord gjennom dei tre handlingsplanane vi har hatt dei siste 20 åra.

– Vi har generelt hatt for lite innsats i forhold til eit samfunnsproblem som mellom 600 og 700 menneske døyr av kvart år. Vi treng ei opptrapping på heile feltet, seier han.

Langt fleire kvinner enn menn brukar dei tilboda som er tilgjengeleg, peikar sjølvmordsforskaren på.

Johannes Langhelle

Johannes Langhelle jobbar no i Blå Kors i Bergen. Han meiner at meir enn ein nullvisjon må til.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

– Ein kan kanskje seia at sjølvmordsførebygginga er for lite tilpassa menn, seier han.

Johannes Langhelle meiner handling krevst å få bukt med problemet.

– Og spesielt no når dei har sett seg ut ein nullvisjon. Det hjelper ikkje å berre setja det på papiret, seier han.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller innspel til andre ting eg bør sjekka ut? 

Send meg gjerne ein e-post!

Nullvisjonen

Handlingsplan for forebygging av selvmord 2020–2025 innførte for første gong ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

Ein fin men abstrakt tanke, meiner Walby som kritiserer handlingsplanen på fleire punkt.

Fredrik Walby, psykologspesialist og forsker

Fredrik Walby er forskar og psykologspesialist. I tillegg er han prosjektleiar for Nasjonalt kartleggingssystem for sjølvmord.

Foto: Thomas Marhinsen / NRK

For det første meiner han planen ikkje i stor nok grad er basert på kunnskap. For det andre peikar han på at planen manglar prioriteringar. Og pengar.

– Skal ein ha ein nullvisjon, så må innsatsen, tiltaka og ambisjonane stå i forhold til omgrepet nullvisjon. Der meiner eg at det er eit stort sprik, seier han.

– Utydelege tiltak

Walby spør etter blant anna konkrete tiltak for den gruppa vi veit har størst sjølvmordsrisiko: Pasientar i psykisk helsevern.

– Konkrete tiltak, i den fasen der vi veit at sjølvmordsrisikoen er aller høgast, er førebels ganske utydelege, seier Walby.

Han leiar det nasjonale kartleggingssystemet for sjølvmord i psykisk helsevern. Annankvar dag tar i snitt ein pasient i psykisk helsevern sitt eige liv, viste den første rapporten som kom i 2018.

Forskerteamet på Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging

Forskingsteamet på Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og -førebygging.

Foto: Patrick da Silva Saether

Også tala på sjølvmord som skjer med tilknyting til helstenestene påfallande stabile, forklarar Weiby.

Han meiner at det er på høg tid men ein gjennomgang av psykisk helsevern i form av ei offentleg utgreiing. Ikkje minst håpar han at regjeringa løftar handlingsplanen ut av skuffen og kommuniserer tydleg kva dei vil vidareføra eller endra i det arbeidet.

Innrømmer at fokuset har vore på pandemien

– Nullvisjonen er eit verdisyn som vi deler og som vi trur er viktig, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Karl Kristian Bekeng.

Den førre regjeringa utarbeida den ambisiøse planen som dagens regjering no har arva, men det var opposisjonen som tok til orde for behovet for handlingsplanen.

Bekeng legg ikkje skjul på at dei har hatt eit stort pandemifokus og at planen ikkje har vore hovudprioritet.

Karl Kristian Bekeng er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet

Karl Kristian Bekeng, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Esten Borgos, Borgos Foto AS

Ein NOU vil han ikkje lova, men lovar fokus på psykisk helse i tida framover.

– Når det gjeld ambisjonane og ynsket om midlar, så har denne regjeringa signalisert at vi ynskjer ein opptrappingsplan for psykisk helse som sjølvsagt også vil vera med på å førebyggja sjølvmord seier han og legg til at dei gjerne tek i mot innspel i arbeidet med planen.

AKTUELT NÅ